Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 07. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Gamlevegen mellom Rimstad og Berstad



Mellom gardane Rimstad og Berstad gjekk det i gammal tid ein veg. Denne har vore nytta både av pilgrimar, postførarar og bygdefolk. Det er mange synlege spor etter vegen. I 1991 vart det skipa til ein marsj langs den gamle postruta både frå Selje og Bryggja-sida.

Frå vegen ovanfor Eide i Selje ser ein over til Berstad med oppstigninga mot Berstadeidet.

Frå vegen ovanfor Eide i Selje ser ein over til Berstad med oppstigninga mot Berstadeidet.

Eigar: I Årbok for Nordfjord 1991.

Datering: 1991.

Fotograf: P. Eide.

Ny rute i 1820-åra

Frå gamalt av gjekk postruta mellom Bergen og Trondheim over Utvik. Selje og dei ytre delane av Nordfjord låg utanom ruta. I 1820 vart det oppretta ei forlenga rute utover fjorden slik at Selje òg kunne koma med. Denne ruta gjekk over Rimstaddalen som truleg er gammal pilgrimsveg. Seinare då dampbåtane kom, fekk dette innverknad på postrutene. Posten gjekk etter kvart meir og meir sjøvegen. Dei gamle postvegane i indre strok vart mindre nytta. Postrutene måtte etter kvart også tena vanlege folk i større grad, ikkje berre embetsverket.

Mellom Berstad og Rimstad

Over Eidet mellom gardane Berstad i Moldefjorden og Rimstad i Rimstaddalen har det vore gammal veg. Frå ledet ved Berstad og opp mot vatnet går vegen for det meste på nakne svadberg. Der det var myr eller jord mellom bergknausane, vart det lagt ned store steinheller slik at vegen skulle vera tørr og fast å gå på både for hestar og folk. Langs nordsida av vatnet er det òg lagt ned mykje arbeid med å rydda og jamna mellom steinurene. Frå vatnet og opp mot Løypinga er vegen skoren inn i bakken om lag eit par alen brei som var minstemål for ridevegar i eldre tid. Innover eidet mot Rimstad finn ein mange stader spor etter bruer og opparbeid veg. Særleg er dette godt synleg ved Vaulevatnet. Spora vitnar i det heile om at i eldre tid var dette ein veg det vart lagt mykje arbeid i å halda i bra stand.

Bilete av mann som spelar trompet på Løypinga.

Ikkje motorbåt eller bil

I 1920-åra var Francis Bull og Sigrid Undset på veg til klosteret i Selje. Dei ville ikkje koma durande til Selje i motorbåt eller bil. Dei tok av på Bryggja og tok den gamle vegen over Berstadeidet. Den første postruta i ytre Nordfjord kom etter kongeleg resolusjon av 2. desember 1823 og med Eide i Selje som einaste postopneri. Første postopnar var Lars Hansson Eide.

I vintrar med mykje snø måtte det vera eit slit å ta seg fram. I 1842 søkjer Lars Hansson Eide om å få auka godtgjersla for postberinga frå 36 til 60 skilling for mila. Dette gjekk heradsstyret inn for. Samstundes understreka dei at vegen over Eidet måtte setjast i betre stand. Det var ulike personar som gjekk med posten. Ofte var det karar frå Sammeltunet i Rimstad. Etter kvart vart det tilsett eigne postførarar som gjekk i uniform og med sabel og posthorn over aksla.

Postførar Jacob Pisani

Det går enno gjetord om Jakob August Pisani som i fleire år kring 1860 var postførar på rute Ålesund - Vanylven - Eide - Bryggja - Utvik. Han var av italiensk herkomst og stor og sterk med breidt skjegg. Fram under Lemmane på nordsida av Berstadvatnet er det ei god kjelde som er open heile året. Her er det godt vatn. Folket på Berstad kallar denne for Pisanibekken den dag i dag. På Øyra er det ei hustuft som vert kalla Pisanitufta. Her stod det ei stove som han overnatta i når det høvde seg slik. Om lag i bytet mellom Berstad og Rimstad veks det villfuru. Her ligg Futemyra. Opphavet til namnet skal vera at ein av danskefutane reid seg fast her.Ved jubileet for Bryggja postkontor i 1991 vart det skipa til ein marsj langs den gamle postruta både frå Selje og Bryggja-sida.

Bilete av eit par, Rolf og Irene Pasani, som er i ferd med å leska seg i Pisanibekken.

Bilete av folk på vandring frå Rimstad mot Berstad i 1991.

Dalenausta på Totland

Folk frå Rimstad hadde frå gammalt av nausta sine på garden indre Totland der dei hadde rett til å tjora hestane sine når dei nytta nausta og båtane. Bak Dalenausta er det ei kvie med namnet Naustkvia der hestane gjekk og beita medan eigarane var ute i båt. Den gamle vegen frå Rimstad og ned til sjøen gjekk då ned Rimstaddalen og over dei flate markene på Totland. Då handelsstaden på Bryggja kom, vart vegen herifrå lagt over Åsen, vidare ned i Langedalen og i kupert lende fram til stigningane ved Runnshaug. Det er god grunn til å tru at pilgrimane som kom sjøvegen i eldre tid, sette i land ved Dalenausta og tok så den gamle vegen opp gjennom Rimstaddalen. Frå gammalt av vert det òg fortalt at unggutar frå Bryggja gjekk til kyrkje i Selje langs denne vegen, og fleire fann seg ektemakar på det viset.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Årbok for Nordfjord 1991.

PERMANENT IDENTIFIKATOR