Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Vigslekvad til Davik bedehus



«Det hus som Herren byggjer / det aldri falla kan / difor me hugheilt tryggjer / vår Fredtun i hans hand.» Dette er dei fire siste linene i Johanne Bakke sitt vigslekvad til bedehuset Fredtun i Davik på vigsledagen, søndag, 1. juni 1947.

<p>Davik bedehus, bygd i &aring;ra 1938-1946, vigsla 1. juni 1947, st&aring;r like ved kyrkja. Tidleg i 1970-&aring;ra fekk huset tilbygg med sanit&aelig;ranlegg. Fr&aring; 1978 og nokre &aring;r framover, var det barnehage i bedehuset.</p>

Davik bedehus, bygd i åra 1938-1946, vigsla 1. juni 1947, står like ved kyrkja. Tidleg i 1970-åra fekk huset tilbygg med sanitæranlegg. Frå 1978 og nokre år framover, var det barnehage i bedehuset.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2011

Fotograf: Hermund Kleppa

Tok lang tid

Davik fekk indremisjonsforeining 1879 og laget tenkte tidleg på å byggja bedehus. Alt kring århundreskiftet heldt foreininga basarar og samla inn pengar ved innsamlingslister, men først i 1938 fekk dei ordna med tomt. Bygginga gjekk føre seg i åra 1938-1947. Søndag 1. juni 1947 var såleis ein stor dag for indremisjonsfolket i Davik, då Ola Vik kunne ønskja eit fullsett bedehus velkomen til vigslefest.

Omtale i lokalavis

Fjordenes Tidende hadde eit innsendt stykke om vigslehøgtida kort tid etter. Det er signert «J.B.». Stykket reknar opp kven som heldt vigsletalen og kven som elles bar fram helsingar. Davik ungdomskor deltok. Vigslekvadet står ikkje nemnt i Fjordenes Tidende, derimot i ei melding i Fjordabladet: «Eit godt vigslekvad av Johanna Bakke gjorde høgtida endå større.»

Vigslekvad

(Tone: Breid dine kvite vengjer –)

Av ånd med guddoms-gneiste,
av nåde understor,
i tru isaman-sveiste
til tempelbygg på jord,
det er det vigslings-suset
som Fredtun fylla skal,
og lyfta takksemd-bruset
til kor i himmelsal.

Han som gav eldhugs-ande
å verka det han vil,
han knytte brorskaps-bandet
i heilag Fader-smil.
Hans kraft lyt driva verket,
skel rettferd framgang få,
hans meisterhender sterke
det samla byggverk rå.

Det er den sannings grunnstein
me fekk å byggja på
i samspel uta svikmein:
vår Frelsars sonings-blod.
Den livsens straum som pliktar
å vakta Sions stad,
i bøn som aldri sviktar,
lovsyngja frelsens kvad.

Lat vekkings bråbrand fengja,
skap liv i morgon-gry.
lik vårflaum stengsler sprengja,
brøyt leid og barde ny.
Lat fredens straumdrag fylgja
som kår frå ævestrand,
lat kjærleiks gullband bylgja
seg kringom heim og land.

Ja, må vårt Fredtun kjære,
i nådens samband stå,
så ordet til Guds ære
slik sjelevinning få.
Det hus som Herren byggjer,
det aldri falla kan,
difor me hugheilt tryggjer
vårt Fredtun i hans hand.

kjelder:

Fjordenes Tidende. 05.06.1947
Fjordabladet, 17.06.1947
Nordfjord Indremisjon av Det norske lutherske indremisjonsselskap. 1879-1979. Bakgrunn og framvokster. 1979.

PERMANENT IDENTIFIKATOR