Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. november 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Drukningsulukke på Nordfjorden i 1876



Søndag 29. oktober 1876 skjedde ei drukningsulukke i Nordfjord, midtfjords mellom Totland og Rugsund. Sju menneske omkom. Lokalhistorikaren Hans Eirik Endal (….-….) frå Davik skreiv eit stykke om hendinga i Fjordenes Tidende 17. august 1988. Nordre Bergenhus Amtstidende hadde ein samtidig omtale av ulukka. Her er begge stykka attgjevne slik dei stod, med tillegg av mellomtitlar og ordforklaringar.

Kyrkjefolket var på veg frå Totland til Rugsund. Dei var komne midtfjords då ulukka hende.

Kyrkjefolket var på veg frå Totland til Rugsund. Dei var komne midtfjords då ulukka hende.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

"Ulukka på kyrkjeferd"

Det hende at ei kyrkjeferd førde rett i dauden. Rugsund sokn er sundrivi og vidsveimd sokn, med harde sjøstykkje som Frøysjøen og Fåfjorden. Ikkje var det alltid so lett å taka seg fram over Nordfjorden heller for nordsidingane når dei skulde til kyrkja i Rugsund, men folket var sjøvande og let seg ikkje stogga når det var noko som stod på. Som oftast gjekk det godt, men det hende at veret fekk yvertaket og det barst ratt i dauden. (..).

Eit barn skulle til dåpen

Sundag 29. oktober 1876 var det gudsteneste i Rugsund. På Totland var det eit barn som skulde til Dåpen. Det var ikkje solgangsbris, den dagen, men ein skytung himmel som ikkje lova godt. Likevel tok dei ut den dagen for dei hadde eit barn som skulde til dåpen, og so er det rart med det når ein hadde skipa seg til med det so vil ein helst få det gjordt, sjølv um veret var grått.

Nordvest med stormbyger

Denne oktoberdagen gjekk nordvesten med stormbyger og roksalvingar og hagl so det sveid i andlitet. Barselbåten var ein femkeiping med 10 menneskje om bord. Både karar og kvinnfolk var godt vødde med oljeklæde og styvlar. Med seglet oppe bar det søretter fjorden. Midtfjords fekk dei ei kvass bya. Ein freista å få seglet ned, men draget hadde skore seg fast og fyrr ein vardest låg alle i sjøen.

Ropa om hjelp

Ei fjordajakt drog framum. Dei ropa um hjelp alt dei vann, men jakti ansa dei ikkje. Ved forhøyr seinare måtte jektemannskapet svara for seg. Dei sa at dei hadde nok med å berga seg sjølve.

Tre vart berga

Um litt kom ein kyrkjebåt frå Raudeggja framum. Dei berga 3 av dei ti. Dei tri var Mons Totland, Erik bror hans og Marta Skaret frå Vanylva. Dei to siste var då utan medvit, men rakna til att.

Mons Totland

Mons var ein kobbe til å symja og heldt uppe Marta Skardet til hjelpi kom. Mons hadde vore med og sett dramaet frå fyrst til sist og sett den eine etter den andre verta burte i stormen og høyrde skriki deira der dei stridde for livet. Han såg Pernille Totland som skulde bera barnet, kava seg upp på kvelven tri gonger med barnet i den eine armen, men kvar gong vart ho slegi av kvelven av dei tunge bårone. Dåpsbarnet var ein gut, son til Monst Totland. Dei fann barnet flytande, men livet var sløkt.

Erik Totland

Erik Totland var og ein flink symjar, men sa seinare at styvlar og oljehyre hadde meinka han fyrr han fekk dei av seg. Sidan når han skulde på sjøen tok han aldri på seg oljehyre.
(Så langt stykket av Hans Erik Endal.)

Samtidig stykke

Nordre Bergenhus Amtstidende kom ut i Florø. Ein person i Rugsund skreiv eit stykke om ulukka som han sende til avisa. Stykket er datert 1. november 1876 og stod i avisa nokre dagar etter.

