Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. februar 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grunnlovsjubileum 2014 - 17. mai-feiring i Førde 1869



Året 1814 har stor plass i Noregssoga. Stikkord er: Kielfreden, unionen med Danmark oppløyst, notabelmøtet på Eidsvoll, Riksforsamlinga på Eidsvoll, grunnlovsdagen 17. mai, eigen norsk konge (i fem månader), krig med Sverige, konvensjonen i Moss, union med Sverige. Viktigast var Grunnlova. – Etter kvart vart 17. mai feira som nasjonaldag. I Førde heldt dei 17. mai-fest i 1869.

<p>Riksforsamlinga p&aring; Eidsvoll 1814, s&aelig;rfrimerke til jubileums&aring;ret 1914. &nbsp;</p>

Riksforsamlinga på Eidsvoll 1814, særfrimerke til jubileumsåret 1914.  

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå 1869

I desember 1966 hadde Firda Folkeblad ein artikkel med overskrifta Kristian Elster og Andreas Aabel i Førde for hundre år sidan. Den eine var diktar, den andre distriktslækjar. Artikkelforfattaren ”K.G” (Kristian Ulltang, 1891-1979) trur det var desse to som skipa til den første 17.mai-feiringa i Førde. Han byggjer på to kjelder, skrivne papir etter Elster og ei avhandling om diktaren Kristian Elster d.e.

Første 17. mai-tale

Andreas Aabel (1830-1901) kom til Førde som distriktslækjar i 1864. Han var musikalsk og hadde diktarevne. Kristian Elster d.e. (1841-1881) kom til Førde som tolvåring i 1853 då far hans vart sorenskrivar i Sunnfjord. Ulltang skriv at det kan sjå ut til at det var Aabel og Elster som stod føre 17. mai-programmet i 1869. ”Festen var vel besøkt. Det var taler og sang.” Ulltang gjev att eit stykke frå ein av talane: 

”Vi hadde ikke vore bedste dager i samlaget med Danmark [1380-1814], thi det er vanmagtens tid. Den begyndte med at vore største, freidigste seil gik under, og den endte med at vi blev avhendet til et andet land [Sverige]. Det er natten i vor historie, og da vi blev vakt igjen, hadde vi faatt et fremmed islet, som nu koster strid og møie at faa ut igjen – saavidt et sligt slappe [ei slik forsøming] i det dobbelte vagthold, som ethvert folk, der skal leve, aldrig maa sovne fra, nemlig agten for og verget om fedrenes arv paa den ene side og det aabne utsyn mot verdenslivets store strømdrag paa den anden. Vi bød selv frem de haker vi bandtes i.

Samfundet [tilknytninga] med det gamle var begyndt at løsne, forholdet til det nye var mest bare lysten til at pynte sig med fremmed fjær. Saa maa det glæde os, at det folk vi kom i samlag med [Danmark], og som kulturen kom til os igjennem, var saa lyst i tanken, saa fint i følelsen, saa friskt i fantasien og saa sterkt i striden, og det skal mindes, at vi fik mangt et frøkorn derfra, som blev til sand væxt i os. Vi kan ikke haabe bedre, end at vi maa komme til at arbeide med ligesaa store tanker og fagre syner i vedensaandens virke, som de, og at vi maa staa med det samme taalmod i prøvens stund, som jyden stod på Dybbøl Skanse [1864, mot prøysiske styrkar].

Og nu da vi har faaat syn, for at det gjælder at være sig selv [fullt nasjonalt sjølvstende], da vi bedre end før skjønner baade frændskabet og forskjellen mellem dem og os, nu kan vi des tryggere takke for det gode, som er vugget til os fra landet, som ”løfter sig blødt op av voven”, og vi skal ikke blyges for at sige, at mangt av det som gav os evne til at reise os saa freidigt som vi gjorde, fik vi av dem, og at de derfor har rett til at mindes paa denne dag.”

Men vart det fleire 17. mai-festar i Førde? Ulltang finn det ”rimeleg” at når dei først tok til å feira 17. mai i Førde i 1869, så vart det ikkje med denne eine gongen, i alle høve ikkje så lenge Aabel var i bygda. Aabel flytte til Valdres i 1876. Elster takka for seg rundt 1870, men hadde sterk tilknytning til Førde, mellom anna gjennom ekteskap med Sanna, fødd Fasting, dotter til sokneprst Fasting i Førde. Dei ligg begge gravlagde i Førde.

Song til 17. mai av Elster

Kristian Elster d.e. tok til å skriva i blad og tidsskrift alt i 20-årsalderen, og skreiv seinare fleire bøker. Han skreiv også litt i bunden form, til dømes ein avskildssong til Førde og ein song som går på kampen for nasjonalt sjølvstende. Den sistnemnde var tidlegare med i songbøker, og var kan henda skriven til 17. mai 1869. Dei to siste versa er som følgjer:

Ned med alt, som har oss dåret
og har skjæmt vort hjem.
Op med alt, som har os båret
og oss bære skal til seier frem.

Ud at seile, ud at seile,
nu det er seilertid.
Norges vår, det kan ei feile,
seiler ret nu hid.

Song til 17. mai av Aabel

Kristian Ulltang fortel at Andreas Aabel hadde ”diktargivnad” og at han for det meste skreiv ”leilighetsdikt”, dikt eller song til eit bestemt høve. Såleis skreiv han eit dikt i høve ein aksjon for å skaffa pengar til ei jubileumsgåve til Island då landet i 1872 høgtida 900-årsjubileum, og, som Elster, skreiv Aabel ein song til 17. mai, til grunnlovsdagen i 1873. Men det var mange år før, i 1851, at han skreiv sin ”livssang”, den velkjende og ofte brukte Se Norges blomsterdal.  

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ulltang, Kristian: Kristian Elster og Anderas Aabel i Førde for hundre år sidan. I Firda Folkeblad. 22.12.1966.
Norsk biografisk leksikon. Bind III. 1926. 

PERMANENT IDENTIFIKATOR