Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hove steinkyrkje



Få bygder i Noreg har både ei stavkyrkje, ei steinkyrkje og ei nyare kyrkje slik som i Vik. Historia om steinkyrkja er like dramatisk som den om stavkyrkja. Kyrkja skulle rivast og steinen ho var bygd av skulle seljast. Peter Andreas Blix klarte å hindra riving .

Kyrkja på Hove er truleg den eldste steinkyrkja i fylket, og ei av dei eldste i landet. Historikarar meiner ho vart bygd av ein stormann som tilhøyrde det aller øvste sjiktet innan det norske aristokratiet. Kven han var, veit ein ikkje, men han heldt til på det eldste maktsenteret i Vik, og fekk bygt Hove steinkyrkje som si private gardskyrkje.

Kyrkja på Hove er truleg den eldste steinkyrkja i fylket, og ei av dei eldste i landet. Historikarar meiner ho vart bygd av ein stormann som tilhøyrde det aller øvste sjiktet innan det norske aristokratiet. Kven han var, veit ein ikkje, men han heldt til på det eldste maktsenteret i Vik, og fekk bygt Hove steinkyrkje som si private gardskyrkje.

Eigar: Scandion.

Datering: 2001.

Fotograf: FSF.

Blix kjøpte kyrkja

I 1880 leia Peter Andreas Blix restaureringa av Håkonshallen i Bergen. Til dette arbeidet trengde han kleberstein, og han sette inn ein annonse om kjøp av slik stein. Han fekk då tilbod frå Vik om kjøp av ferdighogd kleberstein. Dette vekte mistanke hjå Blix om at steinen kunne skriva seg frå ei mellomalderkyrkje.
Blix sine mistankar var rette. Leverandøren var ein byggmeister i Vik som hadde kjøpt kyrkja for 400 kr. Blix klarte å hindra at kyrkja vart riven, men han fekk ikkje kommunen til å ta vare på kyrkja. Det heile enda med at Blix kjøpte kyrkja for eigne pengar i 1880, og han fekk restaurert kyrkja i åra 1883-88.

Restaurering

Blix sitt mål var å føra steinkyrkja attende til den opphavlege utsjånaden. Han stilte strenge handverksmessige krav. Kleberstein til reparering av murane og komplettering av vindauge og portalar vart henta frå gamle klebersteinbrot i kommunen.
Som på Hopperstad stavkyrkje fjerna Blix alt inventar som ikkje var frå mellomalderen, og la til grunn korleis han trudde og meinte ei mellomalderkyrkje skulle vera. Han fekk målt mellomaldermønster på veggene, sett inn smijernslysekroner i taket og vindaugo fekk glasmåleri.
Utvendig bygde Blix opp eit stort steintårn på den gamle tårnfoten, der det før hadde stått eit tretårn frå 1600-talet. Det er usikkert om kyrkja hadde tårn frå gamalt av. Kanskje har taket over skipet halde fram i same høgd innover tårnfoten.

Ulik kvalitet

Studerer ein murararbeidet, vil ein oppdaga at koret med den halvsirkelforma apsisen (altarrom) er murararbeid av høgste kvalitet. Materialet er kleberstein, og blokkene sluttar seg saman så tett at det ikkje er behov for kalk i fugene. Denne delen må ha vore bygd fyrst, og arbeidet er utført av fagfolk, truleg frå Bergen. Av økonomiske årsaker vart kanskje resten bygd simplare, og truleg var det bygdehandverkarar som overtok arbeidet. Reduksjonen i kvalitet frå aust mot vest er karakteristisk for kyrkja.

Interiør

Av interiøret er det Hovemadonnaen frå midten av 1200-talet som er best kjend. Den er skoren i eiketre. Skulpturen vert rekna som ein av dei finaste mellomalder-skulpturar i Skandinavia. Figuren er truleg laga i Bergen, og er no på Bergen Museum. Elles var interiøret opphavleg svært enkelt. Blix fekk malt på veggene, hengde opp smijernslysekroner i taket og vindaugo fekk glasmaleri.

Blix gravlagd i kyrkja

Peter Andreas Blix, som kjøpte Hove-kyrkja for eigne midlar, døydde i 1901, og vart gravlagd under golvet i Hove-kyrkja. Med full rett står det på gravstaden "Av Kiærlighed Til Kunsten Han Gjenreiste Dette Gudshus". På Vikøyri ved Hopstock hotell er det reist ein stein med relieff av Blix, sett opp i 1981. På steinen står: "Reist av takksame bygdefolk".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hommedal, Alf Tore: Kyrkjebygda Vik i mellomalderen. I Pridlao, nr. 3, 1996. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Kloster, Robert: De gamle kirker i Viks prestegjeld. I Bygdabok for Vik, bind I. Bergen 1951.
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum:
Skissebok m.m. etter Blix.
Riksantikvaren:
Teikningar, korrespondanse m.m. etter Blix.
Hoff, Anne Marta: Innbu frå mellomalderen frå kyrkjene i Vik. I Pridlao, nr. 3, 1996. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Liden, Hans Emil: Kristendom og kirkebygging på Vestlandet i tidlig middelalder - et eksempel fra Vik. I Pridlao, nr. 3, 1996. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR