Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Breistøylen



Breistøylen er den stølen Hope, gard nr. 27, har i dag. Den ligg fint til i dalen litt ned for Skilbreidvatnet i ei høgd på ca. 145 m o.h. Dei fleste sela ligg tett samla på ein kolle, fint istandsette og fint rydda i "tunet". Fjøsa ligg meir spreidde. Her er dyrka mark og slåttemarker omkring som framleis vert drivne.

Breistølen og den gamle køyrevegen i framgrunnen.

Breistølen og den gamle køyrevegen i framgrunnen.

Eigar: Bygdeboknemnda i Gloppen.

Datering: ca. 1900.

Fotograf: Simon Hope.

Tilkomst

Bortsett frå Heistøylen, ligg Hopestølane nede i dalen med gode transporttilhøve både no og tidlegare. Bilvegen kom i 1930-åra. Stølsområda har dermed vore lette å utnytte både til beite og til forhausting.

Bruk av stølen

Hope har hatt fleire stølar. Kår- eller Kortstøylen ligg nærast tunet og har nok vore ein plass der det eventuelt har vore gardfjøsar (støl heitte frå gamalt stodull som tyder mjølkeplass).

Mestøylen ligg lenger oppe i dalen ca. 130 m o.h. I dag ser ein stølen berre som eit grønt område ved sida av hovudvegen. Me- er vanleg for mellom- og tyder sikkert at den ligg mellom Kårstøylen og sommarstølen lenger oppe. Her var det berre eit sel og kyrne vart mjølka ute. Mestølen vart nedlagd kring 1890.

Heistøylen ligg på heia rett nordvest for osen på Skilbreidvatnet ca. 350 m o.h. I dag finn vi berre rester etter steinmurar som viser kvar den låg. Dette var nok sommarstølen i eldre tider. Den vart nedlagd eller flytta til noverande hovudstøl kring 1870.

På Breistøylen er stølstida 10. juli til kring 1. september. Dei reknar og med 10 dekar slått på kvia. Frå 1917 til utmarksjordskiftet i 1972 hadde kvart bruk ein teig av stølskvia. No er kvia aust for riksveg 615 ein del av utmarksteigen til bruk nr. 5. Bruk nr. 7 eig på same måten kvia på vestsida av vegen. Alle sela står på sameige.
No er bilen transportmiddel for både budeier, mjølk og anna avdrott. Men det var ganske god veg tidlegare og, med transport med hest og vogn. Budeiene gjekk eller sykla. Før 1930 var det trebøtter og trekjerald som rådde grunnen. Frå 1920-åra kom dei lettare blekkbøttene og blekkjeralda.
I 1985 kom det kraftline ned Hopsdalen og dei fekk elektrisk kraft på stølen. Alt vart då lettare både med mjølkestell og bruk av husa til nokre fridagar eller tilsyn av beitedyra. Både tidlegare og i dag er stølen ein viktig stad å vere ved fiske i elver og vatn, og jakt i fjell og dalar kring stølsområda.

Nokre fakta

Hope, gard nr. 27, Hyen sokn, hadde 8 bruk i 1890. Det budde 70 menneske på garden i 1965. Talet var 67 i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 307. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR