Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vik hermetikkfabrikk - Sardinen



Vik Hermetikkfabrikk starta i 1920 og var i drift til 1966. Sysselsettinga kunne vera opp mot 60 personar i sesongen.

Vik Hermetikkfabrikk med arbeidsstokken oppstilt framfor bygningane. Både born, kvinner og menn fekk arbeid i sesongen. Her er ca. 50 personar på biletet. Det var helst folk frå Vikøyri som fekk arbeid på hermetikkfabrikken, dei likte ikkje at "bygdarar" fekk arbeida der.

Vik Hermetikkfabrikk med arbeidsstokken oppstilt framfor bygningane. Både born, kvinner og menn fekk arbeid i sesongen. Her er ca. 50 personar på biletet. Det var helst folk frå Vikøyri som fekk arbeid på hermetikkfabrikken, dei likte ikkje at "bygdarar" fekk arbeida der.

Eigar: Fylkesarkivet. SFF 87001.0024

Datering: 1920-30

Fotograf: O. P. Fosse.

Kva slags fabrikk?

Det var firmaet Jæger Sardine Factories LTD i Stavanger som bygde Vik Hermetikkfabrikk, i daglegtale kalla Sardinen. Produktet skulle fyrst og fremst vera sardiner i boks, men der skulle og vera "nedlegging" av frukt, samt framstilling av saft og syltetøy. Denne bedrifta gav arbeid til 60-70 personar i sesongen som var frå mai til september.
Sysselsetjinga var viktig for mange som gjekk arbeidsledige om vinteren. Heile bygda livna når fabrikken byrja om våren, det vart pengar å tena og lønning kvar veke. Det var arbeid for både kvinner og menn, også til born, heilt ned i 10-11 års alderen. Fyrst og fremst var det øyringar som arbeidde på fabrikken.

Drifta av fabrikken

Sjølve fabrikken var bygd som sju samanhengande einetasjers bygningar med ny stor kai framfor fabrikken. Fabrikken var sett opp med 10 røykomnar. Kvar bygning var skilt frå kvarandre med glasvegger. Fabrikken disponerte og ein hurtiggåande motorbåt.
Men det vart lite brisling å få tak i dei fyrste åra. Fabrikken gjekk konkurs, og vart kjøpt av Central Canning Co. A/S i Stavanger hausten 1922. Central Canning kjøpte og eige notbruk for å sikra tilgangen på råstoff. Fabrikken gjekk godt framover mot krigen, og det var god tilgang på råstoff og arbeidskraft. Etter krigen vart det verre å få tak i arbeidarar I 1966 var det slutt ved fabrikken, og han vart seld til Vik kommune. Vik Verk var under oppbygging, og kommunen ynskte hand om fabrikken og området til eventuell utviding av Vik Verk.

Samlingsstad

Sardinen var ein sentral plass i bygda den tid fabrikken vart driven. Den var samlingsstad. Bading og dans om laurdagane høyrde med. Då var det ofte stor stemning, serleg når alle snurparane var til stades på dansane.

Arbeidsplass med ringverknader

Råstoffet til fabrikken var brisling og mussa. Snurparar frå Hordaland og Sogn deltok i fisket, og heile bukta kunne liggja full av båtar. Det var og båtar frå Vik med, bl.a. Garvarlaget og Vetløyrlaget. Familien Pettersen hadde båtar som dei henta brislingen med og frakta han til fabrikken.
Elles hadde bøndene og litt fordelar av fabrikken. Dei avkappa fiskehovuda nytta bøndene anten til gjødsel eller dei ga det som for til grisene.
Arne Sandvoll fortel at han hadde 36 øre timen på slutten av 30-talet. Med 10-12 timars dag, og ein del overtid, vart det ei bra inntekt på den tid. Jens Sæbø fortalde at det var ein god arbeidsplass. Vel kunne det vera litt røyk, då pipene drog dårleg og røyken slo ned att. "Då var det ut på kaien, hosta og skrya, og innatt og arbeida vidare."
Fabrikkbygningane brann ned i 1972, og i 2000 er det Røyrvik Bygg & Betong AS som held til på tomta der Vik Hermetikkfabrikk låg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sæbø, Arne Inge: Vik Hermetikkfabrikk. I Pridlao, Nr 3, 1990. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Munnleg informasjon frå:
Arne Sandvoll, f. 1923, Vik i Sogn.
Jens Sæbø (1914-1994), Vik i Sogn.
Haaland, Anders: Fiskehermetikkfabrikker i Sogn - en lite påaktet del av det lokale næringsliv. I Årbok for Sogn 1983. Sogndal 1983.

PERMANENT IDENTIFIKATOR