Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 23. august 2020

Sist oppdatert 25. august 2020

Kommune

Rå-data

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane – matros Georg Distad fall i Valdres 1940



«Ved middagstider», tysdag 9. april 1940 var MS «Nesøy» i Solund på veg til Bergen. Det vart ikkje Bergen denne gongen. I staden gjekk «Nesøy» inn Sognefjorden til Gudvangen med mobiliserte soldatar. Ein av mannskapet gjekk og i land i Gudvangen, mobiliseringspliktige matros Georg Distad.

Matros Georg Distad (1915-1940), fall i Bagn, Valdres, 28. april 1940.

Matros Georg Distad (1915-1940), fall i Bagn, Valdres, 28. april 1940.

Datering: Ukjent

Fotograf: Ukjent. Henta frå Avisa Sogn og Fjordane

«En av matrosene våre ..»

Johan Hovland var los på «Nesøy» 9. april 1940. Han var fødd og oppvaksen i Årdal, og budde no i Bergen. Fleire år seinare fortalde Hovland om «Nesøy» i aprildagane 1940. Forteljinga hans står i Fylkesbaatane sitt bedriftsblad Amtet, 1 og 2-1982. Hovland fortel at dei var i rute Selje – Bergen , og var komne til Solund då dei fekk «sjokkerende melding» om at fleire byar, inklusive Bergen, var «hærtatte av tyskerne». Det vart halde skipsråd og bestemt å gå til Eivindvik i Gulen. Der fekk dei ordre av lensmannen om å gå inn Sognefjorden til Gudvangen og ta med mobiliserte soldatar. Vidare fortel Hovland:

En av matrosene våre måtte slå følge med disse, en prektig ung gutt fra Fjærland, nærme bestemt Distad, et stykke lenger ut i fjorden. Dessverre falt han i et sammenstøt med tyskerne i Valdres.

Bokverket Vår falne har denne biografien: «DISTAD, GEORG, sjømann, Balestrand [kommune]. Fødd 18. juni 1915 i Balestrand, son til Endre E. Distad, fødd 1875, og Brita, fødd Tufte, fødd 1877 i Balestrand. Skuleskipskurs og kystskippareksamen. Arbeidde i Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane. Var under krigen 1940 kusk i ein mitraljøsetropp. Vart råka av en granatsplint og fall 28. april 1940 i Bagn i Valdres. Gravlagd i Fjærland.» (Merknad: Georg Distad fall ved Nordakerelva, eit stykke nord for Aurdal kyrkje.)

Matros Georg Distad vart fyrst gravlagd på kyrkjegarden ved Aurdal kyrkje. To år seinare vart han flytta heim til Fjærland og gravlagd der. Namnet hans står på ein minnestein over falne «i og frå Aurdal» ved Aurdal kyrkje. GEORG E. DISTAD 24 ÅR FRÅ FJÆRLAND (Merknad: Rett alder er 25 år.)

MS «Nesøy»

Georg Distad var i teneste på Fylkesbaatane sin rutebåt MS «Nesøy» då krigen braut ut. «Nesøy» var ein etter måten ny båt, bygd ved Bergens mekaniske verksted, og levert til rederiet i månadsskiftet mai/juni 1933. Bergens Arbeiderblad hadde notis etter sjøsetjinga, 11. mai. «Nesøy» var ein kombinert passasjer- og lastebåt på 138 reg. tonn med sertifikat for 130 passasjerar. Mål: 93 fot frå baug til akter, største breidde 19 fot og 3 tommar, og djupne 10 fot og 3 tommar. Maskineri: Bolinder, 150 hk. Båten skulle brukast i lokaltrafikken i Sogn og Fjordane.

Mannskap

«Vi ankom der utpå ettermiddagen ..» Hovland brukar ofte vi i forteljinga si; - vi, offiserane/mannskapet. Han nemner og somme med namn; «kaptein Slåttelid», «en av matrosene våre (…) Distad», «maskinmester Våge», «styrmann Olsen», «båtsmann Håkon Leirnes». Etter alt å døma hadde «Nesøy» eit mannskap på 12 personar; kaptein, styrmann, los, maskinsjef, motormann, stuert, byssegutt, båtsmann, 2 matrosar, 3 andre på dekk (jungmann, lettmatros, dekksgut). Kapteinen, Olav Slaattelid (1891-1954), var fødd i Råde og oppvaksen i Eid kommune, Nordfjord,. Han var busett i Bergen og gift med Selma, fødd Sauesund, Askvoll.

