Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. februar 2014

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Grunnlovsjubileum 2014 – Nokre 17. mai-minne



Jens Arup Seip (1905-1992) har kalla året 1814 for et annuum mirabilis. «Og han har rett», skriv» skriv Knut Mykland, «1814 var et miraklenes år i norsk historie. I dette miraklenes år står den 17. mai som den store merkedagen.» I 2014 er 17. mai nasjonal festdag, men slik har det ikkje alltid vore. I denne artikkelen fortel lærar Wilhelm Kvalheim (1877-1949) om 17. høgtiding slik han hugsar det.

Biletet er teke 17. mai 1913 og viser driftsleiinga og arbeidarane ved Moldøen Canning Co, samla framfor fana si. Biletet er teke før hovudprosesjonen på grunnlovsdagen starta frå Gotteberg. Biletet stod i Fjordenes Tidende 31.1.1975. (Jul i Nordfjord 1978)

Biletet er teke 17. mai 1913 og viser driftsleiinga og arbeidarane ved Moldøen Canning Co, samla framfor fana si. Biletet er teke før hovudprosesjonen på grunnlovsdagen starta frå Gotteberg. Biletet stod i Fjordenes Tidende 31.1.1975. (Jul i Nordfjord 1978)

Eigar: Jul i Nordfjord

Datering: 1913

Fotograf: Sefland

Rundt århundreskiftet 1800/1900

Wilhelm Kvalheim, vart fødd og voks opp på Nord-Vågsøy (Røysa, eller no Raudeberg), tok eksamen ved lærarskulen på Stord i 1897. I åra 1897-1908 var han lærar i Selje, Davik og Florø. Kvalheim fortel om 17. mai-minne frå barndomsbygda, frå bygdene Nordstranda og Drage i Selje, frå Rugsund i Davik og frå ladestaden Florø. Kvalheim skreiv stykket like etter krigen 1940-1945. (Han døydde 1949). Stykket stod i Jul i Nordfjord (1978), men var kome inn lenge før. Juleheftet illustrerte artikkelen med to eldre 17. mai-foto frå Måløy. Mellomtitalane og hakeparantesar er sette inn her.

Raudeberg – «vanleg yrkedag i midt i vinna»

I mi heimbygd, på Nord-Vågsøy [kyrkjesokn i Selje til 1910], vart 17. mai fyrste gongen høgtida ved eit møte i skulehuset på Røysa [Raudeberg] i 1889, (…). Det var ikkje tale om folketog. Der var ingen veg til det, berre trakka gangstigar gjennom bygda. På den vesle veggtavla var utspent eit lite unionsflagg (Stortinget hadde ikkje gjort noko flaggvedtak den gongen), og visstnok ein mjølbærkrans. Dei tre lærarane på Nord-Vågsøy tala, fortalde Noregssoge og tala om fars og mors kjærleik og fedrelandselsk. Vi skuleborna song fedrelandssongen ut av leseboka. Onnor songbok hadde vi ikkje. Mange vaksne var frammøtte, endå det var yrkedag og midt i vinna, så skulestova var fullsett. Alle tykte det hadde vore ein gild dag. Og mange spurde året etter om ein ikkje skulle gjere det opp att. Men det gjekk nokre år før høgtidinga av 17.mai vart årviss. Dette er mitt fyrste 17. mai-minne.

Florø – «med kvar sitt flagg»

Så kom flaggstriden. Og då hende det i byane at Høgre og Venstre (einaste partia då) gjekk i kvar sitt tog, og med kvar sitt flagg. I 1895 var eg med på 17. mai i Florø, der eg gjekk på amtsskulen. Då gjekk Høgre og Venstre i eitt tog. Høgrefolket gjekk på høgre sida av vegen under unionsflagget, og vinstrefolk på vinstre sida under reint flagg. Men der var då eitt tog. Peder Svendsen heldt ei framifrå tale frå sjukehustroppa. Og sidan var det folkefest i Sjukehuset med dans. (Vårsildfondets sjukehus stod nemleg tomt utanfor vinterfisket, og då var det nytta til turn- og festlokale.)

Drage og Nordstranda – «fyrste 17. mai-gudstenesta i Nordfjord»

På Drage hadde lærar Samuel Lødemel samla ungdomen i 1880-åra til 17. mai-høgtid. Og då eg kom som lærar til Nordstardanda på Stad [1897] og hadde skipa songkor og ungdomslag, fekk denne bygda for fyrste gong sin 17.mai-fest [1898], med tog av ungdomslaget og skuleborna til Kongshaugen [på Dragseidet], der vi møttest med dei frå Drage, og hadde talar og korsong der oppe. Og sidan fest i skulehusa på begge sider av Dragseidet.

Men året etter – 1899 – gjorde vi store førebuingar. Både ungdomslaget og skuleborna hadde fått fane. Og dertil hadde vi trommer. Så fekk vi kapellanen i Selje, Karl Lunde, til å halda 17. mai-gudsteneste i Leikong-kyrkja [Leikanger kyrkje]. Vi hadde fått prenta fedrelandssalmen, og selde han for eitt øre stykket utanfor kyrkja. Og eg skal seie han vart sungen med klem, både av gamle og unge.

Dette var fyrste 17.mai-gudstenesta i Nordfjord, og fyrste gonge fedrelandssalmen var sungen i ei Nordfjord-kyrkje.

Rugsund – «tolv færingar med flagg og bjørkelauv»

I 1902 var eg lærar i Rugsund. Der hadde dei heller ikkje halde 17. mai. Men vi hadde eit songkor. Og så var Gabriel Sølvberg handelsmann der. Og han var ein flink arrangør. Heller ikkje der var veg gjennom bygda. Men vi pryda tolv færingar med flagg og bjørkelauv, og så rodde båtane i rekkje rundt vika med festkledde ungdomar og skuleborn. Deretter gjekk vi på land på Storøya, som det er eit slag veg ikring, og gjekk tog der. Så var der taler og song. Deretter kapproing og sidan fest i Wiese-huset, med solosong og korsong, og til slutt rakettar frå Haugland.

Oppsummering

Såleis har høgtidinga av 17. mai breidt seg, serleg ved tiltak frå lærarar og ungdomslag. Eldre og alvorlege folk såg frå fyrst av med motvilje på alt styret og ståket, og at arbeidsdagar vart bortkasta i vårvinna. Men det retta seg. Særleg etter at ein byrja med 17.mai-gudstenester. Og når vi har hatt og har såpass av fedrelandskjensle – og dei fleste norske reagerte sunt og sterkt i okkupasjonsåra [1940-1945] – skal og 17. mai-høgtidinga ha sin store lut av æra. For talane og songane og sjølve dagen sitt merke etter seg i folkehugen.

Dermed har vi også ansvaret for at tradisjonen vert halden ved lag, og at dagen vert nytta slik at fedrelandselsken og vår nasjonale samkjensle og ansvarskjensle vert styrkt hos ættene som kjem.

kjelder:

Jul i Nordfjord. 1978
Jor, Finn (red.): 17. mai. Cappelen 1980.