Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Båtstoppestaden Steinen



Steinen vart båtstoppestaden for Førde. Her vart det fleire aktivitetar, m.a. dei første industrielle verksemdene. Men som mange andre stoppestader hadde Steinen si tid berre så lenge båtrutene gjekk, og har i vår tid tapt sin sentrale plass i Førde.

Båtstoppetaden Steinen før 1920. Vi ser ein del personar framfor huset som m.a. romma ein butikk. Tønner ligg pent stabla opp på bryggja og nokre robåtar ligg førtøydde.

Båtstoppetaden Steinen før 1920. Vi ser ein del personar framfor huset som m.a. romma ein butikk. Tønner ligg pent stabla opp på bryggja og nokre robåtar ligg førtøydde.

Eigar: Sunnfjord Museum.

Datering: Før 1920.

Fotograf: Olai Fauske.

Dampskipsekspedisjonen

I 1860-åra vart det bygt veg ut til Steinen, m.a. etter påtrykk frå Jølster. Kaia stod ferdig i 1868, men straks etter rasa kaia ut. Og ny kai måtte byggjast. Kaia var så viktig at Fylkesbaatane engasjerte seg i bygginga, noko som sjeldan hende. Frå 1868 til 1990 var Steinen ein sentral stoppestad i Fylkesbaatane sine ruter.

Den første dampskipsekspeditøren her var Anders A. Steen frå Holsen i Førde. Sonen, Ole A. Steen, tok over. Han utvida aktiviteten med trelast- og landhandel, sette opp nytt hus i 1879, med lager for ekspedisjonen, butikk, og eit rom for overnatting til reisande. Til ekspedisjonen høyrde òg ei stor sjøbu. Det offentlege kosta eit skur og ein stall, då det kunne gå dagar før dyr vart ekspederte. Aukande trafikk kravde ny kai og større hus. Her kom postkontor og telefon, og ein ny næringsaktivitet, fabrikasjon av fisketønner.

I 1916 tok tredje generasjon over, der Anton med firmanamnet A. O. Steen, dreiv aktivitetane vidare, som vart utvida med murvarer, skifer og kassefabrikk.

Industri

Anton sin bror, Emil, dreiv tønnefabrikken, og hadde to fartøy til fiskehandel og fraktfart, motorjekta "Evigheden" og motorkuttaren "Sigurd". Han tok over tønnefabrikken i 1915, den første eigenlege industriverksemda i Førde. Den hadde det til felles med mange andre tønnefabrikkar; ei god tid under og etter første verdskrigen 1914-1918, og krise og avvikling i 1920-åra. I 1923 vart Emil Steen slegen konkurs. Broren Anton tok over, og dreiv fabrikken til 1928.
På Steinen starta Mathias Leivestad eit ullspinneri i 1918, i 1937 flytta spinneriet til nye lokale på Halbrend.

Frå sentralpunkt til periferi

Frå 1917 til 1923 vart ny kai og nytt ekspedisjonsbygg sett opp, og veg og plass vart utvida. Trafikken på 1920-talet og i tida etterpå representerte høgdepunktet i aktiviteten på Steinen. Då var det kring femti personar som hadde sitt daglege arbeid her. Det var bruk for fire til seks mann under båtekspedisjonane. I tillegg kom arbeidarane på tønnefabrikken og ullspinneriet.

Til tider kunne det vere 800 til 1200 sekkar i ei båtlast, i 1918 var dette den ekspedisjonen som ekspederte mest varer: kring 500 dyr, kring 2000 kolli kjøt, like mange dunkar smør, 2500 sekker og 3500 kassar varer. Dei neste par tiåra auka ikkje godsmengda nemneverdig.
Det var sjeldan det grodde opp ein slik mangfaldig næringsaktivitet rundt ein dampskipsstoppestad, men noko bygdesenter vart det ikkje her. Steinen vart verande ein periferi til tettstaden Førde, som med betre plass fekk sin gryande vekst i Steinen sin glansperiode.

Det vart ei ny utviding på ytste kaia på Steinen i 1974, men då føregjekk ekspedisjonen på inste kaia. På denne tida var det store mengder varer som kom i samband med oppbygginga av Førde. Men rutebåtferdsla var på retur, og ekspedisjonen vart avvikla i 1990. Den siste ekspeditøren var Arne Steen, femte generasjon i familien Steen på Steinen sidan 1868.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn Borgen:Dampen og kaia. Selja Forlag 1998.
Førsund, Finn Borgen:Førde bygdebok. Gardssoge og soga om folket. Førde kommune 1990.

PERMANENT IDENTIFIKATOR