Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. september 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Brevegen AS - til Nigardsbreen



”Her har det vori lite gjort til denne tid, men vilkåri er her. Naturi er skiftande med brear og fjell, fossar og vatn og mildt og sterkt i fager sameining. Ein lekk i rett lei er det no ein no byggjer bilveg til Nigardsbreen” (Sitat frå møteboka til kommunestyret i Jostedal 1957 om sak – turistnæring.)

Veg mot isbre. Første delen av bilvegen til Nigardsbreen er bygdeveg fram til Mjølversgrendi med bru over Breelvi.

Veg mot isbre. Første delen av bilvegen til Nigardsbreen er bygdeveg fram til Mjølversgrendi med bru over Breelvi.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Hermund Kleppa

Nigardsbreen - reisemål

Det var ”ein lekk i rett lei” for å stimulera turisttrafikken i Jostedal då dei i 1957 var i gang med å byggja Brevegen. I 2009 har mange turistar Nigardsbreen som reisemål. Det siste stykket går på den kring tre kilometer lange Brevegen som går frå brua nede i Mjølvergrenda fram til ein stor parkeringsplass på nordsida av Nigardsbrevatnet. Herifrå kan folk gå fram til brekanten eller følgja båten Jostedalsrypa til enden av vatnet.

Turisttrafikken til Jostedalen er stor, og særleg er Nigardsbreen eit populært reisemål for utlendingar. På Brevegen treffer du på folk til fots, på sykkel, i bilar og bussar. Fjord 1 Sogn Billag har rutebuss frå Sogndal til Nigardsbreen.

Vegen opna i 1958

Brevegen opna sommaren 1958. Den 25. juni hadde avisa Sogningen eit stykke der overskrifta var: Vegen til Nigardsbreen er no køyrande. I stykket stod mellom anna:
 

”Det går nå raskt fram med fullføringa av den nye turistvegen fram til Nigardsbreen i Jostedal. Det som nå står att å gjera er litt grusing og vøling av nokre stikkrenner. Ein reknar med at den kan opnast for trafikk ein dag i komande veke.

Det har alt nå vore køyrd opp til breen med små bilar, så vegen er då køyrande alt, men er ikkje langt nok komen til at store bilar og bussar kan koma opp ennå.”
 

Nemnd i 1948

Me kjenner ikkje til nøyaktig når tanken om bilveg fram til Nigardsbreen kom opp, men kommunestyret hadde saka føre i eit møte 15. juli 1948, ti år før vegen vart opna. Det var eit brev frå Sogn Billag L/L, datert 25. april same året, som låg til grunn. Me kjenner ikkje til kva som stod i dette brevet, men dei som sat i kommunestyret var positive. Samrøystes vart det valt ei nemnd til å arbeida med å få folk til å teikna aksjar for å finanisera ein bilveg til Nigardsbreen.

Dei som vart valde var:
1. Kristen Bakken
2. Anders Nigard
3. Hallvard Hesjevoll
4. Anders Aasen-Hauge
5. Otto J. Elvøy

Kristen Bakken fekk oppdraget med å kalla nemnda saman.

Nytt initiativ i 1956

Det lukkast ikkje å skaffa pengar i 1948. I 1956, nesten ti år seinare, hadde kommunestyret saka Veg til Nigardsbreen føre på møte 28. november. Til grunn for saka denne gongen var to brev, det eine frå Kristen Bakken og Bjarne Drægni, det andre frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Det ser ut til at Bakken og Drægni hadde sendt brevet sitt til Fylkesmannen og at Fylkesmannen sende brevet til kommunestyret. Fylkesmannen ville vita om kommunestyret var interessert i vegen og om kommunen ville hjelpa til med finansiering.

Kommunestyret sitt vedtak

Kommunestyret sa ja til veg, no som i 1948. Ein slik veg ”kan koma til å fremja turisttrafikken”, står det i det samrøystes vedtaket. Kommunen kunne jamvel vera med å betala.

”Jostedal heradstyre er interessert i at det kan verta bygd ein veg fram til Nigardsbreen. Det kan koma til å fremja turisttrafikken. – Det som gjeld brui over Breelvi, meiner kommunen å taka ein del av kostnaden, dersom det kan verta bygd på den plassen at grendi kan få ei utløysing med brui og vegen i tilknytning til fylkesvegen [hovudvegen].”

Ordskiftet

Avisa Sogn og Fjordane hadde meir frå handsaminga av saka. Avisa refererte frå ordskiftet. Alle var ikkje like overtydde om at det var klok prioritering å gå inn i prosjektet med kommunale kroner.

Innleiingsvis nemner avisa at det ”for nokre år sidan” (i 1948) vart sett ned ei nemnd for å sjå på om det var interesse for å skipa eit ”lutlag” (aksjeselskap) for å byggja veg til Nigardsbreen, og til å byggja ein restaurant. Mange var villige til å teikna aksjar, men det var for lite til å setja i gang, i 1948.

Deretter refererer avisa frå ordskiftet:

Johannes Fossen:
- tykte Jostedal vanta så mykje vegar at det var meir turvande å konsentrera seg om det enn å byggja ein slik turistveg – ”ein hadde ikkje anna enn dumba [støv] av den ferdsla likevel.”

Kristen Bakken:
- meinte ein skulle sjå bygdeinteressene i samanheng – det eine verka gjerne over på det andre og skaper framgang

Hallvard Hesjevoll:
- såg dette vegkravet som to parsellar. Den eine galdt vegen til Mjølverdalsgrendi, og her burde heradet vera med, men det som var rein turistveg, kunne eit lutlag byggja.

Samrøystes vedtak:
(sjå ovanfor) Jostedal kommune var interessert i veg til Nigardsbreen, og kommunen ville hjelpa til med å kosta byggjing av bru og veg som gagna Mjølversgrendi.

Bompengar

Den privatfinansierte delen av vegen fram til Nigardsbreen fekk namnet L/L Brevegen (lutlag). Vegen var kostnadsrekna til 20 000 kroner, men sluttrekninga kom på 30 000. Heilt frå starten har vegen vore bomveg,: I høgsesongen vert bompengane kravde inn av bompengevakt der vegen byrjar, og utanom høgsesongen ved sjølvbetaling. Kommunestyret gav løyve til å krevja inn bompengar i møte 10.06.1958. Takstane var: 

”Private personvogner: kr 3,00
Drosjer og lastevogner utan benkeutstyr: kr. 5,00
Motorsyklar og mopedar: kr. 1,50
Alm. trøsyklar: kr. 1,00
Lastevogner m/benkeutstyr: kr. 15,00
Bussar: kr. 15,00

Etter 1958 - oppsummering

Turistvegen til Nigardsbreen, bygd og driven av L/L Brevegen, seinare Brevegen A/S (aksjeselskap), har vore mykje brukt i alle år etter at vegen var ferdig i 1958. Selskapet har utbetra vegen og halde han i god stand. ”Dumba” vart borte då vegen vart asfaltert. Dei har utvida parkeringsplassen mykje og laga ekstra lomme for bussar, og sett opp toalett. Båten Jostedalsrypa har frakta tusenvis av turistar til og frå øvste enden av vatnet.

Men det vart berre med tanken å byggja kafe framme ved breen. Seinare vart behovet for ein plass for å kjøpa seg mat og drikke, løyst då Bresenteret stod ferdig, eit kort stykke frå riksvegen. 
 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane, 12.04.1957, november 1957.
Sogningen, 25.06.1958.
Fylkesarkivet: Kommunearkivet i Luster, Jostedal kommune, formannskapet, møtebøker

PERMANENT IDENTIFIKATOR