Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 22. juni 2019

Sist oppdatert 05. juli 2019

Kommune

Rå-data

Sildestim-statuen i Florø



Det er mangt og mykje å leggja merke til på ein rusletur langs hamneområdet i Florø; Fugleskjerskaia, venterom, rutebåtar, hus og bygningar, bryggjer og fritidsbåtar, veteranbåten «Atløy», fuglar og folk til og frå. Kunst er det og råd å få med seg. Eitt kunstverk står ned frå Strandgata, ein stad med ope utsyn mot indre hamn. Det er sylinderforma med glinsande fisk i fart, heilt rundt. Ei metallplate på fundamentet opplyser om tittel - SILD I STIM -, namn på kunstnaren og årstal. På ein vegg like finn ein meir informasjon.

Sildestim-statuen i Florø, laga av Hjalmar Lothe, og sett opp 2013.

Sildestim-statuen i Florø, laga av Hjalmar Lothe, og sett opp 2013.

Datering: 19.06.2019

Fotograf: Hermund Kleppa

Om kunstverket

På den tilhøyrande informasjonsplata i tekst og foto står å lesa over og under eit eldre foto av fiskefartøy tett i tett på hamna:

«Sildestimstatuen vart avduka av ordførar i Flora kommune, Bengt Solvik-Olsen under Sildebordet 2013. Statuen er laga av Hjalmar Lothe frå Florø. Avdukinga markerte også «Den blå promenade» som vart opna av leiar i Plan- og Miljøutvalet, Hanne Husebø Kristensen.»

«Fiskeflåten i hamn – i Florø 1956. Sildetida på 1950-talet var starten på eventyret som gjorde at folk fekk pengar mellom hendene. I 1956 melde fiskarane inn 340.000 hektoliter storsild i Florø [på ein dag]. Den største dagsfangsten som nokon gong er komen inn på ein stad. På berre tre dagar tok byen imot sild for 20 millionar kroner – tilsvarande 200 millionar i dagens krone [2013].»

Her kan det skøytast på med informasjon frå Fiskarsoga for Sogn og Fjordane, og frå eit oppslag i Florø-avisa Fylkestidende, 3. februar 1953:

«Det store sildeeventyret på Vestlandet – med Måløy og Florø som senter – starta 1947. Totalt samla vintersildfisket kring 27.000 fiskarar i dei beste sesongane. Både i Måløy og Florø rekna ein med at det samla seg 1000 fiskebåtar, og opptil 10.000 fiskarar. I tillegg gav sildesesongen arbeid til tusentals personar på buder og i lossegjengar.»

«skulptur som inspirerer»

KarolineTK har «Sild i stim» som overskrift på eit innlegg på ein nettstad. Det kan sjå ut som ho stoggar ved eit skuleminne, ei oppgåve der elevane skulle velja ut «ein kunstnar og ein skulptur» og skriva noko om kvifor nettopp den.

Når vi fekk i oppgåve å finne ein kunstnar eller ein skulptur som inspirerar oss var det fyrste eg tenkte på alle dei skulpturane som ein finn i nærområdet mitt i Florø. Eg har fleire gonger tenkt over kor mykje fine og fasinerande skulpturar ein kan finne her. Det som går igjen i mange av dei er den maritime tanken. Og dette er nok naturleg når ein tenker på historia til byen. Det er blant anna historia til byen som gjorde at det var skulpturen «Sild i stim» som vart min naturlege inspirasjon. Det er ein nydeleg skulptur av kunstnaren Hjalmar Lothe frå 2013. Denne skulpturen får meg til å tenke på sjølve grunnlaget for at Florø vart ein by. (…)

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Johansen, Karl Egil: Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860-1980. Universitetsforl, 1982


PERMANENT IDENTIFIKATOR