Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 01. desember 2008

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Forlis på Stadhavet - snurpebåten "Brenning"



Om morgonen, torsdag 1. mars 1956, forliste sildesnurparen "Brenning" på Stadhavet. Båten høyrde heime i Røsvåg i Salten og var på veg heim etter at vintersildefisket var avslutta. Nitten fiskarar miste livet.

Første meldinga om Brenningforliset 1. mars 1956 i Måløy-avisa <i>Fjordenes Tidend</i>, dagen etter, fredag 2. mars.

Første meldinga om Brenningforliset 1. mars 1956 i Måløy-avisa Fjordenes Tidend, dagen etter, fredag 2. mars.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1956

Fjordenes Tidende

Måløyavisa Fjordenes Tidende melde om forliset dagen etter under overskriftene:

"Rystende tragedie utspilt på Stadhavet torsdag morgen. Snurpefartøyet "Brenning" brutt ned av sjøen og 19 av den 20 mann store besetning omkommet."

Nyhendeoppslaget orienterte om korleis det bar til at båten forliste, om mannskapet og bergingsarbeidet. Seinare følgde avisa opp med utfyllande dekning, om minnesamvær og innsamling av pengar til dei etterletne. Avisa kommenterte også tragedien på leiarplass.

Farvel med Måløy

"Glade og lykkelige gikk mannskapet (..) torsdag omkring i Måløy og sa farvel og takk for seg [etter ein tur til Bergen]. I en og en halv måneds tid har de drevet fiske etter silden, og nå skulle dei reise hjemover til sine kjente og kjære. Flere av dem hadde ringt hjem, og sagt at nå kommer vi, nå er det ikke noe mer å gjøre her sør. Vel en times tid etter lå båten veltet i det opprørte havet utenfor Stadpynten, og bare en eneste mann ble reddet."

Ved Buholmen

Sjøen gjekk tung på Stadhavet denne torsdagsmorgonen. Ulukka skjedde då "Brenning" var komen eit kort stykke nord om Buholmen rett ut av Ervika på Statlandet. Ein svær brottsjø kom over den eine snurpedorryen som gjorde at båten gjekk rundt. Båtar i nærleiken kom straks til ulukkestaden, men kunne lite gjera i den grove sjøen. Hjelpefartyet "Åndervåg" greidde å berga ein mann, Nils Evjen frå Folvik. Ein annan båt observerte to omkomne i nærleiken av ulukkestaden, men greidde berre å få fatt i ein av dei.

Fleire båtar med i bergingsarbeidet

Så snart ulukka var kjent, kom meir organisert bergingsarbeid i gang. Redningsskøyta "Willie Wilhelmsen" kom til frå Måløy, sameleis snurpebåten "Vital" med tre mann frå Røde Kors. Elles kom etter kvart bergingsbåten "Draugen" fram til ulukkestaden, snurparen "Skallagrim" av Måløy med froskemann frå Bergen og marinefartøyet mtb "Robin Hood".

Gjekk ned

Ved 12-tida greidde redningsskøyta å få festa ein slepar, og byrja å slepa vraket mot land. Det lukkast ikkje. Utover kvelden og natta auka vinden på til full storm og sleparen rauk. Båtane hadde ikkje anna å gjera enn å søkja inn til land. Saman med fleire båtar gjekk redningsskøyta fredag morgon ut for å leita etter vraket, men utan resultat. Dei gjekk då ut frå at båten hadde gått ned, og at forliset hadde kosta 19 menneske livet.

Frå Nordland

Snurpebåten "Brenning" var frå Røsvik i Sørfold kommune i Salten. Dei fleste av mannskapet på 20 var frå Sørfold kommune, dei andre frå andre stader i Nordland. Den 5. mars hadde Fjordenes Tidende ei liste over dei omkomne:

Skipper Jacob Normann, Røsvik, 51 år, gift, 2 barn
Odd Pettersen, Røsvik, 37 år, gift, 2 barn
Albert Breivik, Røsvik, 42 år, gift, 2 barn
John Bredalsen, Røsvik, 45 år, gift, 1 barn
Nils Johansen, Korsvik, 31 år, ugift
Atle Hansen, Sjonkan, 20 år, ugift
Henning Sevaldsen, Styrkesnes, 32 år, gift, 4 barn
Agnar Solvoll, Styrkesnes, 40 år, gift, 2 barn
Einar hansen, Movik, 24 år, ugift

Helge Rudi, Aspenes, 22 år, ugift
Hans Strøm, Dyrøy, 33 år, gift
Notbas Andreas Andreassen, Sigerfjord, 50 år, gift, 1 barn
Bestmann Sverre Danielsen, Leiranger, 30 år, gift, 2 barn
Kristian Grung, Skogen i Hadsel, 36 år, gift, 1 barn
Rolf Hansen, Skogen i Hadsel, 21 år, ugift
Johan Berg, Kvefjord, 48 år, ugift
Håkon Andreassen Gjerstad i Hadsel, 42 år, gift, 1 barn
Sevald Sevaldsen, Styrkesnes, 32 år, gift, 1 barn

Djupt inntrykk

Forliset på Stadhavet den 1. mars 1956 ramma hardt. Det sat att 12 enkjer og 21 farlause born. Forliset gjorde òg djupt inntrykk på kysten der ulukka skjedde. Fjordenes Tidende skreiv mellom anna på leiarplass:

"Vi følger i tankene dem som sitter igjen, og vi deltar med dem i sorgen over tapte menn, fedre og sønner. men det er så lite vi kan gjøre for å trøste. I slike stunder hjelper det ikke med menneskelig trøst. Sorgen er for stor til at varme ord har evne til å trenge inn forgråtte menneskesjeler. (..) De skal imidlertid vite at vi her sør, som fikk denne ulykken like inn på livet, vi føler med dem."

Minnesamvær

Sorg og medkjensle "her sør" kom også til uttrykk ved at det vart halde minnegudsteneste i kyrkja i Måløy. Kyrkja var fylt til siste plass og det var sett inn ekstra stolar. Sokneprest Torsteinson heldt minnetale og skuleinspektør Kragset las ein gripande prolog tileigna dei omkomne fiskarane. Måløy mannskor deltok med sang, og Leif Skram og Arne Sølvberg framførte to nummer for orgel og fiolin. Forsamlinga reiste seg og mintest dei omkomne i eitt minutts stillhet.

Innsamling

Folk "her sør" viste også medkjensle og omtanke gjennom innsamling av pengar til dei etterletne. Det kom inn 3520 kroner i offer under minnegudstenesten. Elles vart det ordna med innsamling gjennom Fjordens Tidende. Ei liste over bidrag i bladet 14. mars viser at mannskapa på snurpebåtane "Eystein" og "Solskjær" hadde gjeve 250 kroner kvar.

kjelder:

Fleire nummer av Fjordenes Tidende, mars 1956