«Lang-Sulen» - langrute Bergen – Selje – Bergen

Hovland fortel at MS «Nesøy» våren 1940 vart sett inn i Solund-ruta i staden for DS «Gula». Grunnen var mangel på fyringskol. Vidare fortel han: «Siste turen før invasjonen var lang-Sulen som vi kalte den, avgang var lørdag aften kl. 22.00 og returen tirsdag aften i 19-tiden.»

Ruta «lang -Sulen» vil mykje truleg seia same rute – med eventuelt små variasjonar - som Rute A6 I i FSF sitt rutehefte for vinteren 1938/1939 (pr. mai 2020 manglar rutehefte for vinteren 1939/1940 i Fylkesarkivet si samling FSF-rutehefte). Avgang frå Bergen var laurdag kl. 22.00 og ankomst Drage/Selje måndag kl. 11.00; på returen var båten tilbake i Bergen tysdag kl. 20.30. Denne langruta hadde ikkje mindre enn 31 stoppestader kvar veg. I annonse i Bergens-avisene om avgangar frå Bergen veka før 9. april, 1.4. – 7.4., går det fram at avgang frå Bergen, laurdag 6. april, var kl. 21.30, og at ruta hadde nemninga Kysten. Hovland nemner ikkje kva klokka var då dei fekk den «sjokkerende melding» om krig, tysdag 9. april. Dei blei purra (det vil seia dei mannskapa som hadde hatt nattevakt) «ved middagstid». Dei heldt skipsråd og valde å ikkje gå til Bergen, men halda fram i ruta, og så gå til Eivindvik i Gulen der dei kom «utpå ettermiddagen.»

«alt som vi var utsatt for»

Hovland skriv i innleiinga at han ynskjer å fortelja alt «Nesøy» og mannskapet var «utsatt for» i aprildagane 1940. Det vil og seia alt matros Georg Distad hadde blitt «utsatt for» om han ikkje hadde gått i land og reist til mobiliseringsstaden Voss. Etter første anløp i Gudvangen, mykje truleg onsdag 10. april, gjekk «Nesøy» i ei rute som «var oppsatt mellom «Gudvangen – Flåm – Hermansverk». Ein dag dei kom til Gudvangen, (25. april, tre dagar før matros Distad fall i Valdres) blei «Nesøy» utsett for flyangrep med bomber og maskingevær. Etter at flyet først hadde kome tilsyne og passert i låg høgde frå sør, utan å opna eld, greidde dei å få passasjerane i land og gå frå kai, før flyet kom tilbake frå motsett retning og opna eld. Det såg stygt ut, men ingen av bombene fekk direkte treff. Dei greidde å manøvrera båten over til andre sida av fjordbotnen, der dei snøggast råd kom seg i land og søkte dekning i «en stor ur like ved». Dei heldt seg der «til skumringen kom.»

«Da gikk vi om bord igjen og så på skaden skipet hadde fått under angrepet. Det var et trist syn. Hele BB [babord] side var gjennomhullet av bombesplinter, vel og merke over vannlinjen. Hadde jeg vært i min lugar, tør jeg ikke tenke på utfallet. Ventilen var pulverisert, for ikke å snakke om klær og strømper som var gjennomhullet. To av besetningen var lettere såret, det var båtsmann Håkon Leirnes, og maskinmester [Halvard] Våge. De ble sendt med motorbåt til lege.»

Den lettare krigsskadde «Nesøy» gjekk same kvelden ut Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden og la til kai i Frønningen for natta. Dei låg der «noen dager» før dei gjekk ut fjorden og til Sauesund i Askvoll. Etter alt å døma låg «Nesøy» fortøygd i Askvoll til ut på sommaren, då det vart ordna med nødvendige reparasjonar for vidare rutefart.

«Siste ferd» - med Fylkesbaatane

Siste ferd, var overskrift på ei lita notis i Sogns Tidend, 6. mars 1942: «Georg Distad som fall i kampane i Valdres er no førd attende til heimbygdi si.» Det var fire slektningar som hadde reist til Aurdal og fått ordna med flytting av den falne soldaten Georg Distad. Frå Lærdal reiste dei med Fylkesbaatane til Fjærland. Det er fortalt at Fylkesbaatane på sitt vis synte ære og respekt ved ikkje å krevja frakt denne gongen, for dei fire mennene, som på ein måte var gravferdsfylgje til ein tilsett i rederiet, matros Georg Distad på MS «Nesøy».

kjelder:

Johan Hovland: Aprildagane 1940 – krigsåra. I Amtet, 1 og 2-1982


Bergens Arbeiderblad 11.05.1933


Opland Arbeiderblad 10.06.1940


Kleppa: Hermund: Minnestein over Georg Distad


Erling Hellesund: Informasjon på FB-forumet: Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake! Mai 2020

PERMANENT IDENTIFIKATOR