Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

1905 - Kyrkja si rolle - viktig møtestad og vallokale



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni 1905. Denne artikkelen handlar om kyrkja sin plass i året 1905.

Stedje kyrkje, Sogndal, 13. august 1905.

Stedje kyrkje, Sogndal, 13. august 1905.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1905.

Fotograf: Reppen.

Viktig medspelar heile året

Torsdag 7. desember, halvårsdagen for unionsoppløysinga 7. juni, var det takkegudsteneste i Førde kyrkje. Soknepresten noterte i dagsregisteret sitt etterpå:
 

"Takkegudstjeneste i Førde kirke for fædrelandets lykkelige udfrielse. En meget talrig forsamling trods det mindre heldige vejr. Blix's fædrelandssalme og kongesangen blev afsungne."

Orda er på ein måte ei oppsummering av det hendingsrike året 1905: Norge hadde vunne full fridom og folket hadde vore sterkt engasjert. Dessutan vitnar orda om kyrkja som ein sentral deltakar.

Handla både etter påbod og eige initiativ

Prestane sine dagsregistre over "geistlige Embedsforretninger" har mange datoar med innførsler som går på nasjonal fridom og unionsoppløysing. Dei fleste "forretningane" kom som fylgje av påbod frå høgare hald, - frå styresmaktene i hovudstaden, men det finst óg døme på tilskipingar etter eige initiativ. Me skal ta for oss dei datoane som går att:

onsdag 17. mai, 11. juni (første pinsedag), søndag 13. august, søndag og måndag 12. og 13. november og torsdag 7. desember.

17. mai

Den politiske situasjonen var spent våren 1905. Etter at forhandlingane mellom Norge og Sverige om å skipa eigne konsulatstyre braut saman i februar, samla Norge seg om å oppretta eit norsk konsulatstyre på eiga hand. Konsulatsaka vart dermed ei sak som rørde ved unionen.

Dette var bakgrunnen for at det var ekstra stor oppslutning om 17. mai utover i heile landet i 1905. Fleire stader vart det halde gudsteneste. I Aurland heldt til dømes soknepresten to gudstenester, fyrst i Undredal der fedrelandet var emne for talen, og seinare under "aaben himmel" i Lunden (Flåm) der han tala over det same "thema".

Den 7. juni og første pinsedag

Ved Stortinget sitt vedtak 7. juni var unionen oppløyst og unionskongen Oscar II ikkje lenger Norges konge. Same dagen gjorde styresmaktene to ting som hadde med kyrkja å gjera.

Det eine var å tilrå endring i den allmenne kyrkjebøna ved å sløyfa orda "vor konge, vor dronning, vor kronprinsesse og det hele kongelige hus", og erstatta "kongens raad" med "vort lands regjering".

Det andre var å senda Stortinget sin "kundgjørelse"om unionsoppløysinga til prestane for at dei skulle lesa kunngjeringa opp i kyrkjene første pinsedag (11. juni) eller seinare.

Presten i Jostedal skreiv i dagsregisteret om gudstenesta 11. juni: "Norges stortings beslutning af 7/6 blev omtalt; særskilt bøn for fædrelandet opsendtes; "Vor Gud han er saa fast en borg" blev afsunget staaende."

Og den 18. juni: "Kundgjørelse til det norsk folk ang. 7. juni beslutningen oplæstes hvorefter man staaende sang: Gud signe vaart Dyre fædraland."

Folkerøystinga 13. august

Mange stader var kyrkja vallokale i dei to folkerøystingane i 1905. I folkerøystinga den 13. august skulle veljarane svara ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni. Prestane fekk rundskriv frå Kyrkjedepartementet om at gudstenestene måtte avsluttast i god tid før røystinga skulle ta til, kl. 13.00. Kyrkjelege handlingar som dåp og nattverd måtte dei prøva å unngå denne dagen.
Mange avisstykke fortel om vakkert pynta kyrkjer, med flagg og grønt, og at det vart tala manande ord til forsamlinga om kor viktig det var å røysta, og å røysta ja.

Fjordenes Blad hadde dette stykket om avrøystinga på Nord-Vågsøy:

"Arrangementet i Vaagsø kirke afstemningsdagen var aldeles utmærket. Kirken var præktig dekoreret, 2 flag vaiede foran indgangen til kirkegaarden. Flere nationalsange blev sunget før afstemningen. "Ja vi elsker" blev sunget staaende. Stemmestyret og flere andre bar nationalsløifer."

Folkerøystinga 12. og 13. november

Folkerøystinga i november var i røynda eit val mellom kongedøme og republikk. Frammøtet var noko mindre enn i august, og festrusen meir avdempa.

Residerande kapellan Ludvig Solheim heldt gudsteneste i Vevring. Han noterte etterpå: "Prædiken om hvorledes troen vokser under Jesu pleje. Folkeafstemning om kongevalg."

Takkegudsteneste 7. desember

Den 7. desember noterte den same kapellanen: "Sygebesøg i Naustdal. Takkegudstjeneste for landets frigjørelse."

Soknepresten i Luster brukte fleire ord etter takkegudstenesta i Dale kyrkje: "Efter departementets forordning takkegudstjeneste i anledning af halvaarsdagen efter 7. juni. Trods uveir var der full kirke. Kirken var pyntet med flag og alle lys tændt."

Om kvelden var han på Luster Sanatorium. Der hadde eit sangkor "for anledningen indøvet fædrelandssalmen".

"..forlangte lysene tændte."

I Solund har me eit døme på unionspolitisk innhald utanom datoane nemnde ovanfor, og på ein prest som tala formanande til kyrkjelyden sin om takksemd og lydnad, og dessutan på ein kyrkjelyd som sa klårt frå til presten. Etter ei gudsteneste i kyrkja i Straumen 26. november, dagen etter at den nye kongefamilien gjekk i land i hovudstaden, noterte han:

"Emne: Giv keiseren hvad keiserens er, og Gud hvad Guds er. - Derunder mindet om Sommerens begivenheder og om den nye dag over Norge: formanet til Tak til Gud og til lydighed mod landets love. - Fedrelandssalmen blev sunget til Udgang. Folk forlangte lysene tændte."

 

kjelder:

Fjordenes Blad.
Heiberg, J.V.: Unionens Opløsning 1905. Kristiania 1906.
Statsarkivet i Bergen: Dagsregistra til sokneprestane i Sogn og Fjordane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR