Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 15. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Vårdal teglverk



Frå 1890-åra til kring 1920 var gamle Fjaler kommune best forsynt med industriell aktivitet i Sogn og Fjordane. To teglverk vart dei største tiltaka før 1900. Helle Teglverk vart starta opp i 1895, og Vårdal Teglverk i 1897. I 1905 var 52 personar sysselsette på dei to verka. Tidleg på 1960-talet vart Vårdal Teglverk kjøpt opp av Helle Teglverk, som var i drift til 1978.

Vårdal Teglverk låg på Vårtdalsneset ved Dalsfjorden. Det vart bygd i 1898, og produserte takpanner og murstein. Leirhola der råleira vart teken ut, ligg bak verksbygningen.

Vårdal Teglverk låg på Vårtdalsneset ved Dalsfjorden. Det vart bygd i 1898, og produserte takpanner og murstein. Leirhola der råleira vart teken ut, ligg bak verksbygningen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane/Kjell Eikemo.

Datering: 1950-1955.

Fotograf: Ukjend.

Etablering

Vårdal Teglverk vart etablert i 1897, med ordføraren i Fjaler, David Bakke, som ein ivrig forkjempar. Frå 1902 vart verket drive av Jørgen Helgerud frå Øvre Eiker. Han hadde tidlegare vore styrar for Sandefjord Teglverk, og endå til gått på teglmeisterskule.

Marknad

Noko av årsaka til at dette verket klarte seg betre økonomisk enn det på Helle i førstninga, kan vere at dei tidleg opna eige salskontor i Bergen. Der var hovudmarknaden, og det var viktig å halde god kontakt med murmeistrane i byen. Det var desse som avgjorde kvar teglsteinen skulle kjøpast.

Problem med kvaliteten

I Vårdal var det som på Helle heller ikkje leire av fullverdig kvalitet, men den var god nok til å produsere hardbrent teglstein (murstein). Diverre valde ein her ei uheldig løysing då omnen skulle byggast, med alt for stort tverrsnitt innvendig. I følgje historikar Hans Zakariassen gav dette eit katastrofalt resultat med svære mengder lysbrent stein, som det var lite bruk for i kyststroka.

Bilete av arbeidarar som er i ferd med å ta ut ferdig brend murstein fra omnen.

Drift

Det var helst i periodar med god avsetnad at teglproduksjonen vart driven heile året. I vintersesongen var byggeaktiviteten lågare. Med sterk kulde kunne det dessutan by på problem å grave fram leire utan teleklumpar. Drifta var difor jamnast i sommarhalvåret. Men i 1950-åra fekk begge teglverka for lite arbeidskraft. Begge verka vart difor rasjonaliserte, men resultatet i form av betre stein oppnådde dei ikkje.

Bilete av ein kjedegravemaskin som fyller vaggene med leire.

Bilete av råleira inne i produksjonsanlegget.

Arbeidsplassar og fagorganisering

Teglverka ved Dalsfjorden gav tiltrengde arbeidsplassar i dei små bygdene, med om lag 35-40 ved kvart verk. Mange kombinerte arbeidet ved verka med å drive eit lite småbruk. I dårlege tider med fulle lager av teglstein, kunne det vere godt å ha fleire bein å stå på. Etter krigen vart verka moderniserte, og i 1950-åra var 65 til 70 mann sysselsette på dei to verka.

Bilete av murstein på lager.
 

I 1920-åra gjekk salet av teglstein dårleg, og det vart ofte permitteringar. Fleire vart gåande arbeidsledige i periodar. Men i Dalsfjordområdet, der industriarbeidarane hadde sin bakgrunn frå småbruk, og ofte hadde småbruk sjølv, kom den organiserte arbeidarrørsla seint i gang, nemleg ikkje før i 1930. Då vart Vårdal Arbeidarforeining skipa.

Bilete av arbeidarar på 1920-talet.

Avvikling

I løpet av 1960-åra vart drifta ved Vårdal Teglverk trappa ned, og avslutta i 1971. Bygningen vart så utsett for brann og seinare riven.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Zakariassen, Hans: Teglindustriens historie. Side 191 f.
Sogn og Fjordane fylke, femårsberetning 1901-1905.
Losnegård, Rolf, o.fl.: Dalsfjordboka. 1999.
Sogeskrift for Askvoll kommune. nr. 3. 1990 og nr.10, 1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR