Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. august 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Wiesehuset på Dombestein



Garden Dombestein ligg på sørsida av Nordfjorden mellom Davik og Isane i Davik prestegjeld. Fornfunn syner at her har budd folk svært langt attende i tida. I 1850-åra vart garden gjort til eit sentrum i dåverande Davik kommune med både handel og gjestgiveri, post og dampskipsstoppestad. I våre dagar står Wiesehuset att og minner om kva posisjon Dombestein i si tid hadde.

Wiesehuset, slik det såg ut sommaren 2002.

Wiesehuset, slik det såg ut sommaren 2002.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Planar om handelsstad

I Davik kommune var det to handelsstader som var dominerande, nemleg Rugsund og Bryggja. Men etter kvart kom det handel og gjestgiveri også andre stader i kommunen. 1. juni 1838 søkte Jørgen Martinussen Dombestein kommunestyret om løyve til å driva som kremmar og gjestgjevar på Dombestein, men fekk avslag då det vart hevda at dei to eksisterande handelsstadene var nok til å forsyna området med dei nødvendige varene. Året etter søkte Ola Olsen Indre-Isane om løyve til å driva gjestgiveri på Isane, men heller ikkje dette vart godkjent av kommunestyret.
I 1841 søkte Jørgen Dombestein på ny om løyve til å driva handel og gjestgiveri, og denne gongen tilrådde kommunstyret søknaden. Men han skulle ikkje få løyve til å skjenka brennevin. Kommunestyret meinte at ein handels- og gjestgjevarstad på Dombestein ville ligga gunstig til i høve til Eidfjorden og Gloppefjorden. Her sigla mange folk frå dei indre bygdene i Nordfjord forbi som skulle på fiske ved Vågsøy og Bremanger, eller skulle heilt til Bergen med varer. Men det ser ikkje ut til at Jørgen Dombestein dreiv noko handel og gjestgiveri av betydning for i folketeljinga for 1845 er ingen nemnt som handelsmann på Dombestein.

Handelen tek til

I 1847 søkte snikkar Halvor Bøe om løyve til å driva handel og gjestgiveri på Dombestein. Søknaden vart tilrådd og Bø bygde eit stort våningshus der han kunne driva både med handel og gjestgiveri. Bø satsa nok meir enn han hadde kapital til og gjekk etter ei tid konkurs, og i 1857 søkte J. C. Wiese om å driva handel og gjestgiveri på Dombestein. Søknaden hans vart tilrådd og han overtok huset som Bø hadde bygt og dreiv verksemda si der.
I folketeljinga frå 1865 finn me Johan C. Wiese som handelsmann på Dombestein. Han var då 63 år gammal og enkemann. Ei dotter og to søner budde framleis heime, og dei hadde ei tenestejente.
I den samme folketeljinga finn me også Knut Jørgensen Dombestein. Han er nemnt som "frihandler", 32 år og ugift. I 1873 søkte han om rett til å selja øl og vin, men søknaden vart ikkje tilrådd. Same året søkte også Isak Seim om same type løyve. Kommunestyret tilrådde søknaden hans, men futen gav han avslag.

P. C. Wiese flytta til Rugsund

I 1874 var det berre tre gjestgjevarar i Davik kommune som hadde skjenkeløyve for øl og vin. Desse var handelsmannen i Rugsund, handelsmannen på Bryggja og handelsmann Wiese på Dombestein. I tillegg hadde fire andre løyst handelsbrev.
Johan C. Wiese døydde i 1876 og det var sonen Petter C. Wiese som overtok drifta av handelsstaden. Han fekk i 1877 løyve til å driva med handel og gjestgiveri på Dombestein. Wiese dreiv verksemda her fram til om lag 1892. I 1893 var han busett i Rugsund og prøvde å få gjort skjenkeløyvet sitt gjeldande der, men fekk avslag. Etter dette ser det ikkje ut for at det vart drive handel lenger på Dombestein.

Rutebåtstoppestad og postopneri

Då Fylkesbaatane starta sine faste ruter mellom Nordfjord og Bergen i 1858 vart Dombestein med i rutene som stjernestopp* på sørgåande. - Stjernestopp er stader der rutebåten berre er innom dersom det er folk eller last som skal til eller frå staden. - Men to år etter hadde Davik overteke som stoppestad for området. Kring 1890 vart Dombestein teken opp att som stjernestopp. Staden var sidan med som stoppestad for lokalrutene i Nordfjord heilt fram til 1968. Då hadde staden fått vegsamband.
Då det skulle skipast postopneri for sørsida i Davik stod valet mellom Davik og Dombestein. 1. november 1858 vart det opna postopneri i Davik med sokneprest Meyer som postopnar. På Dombestein måtte dei venta til 1. april 1887 før dei fekk postopneri. Landhandlar Petter C. Wiese vart postopnar. Postopneriet vart lagt ned 30. september 1895, etter at Wiese hadde flytta frå staden og lagt ned verksemda si som handelsmann og gjestgjevar.
5. mai 1931 vart det oppretta eit brevhus på Dombestein, som ved nedlegginga i 1968 hadde postnummer 6733 Dombestein. Den fyrste styraren for brevhuset vart gardbrukar og landpostbod Kr. Elvebakke. I 1968 var det slutt for brevhuset og same året hadde Dombestein også mista båtrutesambandet sitt.

Eigd av familien Seime

I 1898 kjøpte Anders Korneliussen Seime frå Breim eigedommane til Petter C. Wiese på Dombestein. Seime dreiv som gardbrukar og snikkar. Bruk nr. 4 under garden Dombestein har sidan vore i familien Seime si eige.
Willy Iversen frå Bergen fortel at han under krigen vart sendt til Dombestein. Ei rekkje born frå Bergen vart på denne tida plassert i tryggare omgivnader på landet. Iversen har sidan undra seg over at ein så liten gard hadde eit så stort våningshus og spurde Fylkesarkivet om me visste kvifor. Han visste ikkje at staden hadde vore handelsstad og at det hadde vore gjestgiveri der, men han visste at det vert kalla Wiesehuset. Takka vera Iversen sine spørsmål sette artikkelforfattaren i gang med å samla inn kjeldemateriale om garden Dombestein. Noko som sidan førte til at denne artikkelen vart skriven.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaland, Jacob: Nordfjord - Frå gamle dagar til no - II. Dei einskilde Bygder - 4. Davik. R. Søreides prenteverk. Sandane 1939.
Aardalsbakke, H., m.fl.: Davik herad 1837-1937. R. Søreides prenteverk. Sandane 1936.
Førsund, Finn B.: Dampen og kaia - Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Selja forlag. Førde 1998.
Postmuseet: Poststeder - en historisk oversikt.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Databasar. Manntal, folketeljingar og kyrkjebøker.
Arkivverket Digitalarkivet: Databasar. Manntal, folketeljingar og kyrkjebøker.

PERMANENT IDENTIFIKATOR