Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Veg mellom Eid og Bryggja



Riksveg 15 har ikkje alltid vore eit omgrep, sjølv om det ofte blir framstilt slik. Vegen mellom Stryn og Måløy kom stykkevis og delt, og som ledd i kommunane sine lokale vegbehov. Først ut på 1900-talet vart det viktig å få ei sambandsline frå kysten og innover - og ut til kysten. Og først frå midten av 1960-åra vart riksvegrute 160 heitande riksveg 15.

Frå vegarbeidet mellom Kjølsdalen og Ervik i 1926. Vegen måtte sprengjast inn i fjellet. Vegarbeid i slikt terreng var ikkje ufarleg. Ingen av arbeidarane var sikra under arbeidet. I dag går vegen i tunnel. Den 679 m lange Erviktunnelen var ferdig i 1992.

Frå vegarbeidet mellom Kjølsdalen og Ervik i 1926. Vegen måtte sprengjast inn i fjellet. Vegarbeid i slikt terreng var ikkje ufarleg. Ingen av arbeidarane var sikra under arbeidet. I dag går vegen i tunnel. Den 679 m lange Erviktunnelen var ferdig i 1992.

Eigar: Jorun Breiteig. SFFf-1998054.0002

Datering: 1926

Fotograf: Ukjend

Ein rideveg til kysten

Frå Nordfjordeid gjekk det ein gamal veg vestover mot Stårheim. Formannskapa i Eid, Selje og Davik reiste i 1890 krav om å fremja veg frå Stårheim til Ulvesund (Måløy) og Selje. Vegnemnda i fylket var ikkje positiv, då ho fann at det kunne halda med "en Ridevei langs denne Strand". Men nemnda endra haldning og fann det rimeleg at anlegget likevel vart teke med i vegplanen, sjølv om det ikkje kunne koma på budsjettet med det første.

Stårheimsvik-Kjølsdalen

I 1890 vart parsellen Stårheimsvik-Kjølsdalen fremja som bygdeveg med statstilskot på 1/2 og fylkestilskot på 1/5. Søknaden om fylkes- og statstilskot til vegen Almenningen-Bryggja vart derimot avslegen i 1899. Vegsjefen meinte at vegen måtte sjåast på som bygdeveg "der liden almenbetydning har" med mindre han vart forlenga til Deknepollen eller Kulen. Fylkesmannen kunne ikkje tilrå statstilskot til parsellen aleine. Fylkestinget slutta seg til dette. Bygdevegen (ca 5 km) mellom Stårheim og Kjølsdalen vart bygd i perioden 1910-1916.

Kjølsdalen-Bryggja

Neste parsell kom ein god del år seinare. I vegtrafikkplanen av 1919 var Kjølsdal-Haus (3,3 km) oppført som hovudveg. Arbeidet byrja i 1922, og i 1923 kom det naudsarbeidsmidlar til vegen. I 1928 var vegen ferdig til Haus. Skulle ein lenger vest måtte ein i båt. Når det gjaldt post- og passasjertrafikken var det i mellomkrigstida fleire båtar i trafikk. Skulle ein ha med bil gjekk M/K "Norrøna". Båten var ein kuttar som tok 2-3 bilar og gjekk berre på bestilling. Bilane kunne berre køyrast på ferja i flo sjø. I 1938 var vegen ferdig til Bryggja, og ferja Haus-Bryggja vart nedlagt. Ferja til Måløy gjekk då frå Bryggja. Mellom Maurstad og Bryggja var det vegar frå gammalt av. I 1956 vart delar av vegnettet der omlagt.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt, bd. 1 og 2. Kristiania 1901.
Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940, bd III. Oslo 1950.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylkeskommune. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylke 1958.
Starheim, Ottar og Sølvberg, Terje: Måløy. Brua og byen. Måløybrua AS under avvikling 2003.

PERMANENT IDENTIFIKATOR