Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Riksvegen Hyllestad-Øn-Hellevik



Mot slutten av 1800-talet var det ønskje om eit ytre vegsamband mellom Øn i Hyllestad og Hellevik i Askvoll (no Fjaler). Det vart og arbeidd for å få eit vegsamband mellom Leirvik og Øn. I 1930-åra var planen å føra denne lina heilt ut til Laberg for å få ferjesamband med Solund, slik at Solund kunne knytast til fastlandet. Vegane kom, men ikkje ferjesambandet.

Biletet er frå veganlegget Hyllestad-Øn rundt 1959. Mykje av arbeidet vart gjort på dugnad. Både menn og kvinner var med. Biletet er teke i skjeringa i Selvika, med nokre frå dugnadsgjengen i arbeid. Vegparsellen var 10 km og knyta to bygder saman og gav mange gardar vegutløysing. Frå venstre ser vi Oskar Berge, Peder Stigrdal, Ragnvald Tonning, Kristian Berge, Godtfred Hatlem, Ingvald Sørensen og Ella Tonning.

Biletet er frå veganlegget Hyllestad-Øn rundt 1959. Mykje av arbeidet vart gjort på dugnad. Både menn og kvinner var med. Biletet er teke i skjeringa i Selvika, med nokre frå dugnadsgjengen i arbeid. Vegparsellen var 10 km og knyta to bygder saman og gav mange gardar vegutløysing. Frå venstre ser vi Oskar Berge, Peder Stigrdal, Ragnvald Tonning, Kristian Berge, Godtfred Hatlem, Ingvald Sørensen og Ella Tonning.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest.

Datering: 1959.

Fotograf: Ukjend.

Dei første vegane

Den første kjerrevegen som vart opparbeidd i dette området, var ein gammal veg mellom Leirvik og Staurdal. Frå Staurdal gjekk vegen over eidet til Hyllestad. Vegen vart bygd i åra 1876-82. I 1898 bygde Hans Hanson Horne og nokre andre veg mellom Øn kyrkje og kaia i Sørbøvåg. Motytinga skulle vera at Hyllestad kommune skulle fremja vegprosjektet Øn-Fjaler.

Øn-Hellevik i Fjaler

Frå Øn kyrkje gjekk det i 1900 ein rideveg til Vassenden ved Ramsgrøvatn. Der vart ein frakta med båt over vatnet og frå nordenden gjekk vegen vidare over Horne og inn i Fjaler til Hellevik. I 1908 var det opparbeidd ein 13,5 km lang veg mellom Hellevik og Øn. Vegen kosta 57 600 kroner. Halvdelen kom som statstilskot.

Vegarbeidet ville øydeleggja sildekasta

Mellom Øn og Hyllestad var det ingen veg. Men ønsket om å få veg var der. Men det var ikkje alltid like lett å få til vegbyggjinga. Lensmannen i Hyllestad, Ole Schjesvold, var sterkt i mot dette. Gjennom sine kontaktar med grunneigarane fekk han dei til ikkje å yta gratis grunn. Eit argument han nytta var at dei ville få øydelagt sildekasta av steinsprang frå anleggsarbeidet. Og slik vart det. Grunneigarane nekta både å avstå grunn og å gi tilskot til vegen. Det vert sagt at lensmannen i og for seg ikkje var nokon pådrivar i denne saka. Lensmannen var nøgd med det gamle. Det nye kosta pengar.

Øn-Hyllestad

I framlegget til vegplan for 1907 vart ikkje veg mellom Øn og Hyllestad teken med i dei 30 første åra. Vegen vart først sett opp i 1930. Øn-Hyllestad-Staurdal fekk i åra 1938-40 kr 38 000 i naudsmidlar. Summen vart delvis nytta til ombyggjing av den gamle bygdevegen mellom Hyllestad og Staurdal (5 km), og delvis til ny veg mellom Øn og Hyllestad, ei strekning på 9,2 km, kostnadsrekna til kr 600 000. Vegen var ferdig i 1960, og vart samstundes oppgradert til hovudveg.

Lavik-Laberg

Strekninga Hyllestad-Øn var ein del av den planlagde vegen til Laberg i Fjaler. Den første planen for ferjesamband mellom fastlandet og Solund var ferje frå Laberg til Leknessund i Solund, derifrå veg til Kalgraff og ferje over Ytre Steinsundet til Ytre Sula. Strekninga Lavik-Leirvik-Hyllestad-Øn-Laberg var planlagt som eit langsgåande samband i ytre Sogn. Fram til 1937 var det berre bygd nokre få bygdeveg-stubbar på heile strekninga. Sørbøvåg-Sellevoll var ferdig i 1924, men til Laberg kom det ikkje veg før på 1980-talet.

Endra kommunikasjonsmønster

Det kom aldri ferjesamband mellom Laberg og Leknessund i Solund. Kommunikasjonsmønsteret endra seg og planen om veg mellom Hardbakke og Krakhella kan ha endra synet på kvar ferjesambandet til fastlandet skulle gå. Solund fekk ferjesamband mellom Krakhella og Rysjedalsvika i 1972.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896. Kristiania 1899.
Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Del II, Kristiania 1901.
Indstilling fra Trafikplankomitéen av 1919. Bergen 1921.
Bakke, D. O.: Fjaler i gamle dagar. Fjaler Sogelag 1948.
Nagell, Otto: Det norske veivesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd III, Oslo 1950.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958.
Førsund, Finn B.: Transport mellom fjordar. Firda Billag 1920-1995. A.s. Verbum Grafiske 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR