Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 15. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Løparkongen Mensen Ernst



Mensen Ernst, eller Mons Monsen Øyri (1795-1843), var ein husmannsgut frå Fresvik som har vorte kalla løparkongen og den største langdistanseløparen gjennom alle tider.

Einaste biletet av Mensen Ernst, Mons Monsen Øyri, frå Fresvik.<i>"Den største langdistanseløparen gjennom alle tider"</i>. Han levde av å springa, var ein såkalla <i>"pedestrian"</i>.

Einaste biletet av Mensen Ernst, Mons Monsen Øyri, frå Fresvik."Den største langdistanseløparen gjennom alle tider". Han levde av å springa, var ein såkalla "pedestrian".

Eigar: Bredo Berntsen.

Datering: 1815-20.

Kjend utanlands

Mensen Ernst kan ha vore den fyrste norske profesjonelle idrettsutøvaren. Han levde av å springa og hadde oppdrag for kongar og dronningar. Han var truleg ein av dei mest kjende nordmenn ute i Europa i fyrste halvdel av 1800-talet. Mensen Ernst vart ofte omtala i utanlandske aviser.

Bakgrunn

Mons vart fødd i Fresvik i 1795 av foreldre Mari Arnfinnsdtr. Hovland og Mons Botolvsen Øren. Mons vart konfirmert i Rinde stavkyrkje i Feios i 1810. Han reiste tidleg til Bergen. Der var han berre ei kort tid før han vart sjømann. Det einaste biletet av han, viser han som styrmann med sekstant i hendene. Mensen Ernst var aldri heimatt til Fresvik etter at han reiste frå bygda til Bergen som ung mann.

Karrieren som løpar

Den fyrste konkurransen han var med på, var i Sør Afrika i 1813. Truleg oppdaga han sitt talent då. I 1818 kom Mensen Ernst til London der han starta sin karriere som "pedestrian", ein løpar som sprang lange distansar mot betaling. Karrieren kom til å vara i 25 år.
Hans fyrste viktige løp var frå London til Portmouth, dei 116 km skal han ha sprunge på 9 timar.
Snart spreidde ryktet seg om løparen frå Noreg som sprang frå by til by. Med sans for reklame og forretning, gjorde han løpinga til eit yrke. I 1832 skal Mensen Ernst ha sprunge frå Paris til Moskva på 15 dagar, ein distanse på 2500 km, eller meir enn 170 km pr. dag! Mensen Ernst tente 3800 franc på dette løpet, då ein svensk diplomat hadde sett opp eit veddemål.

Døydde i Egypt

I 1842 fekk Mensen Ernst i oppdrag av ein kjend tysk adelsmann å finna Nilen sine kjelder. Frå Kairo gjekk turen sørover langs Nilen, men på undervegs fekk han dysenteri og døydde 22. januar 1843. Eit merkverdig menneske og vidkjend sogning fekk dermed ei grav i sanden i Egypt.

Mytar

Mensen Ernst levde eit omflakkande tilvære, og han hadde ein nøktern livsstil. Maten skal for det meste ha vore brød, ost, grønsaker og noko kaldt kjøt, sjeldan varm mat. Han sov for det meste ute, eller inne på ein hard benk. Det er hevda at hans sette pris på vin. På løpeturane opplevde Mensen Ernst mykje. Han skal ha blitt overfalle av røvarar, arrestert som spion og mykje anna.

Kan det vera rett at Mensen Ernst sprang frå Paris til Moskva på 15 dagar? Truleg ikkje, dette løpet er heller ikkje dokumentert i samtidige kjelder. Men dei andre løpa vart omtalte i aviser, noko som kan tyde på opplysningane om Mensen Ernst er nokolunde rette. At han var ein storløpar er det liten tvil om. Han var og truleg viden kjend kring om i Europa.

Minnestein

I Fresvik står det ein minnestein over Mensen Ernst. Steinen vart avduka i 1987, og det var Modig IL i Fresvik som fekk reist minnesteinen ved idrettsanlegget. Inskripsjonen er: Til minne om løparkongen Mensen Ernst (Mons Monson Øyri) frå Fresvik 1795-1843.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Berntsen, Bredo: Løperkongen. Grøndahl 1986.
Berntsen, Bredo: Mensen Ernst 1795-1843 - fresvikingen som ble løperkonge. I Pridlao, nr. 1, 1998. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR