Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Smilden lykt



Smilden lykt ved Åfjorden vart sett opp 1917, etter avtale mellom Kystverket og dåverande grunneigar Gabriel Bertelson. Fyrlykta vart automatisert til solcelledrift i 1994. Fyrlykta skulle tena båtferdsla på Åfjorden.

Smilden lykt på Smilleneset i Åfjorden, oppsett i 1917. Biletet er tatt frå aust. Ein kan tydeleg sjå solcellepanelet som kom til i 1994.

Smilden lykt på Smilleneset i Åfjorden, oppsett i 1917. Biletet er tatt frå aust. Ein kan tydeleg sjå solcellepanelet som kom til i 1994.

Eigar: Per Bygnes.

Datering: Februar, 2001.

Fotograf: Per Bygnes.

Behov for fyrlykt

Ut gjennom mesteparten av 1900-talet var det mange rutebåtstopp i Åfjorden: Eide, Sørbøvåg, Salbu, Smilla og Rønset. Det var også fiskebåttrafikk og anna båtferdsle som hadde behov for navigeringslys.

Bygginga

Kystverket (tidlegare Fyrvesenet) bygde då ei fyrlykt på Smilleneset, etter avtale med grunneigar Gabriel Bertelson. Kontrakten lydde på 5 kr. i årleg leige for grunnen. Denne leigesummen er seinare ikkje endra. Lykta vart bygd med trekledning, og står på eit vinkeljernstativ som er bolta i berget på Fyrneset. Lykta er sløkt i 7-8 veker på den lysaste tida av året.

Tilsyn

Fyrlykta treng kontinuerleg tilsyn, og før omlegging til solcellepanel og automatisering i 1994, var det mykje meir å passa på. Grunneigaren i 1917 vart også tilsynsmann for lykta. Seinare overtok Bernt G. Smilden. Etter han vart Alfred E. Hatlem tilsynsmann.
Tilsynsmannen hadde det fulle ansvaret for at lykta var i drift. Kvart år kom det i ein leveranse 400- 450 liter parafin frå Kystverket. På laurdagane fylte tilsynsmannen på 10 liter parafin som var nok for ei veke. Han førte journal for kvar påfylling. Viss det viste seg at det var for lite parafin før neste årlege levering, måtte tilsynsmannen kjøpa inn parafin på eiga rekning. Denne utgifta var seinare refundert av Kystverket.

Før oppattkveikinga utpå seinsommaren heldt tilsynsmannen storreingjering ute og inne - på lamper, vindaugo og linser. Reingjering og pussing av lampeglasa vart elles utført kvar veke. Om vinteren måtte han skrapa is av vindaugo, særleg etter snøslette som hadde frose.
Tilfeldig skade måtte varslast. Elles kom det folk frå Kystverket ein gong kvart år og føretok nødvendig vedlikehald. Men Alfred E. Hatlem måtte sjølv reparera ein skade etter ein orkan på 1990-talet. Då slo sjøane oppunder lykta og braut opp deler av golvet.

Framleis i drift

Sjølv om det ikkje går rutebåtar i Åfjorden lenger, er det framleis ein del båttrafikk i fjorden, som t.d. varetransport til og frå oppdrettsanlegg og andre verksemder.
Smilden lykt høyrer under Kystverket, 2. distrikt, som strekkjer seg fra Åna Sira til Stadt. I Norsk fyrliste er Smilden lykt nr. 2382.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kystverket: Spesifikasjon for fyrlykter, lanterner og bøyer m.v., nr. 2382.
Opplysningar frå:
Alfred E. Hatlem, Hyllestad.

PERMANENT IDENTIFIKATOR