Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gåsemyrstøylen



Gåsemyrstøylen ligg innerst i Høgredalen ca. 680 m o.h. Stølen høyrer til Gåsemyr, gard nr.107. Naturkreftene er sterke her inne. Då stølen var i full bruk, var her 1 sel og 4 fjøsar. Fjøsane ser vi no berre tuftene av og selet vart teke av orkan i 1992. Det vart då oppført to nye sel i ly av ein stor stein. Dei vart likevel skada av stormkast slik at dei måtte bardunerast til den store steinen.

På Gåsemyrstølen er sela bardunert til ei stor steinblokk.

På Gåsemyrstølen er sela bardunert til ei stor steinblokk.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1996.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Tidlegare var det lang og tung veg for stølsjentene. Dei måtte rekne bortimot 2 timar vanleg gange om Egge, Eggestøylen og vidare mot botnen av dalen. I dag er det lettare med kring 5 km dyrkingsveg opp i Høgredalen og vidare 4 km rås innover dalen.

Bruk av stølen

Nils Ove Gåsemyr fortel at det på stølen var 50-60 dyr (på 1900-talet). I Kjell Råd si bok fortel Maria Gåsemyr, fødd 1908: "Det var fire brukarar som gjekk til støls. Vi rekna med å vere 6 veker på stølen, tre veker i juli og 3 veker i august. Vi var alltid berre to budeier om gongen, tre veker om gongen. Ei tid leigde brukarane ei budeie, Anje Årdal frå Jølster. Ho låg oppe på stølen heile sommaren. Brukarane bar opp mat og anna og reia (kløvja) ned surmjølk og rømme." Stølinga tok slutt i 1940 åra.

Nokre fakta

Gåsemyr, gard nr. 107, Breim sokn, hadde 4 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR