Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. oktober 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bjørvikstranda bedehus



Vinteren 1943 kom forkynnaren David Sunde til Bjørvikstranda. Han heldt møte i skulehuset, kveld etter kveld, til langt utpå våren. Det vart vekkjing. Kristenfolket skipa indremisjonsforeining og gjekk i gang med å byggja bedehus.

Bjørvikstranda bedehus. Bedehuset har kor i vestenden og full kjellarhøgd.

Bjørvikstranda bedehus. Bedehuset har kor i vestenden og full kjellarhøgd.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2005.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Bedehuset 2006

Bjørvikstranda bedehus står på garden Birkeland i Dalsfjorden, tett attmed riksvegen mellom Osen og Dale. Huset er bygd av teglstein. Det er om lag 11 meter langt og 7 meter breitt. I tillegg kjem utbygd kor, inngangsparti og full kjellarhøgd.

Salen er lys og romsleg, med tre vindauge på kvar langvegg. Taket er løfta opp i ein låg himling. Koret er om lag fem meter brei og korgolvet litt høgare enn i salen. To vindauga har småruter i blyinnfatning med ein farga kross som midtfelt.

Kjellarhøgda er innreidd med eigen inngang, garderobe, kjøken, matsal (no delt i to rom, all matservering føregår nå i salen oppe) og toalett.

Inventar

Talarstolen er spesiell. Det er kateteret i det gamle skulehuset i Birkelandskrinsen, fastmontert midt på, heilt framme i koret. Framme i salen heng tre broderte vers, det eine (ei bøn) midt over talarstolen, dei to andre (bibelord) på sidene. På veggen bak i koren heng eit målarstykke, signert "Sandersen - 72". Motivet er då Moses fekk steintavlene med dei ti boda. Kollektkorga, handlaga i Viksdalen, er påskriven: Gud elskar ein glad gjevar. Instrumentet er eit elektronisk orgel. I inngangen heng tekstildelen til ei fane med påbrodert: Dei unge på Bjørvikstranda for Jesus.

Opphavleg var huset utstyrt med trebenker. Dei vart seinare skifta ut med røyrstolar, som no er forsynte med puter. Frå starten hadde huset nøgda med langbord, og kjøkenet er godt utstyrt med alle slags hjelpemiddel for matservering.

Bruk

Bedehuset ber preg av born i aktivitet. Både oppe i Salen og nede i eit rom i kjellarhøgda står det bord med formingsutstyr av mange slag. Barneforeininga har basar i april kvart einaste år. Elles er det juletrefest 2. juledag, - det er fast, fortel Bjarne Sagevik, formann i bedehusstyret 2006, - og av og til møte med tilreisande forkynnarar.

Den gamle Birkeland skulekrins eksisterer ikkje lenger, men krinsen er framleis valkrins, og då brukar valstyret bedehuset til vallokale. Bedehuset vart nyleg også nytta til rettslokale i ei jordskiftesak. Elles leiger bygdefolk bedehuset til konfirmasjonar og gravferder.

Historisk oversyn ved 50-årsjubileet

Både indremisjonsforeininga og bedehuset kom i kjølvatnet av vekkjinga vinteren 1943. I 1993 skipa indremisjonsforeininga til 50-årsjubileum. Lærar Ola Bjørvik gav eit interessant oversyn over soga til bedehuset. Skildringa nedanfor byggjer på manuskriptet til Bjørvik.

Fleire tomtealternativ

Tanken om eige hus kom opp våren 1943, og mange slutta seg til. Indremisjonsforeininga valde byggjekomite med Jens Sagevik, Mons Bjørvik, Ole L. Bjørvik, Johan Berg og Martin Nistad som medlemmer. Den første oppgåva vart å finna høveleg tomt. Komiteen hadde mange alternativ å velja mellom. Ikkje mindre enn fire personar hadde tilbydd gratis tomt. Spørsmålet vart kva for ei tomt som var mest tenleg. Komiteen delte seg. Somme meinte ein burde halda seg innan Birkeland skulekrins (alternativ 1). Andre heldt på ei tomt nærare nabokrinsen lenger ute i fjorden (alternativ 2).