"Ulykke paa Søen"

En sørgelig Ulykke hendte Søndag den 29de Oktbr. om Formiddagen idet nemlig en Femkeiping med 9 voxne Mennesker og et udøbt Barn kulseilede paa Veien fra Totland til Rugsunds Kirke. De kom alle strax på Hvælvet, men Baaden gik flere Gange rundt for dem, og Bølgerne overfyllede den uafbrudt, saaat da Redning kom, havde desværre allerede 6 voxne Mennesker og Barnet fundet sin Grav i Bølgerne.

Greidde ikkje å fira seglet

De tre gjenlevende bleve da hjembragte af Folk fra Hessevaagbakke i en forkommen tilstand. De vare alle ærbare, ordentlige og forsigtige Folk, to af dem vare Sømænd, og desuden vare tillige de andre vandte til at færdes paa Søen. Af Sømænderne sad en til Rors, og en med Draget, og desuden havde hver af de andre Mænd sin Bestilling, og passende Ballast havde de i Baaden, saa Alt var i sin Orden; men da det Ulykkelige Vindstød kom, var Manden med Draget som lamslaaet, og magtede ikke at efterfølge Rormandens befaling at fire Seilet, og strax efter var Baaden rundt.

Vanskeleg for etterletne

Blandt de bortkomne var der en Mand og Kone fra Brobakke, som efterlader sig 7 børn, hvoraf 5 ere ganske smaa, det yngste blot et halvt Aar, og er desværre den ældste Gutten lam paa den ene Side, saa han mer selv trænger end kan yde Hjælp. De øvrige, der omkom, vare alle fra Totland, nemlig en ungkarl, en Kone og 2 gifte Mænd, hvoraf den ene efterlader sig Kone og tree smaa Børn i yderst trange Kaar, og den anden en 70 Aar gammel Moder, som sidder igjen med 2 smaa Børn, og det som gjør Sorgen endnu bittrere for den gamle Moder, er, at hendes Svigerfader desværre er sindsvag.

"vil være deres Trøster"

Ja det er store sorger vor kjære Fader i Himmelen har lagt paa disse Mennesker, men saa ved vi ogsaa, at han vil være deres Trøster og hjælpe dem til med Taalmodighed at bære disse sine tunge Sorger indtil han tager Byrden fra dem.

Ei jakt segla forbi

De gjenlevende Forulykkede fortæller, at en Jagt seilede forbi i samme Øieblik, hvori Baaden gik rundt, men uden at gjøre Forsøg paa at redde, endskjøndt den havde Baad paa Vandet. Det var en svær Storm den dag, saa det kommer an paa, om Jagtens Folk kunde udrette noget, dog synes det noget mistænkeligt, naar der slet ikke gjøres det mindste Forsøg, men man seiler sine bene vei, som Intet skulde være passeret. - Vi tør ikke fælde nogen Dom over disse Jagtefolk nu, men forhaabentlig vil Sagen senere blive oplyst, da der rimeligvis optages Forhør over dem. (Så langt Fjordenes Blad)

Dei som omkom

I kyrkjeboka for soknepresten i Davik står dei sju som miste livet oppførde med oppgjeven dødsdato 29. oktober 1876, og at dei er omkomne ved drukning. Dei er oppskrivene i denne rekkefølgja:

Gaardbruger: Jakop Jakopsen, gift, 47 [år], Brobakke
Gaardmandskone: Kristiane Rasmusdatter, gift, 44, Brobakke
Gaardb. Hans Olsen, gift, 41, Totland
Gaardmandskone Pernille Pedersdatter, gift, 51, Totland
Ungkarl Olai Eriksen. 20 ½, Totland
Pladsmand Kristen Waldemarsen, gift, 39, Totland
Husmandsbarn, intet Navn, Udøbt. 4 Uger, Totland

kjelder:

Fjordenes Tidende. 17.08.1988. Nordre Bergenhus Amtstidene. 00.11.1876. Fjordenes Blad. 08.11.1876.
Digitalarkivet. Skanna kyrkjebøker, Davik, Ministerialbok

PERMANENT IDENTIFIKATOR