Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Anna Herland - første kvinnelege ordførar i Sogn og Fjordane



Solund-kvinna Anna Sofie Herland vart legendarisk då ho heilt uventa vart vald til ordførar i 1955. På den tida var det sjeldan med kvinner i styre og stell. Ordførarvalet vekte difor eit oppstyr som landet ikkje hadde sett maken til. På kort tid vart Solund landskjend.

På ei lita øy på Indrevær budde Anna og Oskar Herland med dei tre borna sine. Oskar bygde ei lita ganghengebru bort til den andre busetnaden. Oskar var borte på grønlands- og islandsfiske i lange periodar, Anna hadde ansvaret heime. Ho voks opp på Geitarøy ved Kolgrov og var m. a. med og løynde flyktningar under krigen.

På ei lita øy på Indrevær budde Anna og Oskar Herland med dei tre borna sine. Oskar bygde ei lita ganghengebru bort til den andre busetnaden. Oskar var borte på grønlands- og islandsfiske i lange periodar, Anna hadde ansvaret heime. Ho voks opp på Geitarøy ved Kolgrov og var m. a. med og løynde flyktningar under krigen.

Eigar: Oddvar Herland.

Datering: Ca. 1955.

Fotograf: R. Kvaale / B. Fjørtoft.

Sensasjonsoppslag landet rundt

Avisnotisar og presseoppslag kunngjorde med brask og bram at Anna Herland var den første kvinnelege ordføraren i landet. Sensasjonen avtok ikkje fordi om det seinare kom fram at to andre kommunar var ute før: Utsira 1936 og Lillehammer 1940.
Anna Sofie Herland (1913 - 1990) vart fødd og voks opp i ytre Solund. Som for dei fleste sulingar den gongen slutta utdanninga med folkeskulen. Anna, saman med ektemannen Oskar Herland og dei tre borna deira, hadde heimen sin på Indrevær. Oskar var fiskar og såleis borte i store delar av året. Anna var med andre ord ikkje nett arbeidslaus.

Køyrde motorbåten sjølv

Anna vart vald inn i kommunestyret i 1955 og vart ordførar same året. Ordførarar var tidlegare valde blant markante menn, no kom altså ei kvinne, og jamvel frå grasrota. Valet førte såleis til både undring og noko skepsis innabygds. Men det at ho var kvinne, vart det heilt sensasjonelle utanfor kommunen.
Anna hadde inga politisk røynsle frå før og fekk sjølvsagt svært mykje å setje seg inn i. Ordførarjobben var gratis for kommunen, sjølv om ordføraren måtte gjere mykje av skrivearbeidet. Tungvint vart det også å reise inn til Hardbakke. Veglaust som her var, tok det henne to timar med motorbåten i særs vêrhardt område å køyre inn. Denne vegen reiste ho mange gonger åleine. Ei tid pakta familien ein liten gard i Steinsund og Anna fekk i periodar kortare reiseveg.

Aldersheim og dokterskyss

I Anna si ordførartid var mange store saker under drøfting. Ei av Anna sine hjartesaker var å få bygt aldersheimen som folk hadde halde basarar for i ei årrekkje. I heile valperioden verserte spørsmålet om lokalisering. Både i kommunestyret og mellom bygdefolket var det usemje. Sundriven og veglaus som kommunen var, vart ikkje Hardbakke automatisk akseptert som senter slik det er i dag.
I Anna sin ordførarperiode vart det vedteke å få ny og meir moderne skyssbåt til legen. Hittil hadde dokterskyssen føregått med ein gammal, liten motorbåt, som iallfall austlandslegar på langt nær fann seg vel i.

Talefør og populær blant jamlike

Anna var ei ordhag kvinne. Med godt humør og humoristisk sans var det lett for henne å få folk til å høyre på seg. Det kom vel med på fylkestinget, der kommunesaker vart avgjorde og ordførarane var sjølvskrivne. Anna vart motteken mest som ei dronning. Jamvel om kommunar med sterkast representasjon gjerne drog av med mesteparten av pengane, draup det kanskje nokre ekstra kroner på Solund fordi den velsedde ordføraren var kvinne.
Ingen ordførar maktar vel gjennomføre alle sine hjartesaker gjennom ein 4-årsperiode. Men Anna vart på mange måtar ein døropnar til overordna styringsorgan. Solund vart positivt plassert på kartet, noko som også kunne lette arbeidet for dei som kom etter henne.

Høgdepunktet

Venstrekvinna Anna Herland fekk òg den æra å møte som vararepresentant på Stortinget ein kortare periode. Men si store og mest eventyrlege oppleving fekk ho i september 1962 då ho saman med Erik Bye o. a. avduka "The Norwegian Lady" i Virginia i USA. Det er vel få fiskarkvinner som har vorte synt større ære.
Stort arbeidspress og mange strabasiøse reiser til og frå kommunesenteret gjorde at Anna sa nei til ein ny valperiode. Siste åra av sitt liv var Anna sjukleg og budde saman med mannen ved Solundheimen på Hardbakke. I 1990 vart ho boren til siste kvilestaden av 6 av sine kvinnelege etterkommarar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nybø, Henrik: Artikkel i Sogn Dagblad, 1990.
Diverse avis- og vekebladsutklipp utlånt av Oddvar Herland.

PERMANENT IDENTIFIKATOR