Saka vart avgjort på eit medlemsmøte på skulehuset 4. desember 1944. Sekretæren i Dalsfjord og Bremanger fellesforening, David Sunde, var tilstades. Elles var møtet ope for interesserte som ikkje var medlemmer. Etter å ha drøfta saka og David Sunde hadde halde "appell", gjekk dei til skriftleg avrøysting. Resultatet vart at 26 røysta for alternativ 1, tomta hjå Siverine Birkeland, og åtte røysta alternativ 2, tomta hjå Mons Bjørvik. Alle var no samstemde i ynskjet om å løfta i flokk. Nikolai Roska tok på seg oppgåva å vera byggjeformann. Arbeidet med husgrunnen kunne ta til.

Byggjearbeidet

Tomta vart utsprengt og opparbeidd ved dugnad. Huset skulle byggjast av teglstein frå Helle teglverk. Steinen vart teken i land like nedanfor huset. Det var eit heilt arbeid å få steinen opp til byggjestaden. Georg Bjørvik stod for muringsarbeidet. Han hadde noko røynsle med slikt.

Kristian Lien utolmodig

Hausten 1953 var huset kome under tak og innreiingsarbeidet pågjekk for fullt. Kristian Lien, i fleire år ordførar i Gaular og forkynnar, dreiv arbeidet fram. Han var urikkande på at han ville leggja ein påskeleir for Misjonssambandet til Bjørvikstranda påska 1954. Huset var langt frå ferdig til påske, helst i "skral forfatning", og verst var det med kjøkenet. Men leiren vart tillyst og halden. Det var 50 deltakarar og fleire leiarar og talarar. Johannes Sandvik og misjonær Espegren vart såleis dei første talarane ved eit større arrangement på Bjørvikstranda bedehus.

Arbeidet drog ut

Etter denne leiren vart det gjort lite. Byggjeformannen var ikkje så sterk lenger og bad om avløysing. Ei tid etter valde dei ny byggjenemnd med Andreas Bjørvik som formann. Eit krafttak måtte til, men det drog ut før arbeidet kom i gang.

Dei fleste meinte salen måtte takast på nytt. Det var trong for nytt lysopplegg. Kjellaren var meir eller mindre halvferdig. Det stod ille til med kjøkenet. Toalett, garderobe og golvet i kjellaren var uferdig. Det mangla trapp ned til kjellaren. Pussearbeid stod att, og det var nødvendig å måla og lakka.

Ingen ting kunne gjerast utan "kapital". Det vart nye rundar på bygda for å be om pengar, og utsending av brev til utflytte frå "stranda". Responsen var god. Folk skreiv seg på listene og postanvisningane strøymde inn. Formannen i byggjenemnda tok oppslutninga som "eit Guds svar" på at no måtte huset verta ferdig. Dugnadsgjengar og fagfolk tok fatt og dreiv på til huset stod ferdig. Huset vart vigsla i 1978.

Bedehusforeining

Mange var med på å byggja bedehuset, både ved pengetilskot og arbeidsinnsats. I høve jubileet ynskte lærar Bjørvik å nemna innsatsen til bedehusforeininga særleg. Foreininga vart skipa i 1957, og kom i fullt arbeid med ein gong. Foreininga hadde møte kvar 14. dag med lesing, sang, bøn og handarbeid på programmet. Foreininga samla inn pengar og gjennom alle år vart det kjøpt inn utstyr til bedehuset, mellom anna kjøkeninnreiing, røyrer, gardiner og gardinbrett.

 

kjelder:

Bjørvik, Ola: Oversyn over arbeidet med Bjørvikstranda bedehus. 4 maskinskrivne sider.br / Informasjon frå:
Bjarne Sagevik, Gaular.

PERMANENT IDENTIFIKATOR