Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. februar 2001

Sist oppdatert 02. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Steinhuset på Åsnes



På Åsnes mellom Bryggja og Lefdal står det eit steinhus mura i to etasjar like til mønet. Malvin J. Aasnes åtte bruket her, og han byrja tidleg å mura på dette huset. Malvin ville flytta hit frå det gamle tunet. Her var det fritt utsyn til alle kantar. Han nytta stein som han braut fram i dyrkingsarbeid. Malvin enda sine dagar på gamleheimen på Bryggja. Han vart mest ferdig med huset, men han fekk aldri flytta inn.

Steinhuset på Åsnes vert også kalla Steinborga på Åsnes. Her ser me kva Malvin skapte av steinen han braut opp av jorda han dyrka og rydda. Malvin fekk ikkje oppleva at dette vart heimen hans.

Steinhuset på Åsnes vert også kalla Steinborga på Åsnes. Her ser me kva Malvin skapte av steinen han braut opp av jorda han dyrka og rydda. Malvin fekk ikkje oppleva at dette vart heimen hans.

Eigar: Alfred Solibakke.

Datering: 1990-åra.

Fotograf: Alfred Solibakke.

Bustad med fritt utsyn

Ute på Åsnes står i dag eit hus bygd av stein frå grunnen til mønegavlane. Huset vart bygt gjennom fleire år av Malvin J. Aasnes (f. 1882). Malvin i Åsnes var opphavleg frå Kroken utanfor Bryggja. I sin ungdom drog han til Amerika, men kom att då tidene der var vanskelege. Han gifte seg og tok over bruket Nedreberg på Åsnes, som er ein liten og brattlendt gard mellom Bryggja og Lefdal.
Då Malvin kom til Åsnes, var det berre utmarka i området kring fyrlykta på Åsnes. Men det var der Malvin hadde mest hug til å bu. Der var det fritt utsyn til alle kantar. Frå dei gamle husa på bruket såg han berre tvers over fjorden til Endal. Malvin tok til å dyrka litt jord ute på neset i ledige stunder. Den steinen som egna seg til murstein, tok han vare på. Om vinteren drog han den fram til byggjeplassen der han hadde sett seg ut hustomt. Han hadde laga seg ein liten slede til det bruket. Malvin hadde ikkje hest. Den steinen som ikkje var brukande til mur, plasserte han i dei djupaste holene i lendet og planerte over med jord. På det viset flata han terrenget ut.

Løfta med handemakt

Då Malvin hadde drege i saman ei høveleg stor mengd stein, tok han til med sjølve murarbeidet. Det gjekk bra i fyrstninga då steinen ikkje måtte løftast så mykje. Men etter kvart vart murane høgare, og slitet med å få løfta steinen vart verre. Malvin løyste dette på den måten at han laga seg trestenger eller skåter som han sette på skrå opp etter veggen. På desse drog han så opp steinane med handemakt. Etter som arbeidet gjekk framover, vart slitet med å dra steinen opp berre tyngre og tyngre. Malvin hadde planlagt huset var på to fulle høgder. Den fyrste høgda skulle vera til fjøs og løe, eller rom til å ha høyet i. Under den enden som fjøset skulle vera, vart det fyrst oppmura gjødselkumme. I andre høgda skulle Malvin ha bustaden sin. I gavlane mura han heilt til mønet. Opp på loftet var det plass til fleire rom.

Draumen og viljen

Malvin var gift, men hadde ikkje born. Kona var frå Skavøypollen. Malvin var ein arbeidsam mann, og det meste av tida gjekk med til å driva bruket og til å skaffa seg eit utkome. Folk hugsar at han i regnvêr brukte å leggja ein jutesekk på ryggen når det stod på som verst. Han hadde ikkje oljeklede og gjekk ikkje i hus for litt regn. Malvin dreiv òg med laksefiske. Han mura på steinhuset i ledige stunder, men tida og alderen hindra han i å realisera draumen sin. Då Malvin kom på gamleheimen på Bryggja, var huset ferdig slik det står i dag, men han fekk aldri flytta inn. Malvin døydde på gamleheimen på Bryggja. Steinhuset på Åsnes vert òg kalla steinborga på Åsnes. Huset vitnar om vilje, arbeidskraft og eit draum. Soga om steinhuset gjer inntrykk på oss. Huset står der i dag som eit minne om Malvin J. Aasnes, om draumen og viljen hans. I 1988 stod huset utan tak, men seinare er det lagt torvtak på huset. I dag er det veg til Åsnes.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Vingelven, Torvald: Steinhuset på Åseneset. Fjordenes Tidende, 12 august 1988.

PERMANENT IDENTIFIKATOR