Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gamle Gimmestad kyrkje



Gamle Gimmestad kyrkje er frå 1690-åra. Kyrkja var lenge i sterkt forfall, og i 1902 gav kyrkjedepartementet uttrykk for at kyrkja burde rivast. Bygdefolk meinte derimot at ho burde takast vare på som fortidsminne, og det vart sett i gang eit omfattande reparasjonsarbeid.

Gamle Gimmestad kyrkje ligg høgt og fritt på sørsida av Gloppefjorden. Her har det vore kyrkjestad heilt attende til mellomalderen.

Gamle Gimmestad kyrkje ligg høgt og fritt på sørsida av Gloppefjorden. Her har det vore kyrkjestad heilt attende til mellomalderen.

Eigar: I Gamle Gimmestad kyrkje.

Datering: 1992.

Fotograf: Petter Eide (teikning).

Gimmestad - ein gammal kyrkjestad

Det har vore kyrkje på Gimmestad i mange hundre år. Kjeldene fortel at det var kyrkje då biskop Arne vitja Gloppen i 1308. I mellomalderen var kyrkja kalla Gemlisstada eller Gemblisstada kirkja. Den kyrkja vi veit noko sikkert om, var truleg ei stavkyrkje. Ho vart riven i 1650 av di ho var i dårleg forfatning. I kjelder frå 1652 går det fram at det vart oppført ny kyrkje på Gimmestad, men denne kyrkja bles ned i 1690.

Eksteriør

Gamle Gimmestad kyrkje er ein tømmerbygning, nærast ein kopi av kyrkja som vart bygd i 1650-åra og bles ned straks etter. Den første tida hadde ho tak av liggjande bord og var tjørebreidd. Ho hadde då mindre vindauge høgare oppe på veggen. I 1859 fekk ho større vindauge og vart måla kvit. Den fargen ho har i dag, fekk ho ved reparasjonen i 1914.

Inventar og utsmykking

Målinga innvendig er frå 1720-åra, og mykje av interiøret er frå dei tidlegare kyrkjene på Gimmestad. Det er ikkje innlagt straum, og det finst ikkje omnar i kyrkja. Einaste lyskjelda, ved sida av dagslys, er levande lys. Kyrkjeskipet har innebygde stolar i full lengd. På mannfolksida står det toppar av bjørketre til å hengje hattar på. Fleire av desse har initialar og årstal tilbake til 1700-talet.

Kvar bonde hadde sin faste plass. Ein stol har monogrammet til kong Fredrik 4. måla på toppstykket. Den vakre brurastolen, truleg laga for presteenkja Anne Iensdatter Schreuder, har innskrifta AIDS og årstalet 1695. Preikestolen er frå same tidsepoke. På døra til preikestolen står bokstavane IHS som kan stå for Jesus Hominum Salvator (Jesus menneska sin frelsar) eller for presten Iens Hansson Schreuder. Lydhimmelen er pryda med englehovud. I fronten er det måla ei due. Altertavla, ei katekismetavle, vert datert til 1590 - 1620. Tavla har tekstar frå nattverden. Tekstane er måla i raud farge på kvit bakgrunn.

Den balsamerte og utstoppa torsken

Eit særmerke er den balsamerte og utstoppa torsken som heng i kyrkja. Torsken er frå 1700-talet. Framme på buken er det måleri av Jonas som kjem ut av kvalfisken. Det finst to segner om denne fisken.

Døypefont og messehakel

Døypefonten står i dåpshuset rett inn til venstre for døra i kyrkjerommet. Han er stor, er laga i tre og har eit lokk som kan takast av. Fonten er laga i tidleg høgrenessanse-stil, og datert til 1600 - 1620. Før 1820-åra var det vanleg å døype borna ved inngangen. Seinare vart dåpen flytta fram i koret.
Til kyrkja høyrer også ein messehakel av lyseblå silke. På ryggsida er det innfelt ein latinsk kross. Messehakelen er truleg den same som er nemnd i ei inventarliste frå 1662. Messehakelen vert ikkje teken vare på i kyrkja.

To klokker

Det er tre lysekroner i kyrkja. Krona i koret høyrer til gruppa Gudsmor-kroner med jomfru Maria som toppfigur. I tillegg finst det lysestakar, ei almissetavle, almissepungar, ei fattigblokk, kalk og disk til nattverden. Kyrkja har 9 skamlar. Heilt framme i kyrkja finn vi restane av ein katolsk prosesjonsstav.
Dei to klokkene i tårnet har vore nytta i dei tre kyrkjene vi kjenner. Den eine klokka er frå mellomalderen. Den andre er anten frå mellomalderen eller frå reformasjonstida.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Gamle Gimmestad kyrkje 1692 - 1992. Jubileumsskrift. Sandane 1992.
Henden Aaraas, Margrethe m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde, 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR