Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Sentralsjukehuset for Sogn og Fjordane



På Via i Førde ligg sentralsjukehuset for Sogn og Fjordane, som òg er lokalsjukehus for meir enn halve fylket. Dette var, fram til at staten overtok styringa av sjukehusa, den største arbeidsplassen i fylkeskommunen og det største fylkeskommunale bygget, realisert etter ein uvanleg hard politisk strid.

Sentralsjukehuset for Sogn og Fjordane i Førde var den største arbeidsplassen i fylkeskommunen. Frå 1. januar 2002 overtok staten drifta av sjukehusa i Norge.

Sentralsjukehuset for Sogn og Fjordane i Førde var den største arbeidsplassen i fylkeskommunen. Frå 1. januar 2002 overtok staten drifta av sjukehusa i Norge.

Eigar: Helse Førde.

Datering: 2001.

Fotograf: Ukjend.

Fire små lokalsjukehus

Sogn og Fjordane fekk først eit fylkessjukehus i 1933. Det kom i Florø, basert på det gamle Raudekross-sjukehuset, som igjen var grunnlagt på eit fiskarsjukehus frå 1861. På 1930-talet kom det sjukehus i privat regi på Nordfjordeid, i Lærdal og Høyanger. Desse tre vart fylkessjukehus kring 1950. Men standarden og det medisinske tilbodet på dei fire sjukehusa var dårleg utetter på 1960-talet. År om anna vart kring halvparten av sjukehuspasientane i fylket handsama ved sjukehus utanom Sogn og Fjordane.

Hard lokaliseringsstrid om sentralsjukehus

Fylkestinget ynskte å halde på dei fire sjukehusa, men i 1967 tilrådde Helsedirektoratet bygging av eit sentralsjukehus, med mange fleire medisinske tilbod enn kva dei fire andre hadde. Ei nemnd tilrådde dette bygt i Førde. Det vart ein hard politisk strid, der fylkestinget fleire gonger vedtok å satse på dei fire eksisterande sjukehusa, mot faglege råd. Men ny sjukehuslov kravde sentral godkjenning av sjukehusplanane. Den 23. juli 1971 vart så striden avgjort då regjeringa Bratteli vedtok ein Kongeleg resolusjon om bygging av sentralsjukehus i Førde. Året etter gjorde fylkestinget samrøystes same vedtak, men samstundes skulle dei fire lokalsjukehusa haldast i drift.
Striden om sentralsjukehuset var primært ein lokaliseringsstrid, og kan karakteriserast som særleg bitter og hard, der mange middel vart tekne i bruk. Motstanden vart sterk frå dei som risikerte å miste sjukehustilboda dei lenge hadde vore vande med. Desse interessene hadde fleirtal i fylkestinget. Faglege omsyn, og eit kvalitativt betre sjukehustilbod på ein sentral stad som Førde, kom på defensiven i lokaliseingsstriden, men vann likevel fram til slutt, då saka vart avgjort i regjeringa.

Bygginga

Ei førebuande nemnd kom i arbeid hausten 1972. Denne vart utvida til ei byggjenemnd, med fylkeslege Hegbom som formann. I 1975 kunne byggjearbeidet starte opp. Hovudentreprenør var firmaet G. & F. Hjelmeland. Dei første pasientane vart tekne imot i mai 1979, men offisiell ferdigdato var 10. september 1979, ei veke etter planen. Også kostnadsmessig kom byggherren godt ut, ettersom ferdigprisen var på 190 mill. kroner, kring 8 mill. under kalkylen. I tillegg kom kring 50 mill. til utstyr.

Sentralsjukehuset kravde òg sitt av Førde kommune. Kommunen sytte for gratis tomt og tilrettelegging av bustadtomter for dei tilsette. Dessutan måtte kommunen betale 12,5 pst. av byggjekostnadene. Men kommunen kunne i si tid rekne med å få noko att med dei ringverknadene sentralsjukehuset drog med seg.

Bygget er på i alt 10 etasjar med ni over bakken, der 3. og 9. etasje er tekniske. Totalt areal er 38 000 kvm med 34 000 på hovudbygget, og 4 000 på psykiatribygget, ferdig i 1990. I 1995 vart Florø sjukehus del av sentralsjukehuset.

Sjukepleiutdanning

Samstundes med at sjukehuset vart teke i bruk, var sjukepleieutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Helsefag, klar i 1979. Her vert det årleg uteksaminert kring 100 studentar, somme år med kring 25 deltidsstudentar. Psykiatrisk studium kom i 1988, med kring 20 studentar anna kvart år.

Sentralsjukehuset år 2001

År 2001 er det på sentralsjukehuset i Førde kring 1300 tilsette, fordelt på kring 1000 årsverk. Sjukehuset har spesialfunksjonar og avdelingar som skal dekke det meste av helsebehovet i fylket. Sjukehuset behandlar årleg kring 12 000 pasientar, og har kring 70 000 liggjedøgn.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, Årsmelding 2000.
20 år for liv og helse i Sogn og Fjordane. SSSF 1999.
Førsund, Finn B.: Førde tettstad 1950 til 1980. Intervjusamling. Førde 2001.
Munnleg informasjon frå:
Olav Bøyum, f. 1920, Førde.
Djupedal, Torkjell: Førde. Kulturhistorisk vegvisar.Førde 1998.
Timberlid, Rune: Byggjeefesten. Historia om Hjelmelandsbrørne. Selja Forlag 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR