Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 20. mai 2020

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

1905 - Gulen kommune



I 1905 vart Noreg eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Gulen kommune

Postkort: 'Eivindvik i Sogn. Eneret P.R.Sandal'. Vi ser Gulen kyrkje med prestegarden bakom, 'Presteneset' i midten og doktorhuset (bygd 1893) til høgre. På kaia ser vi handelshuset til P.R.Sandal. (Postkortet datert 21/12-1911 frå doktor Nielsen til Otto W. Schrøder, Skjerjehamn).

Postkort: 'Eivindvik i Sogn. Eneret P.R.Sandal'. Vi ser Gulen kyrkje med prestegarden bakom, 'Presteneset' i midten og doktorhuset (bygd 1893) til høgre. På kaia ser vi handelshuset til P.R.Sandal. (Postkortet datert 21/12-1911 frå doktor Nielsen til Otto W. Schrøder, Skjerjehamn).

Eigar: Midttun, Odd A.

Datering: Ca 1910.

Fotograf: Ukjend.

Gulen kommune i 1905

Det som i dag er Gulen kommune besto i 1905 av kommunane Gulen og Brekke. Øya Losna høyrde til Gulen kommune. Gulen kommune omfatta i 1905 kyrkjesokna Gulen hovudsokn og Mjøma anneks.
Lavik og Brekke vart delt ved kongeleg resolusjon 1. oktober 1904. Delinga verka frå 1. januar 1905. Lavik og Brekke utgjorde framleis eitt lensmannsdistrikt. Brekke var ein del av Lavik prestegjeld også etter kommunedelinga.

I 1900 var folketalet i Gulen kommune 3254. Fiskeri var ei viktig næring, og då særskilt hummar og laksefiske. Kommunen hadde ein sparebank (Eivindvik sparebank). Av industri kunne ein finne Selvåg treskofabrikk, margarinfabrikk i Fonnevik og sagbruk på Eidssagen og Dingja. Den samla strekninga av køyrevegar var i 1901, 12 km.

I 1910 var folketalet i Brekke kommune 951. (Vi har ikkje folketalet i 1900.) Det var betre høve for jordbruk i Brekke enn i Gulen, og potetdyrking var viktig. Innbyggjarane i Brekke var noko involvert i kystfisket, men omfanget var ikkje så stort som for Gulen kommune. Det var få køyrbare vegar i Brekke herred i 1905, men det var veg mellom Brekke og Verkland og mellom Brekke og Takle.

I 1905 vart det oppretta tre nye postopneri i Gulen (Dalsøyra, Gulafjord og Nordgulen). Frå før hadde dei 6 postopneri (Guløy, Mjømna, Skjerhamn, Sygnefest, Eivindvik og Halsvik). I Brekke var det 3 postopneri (Brekke, Vikum og Bålen). Det var rikstelefonstasjonar i Gulen, tre av dei oprettta i 1904 og ein i 1905. (Dalsøyra, Leversund, Eivindvik og Nyborg (1905)). Fylkesbåtane hadde stoppestad i Brekke, Bålen og Oppedal i Brekke kommune og Mjømna, Skjerjehamn, Guløy (Nyborg), Eivindvik, Dingja og Sygnefest i Gulen kommune.

"i spændt Forventning"

I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser).

Vi finn også døme på at folk var særleg opptekne av det norske. Eit brev trykt i Sogns Tidende, 12. februar handlar om hardingfela. Brevskrivaren, Einar Ynnesdal seier at han:

elsker felespillet fremfor anden musik og spill. Det er meget vakkert og mer norsk end trekkspillet. (..) at Ole Bull har lært at spille efter elvens toner, tror jeg sikkert, og det spillet maa vel være norsk, ikke sandt? Derfor ungdommer, arbeid paa at faa reise opatt det gamle hardangfelespelet, lad fela faa klinge frit i de norske daler og norske byer til fryd og hugnad for gamle og unge.

Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga

Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka, arbeidet for meir bruk av nynorsk, engasjerte mange, det same gjorde utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei anna aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 køyrde det fyrste toget gjennom Gravhals-tunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet

Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. I Brekke var det sumaren 1905 ei ørn som hadde laga problem for innbyggjarane. Sogns Tidende skreiv 21. juli at "I Brekke hev ei ørn havt sitt kongerike i det siste og styrt med rusisk magt og velde. Fraa sitt reid uppe i berget tok ho seg ei liti reis og henta eit lam, ein killing eller liknande naar det høvde so." Avisa kunne vidare fortelje at det vart arrangert ein aksjon for å fjerne reiret åt ørna. Etter at reiret, med ungar vart fjerna, hadde ikkje ørna plaga innbyggjarane i Brekke meir.

I ein notis i Sogns Tidende 26. mai 1905 kunne vi lese om "Kvægutstillingen i Lavik". To gardbrukarar frå Brekke og ein frå Gulen fekk hederleg omtale for sine utstillingsdyr. Navnet åt dyret til T. Asheim frå Brekke var "Kong Oscar". Kva meining som låg bak namnevalet veit vi diverre ikkje noko meir om.

Nokre nøkkelpersonar

Det var kommuneval i 1904, og for Gulen kommune vart A. Hantveit vald til ordførar. O.K. Ottesen var sokneprest. Augustin Bredvik var lensmann. For Brekke kommune vart Johs. L. Wergeland vald til ordførar. P.H.B. Borch var sokneprest. Lasse Ellingsen var lensmann. Ellingsen hadde tidlegare vore ordførar for Lavik og Brekke herred og stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane.

Gulen kommune hadde ein stortingsmann i 1905, Otto Schreuder. Schreuder dreiv landhandel i Skjerjehamn. Han var ein foretaksom mann og starta eksport av laks og hummar, noko som hadde stor tyding for lokale fiskarar i heile Ytre Sogn. Schreuder var også med å starte ein større trelastforretning, og han var ein av opptaksmennene til Gulen Sparebank.

Lag og organisasjonar

I Gulen kommune var ungdomslaget "Fridom" etablert før 1905, og truleg også fleire ungdomslag og skyttarlag.

17. mai 1905

Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Rundt om i heile landet tok talarane føre seg Eidsvoll og grunnlova og nasjonalt sjølvstende i større alvor og med større begeistring enn nokon gong.

Sogns Tidende refererte 23. mai om 17. mai feiringa i Vadheim: "Han [distriktslæge R. Bergh] skildrede stemningsfuldt og vakkert Norges fremgang siden 1814 og holdt sterkt frem de norske krav for vor ret og sælvstendighæd." Liknande referat finn vi frå fleire bygder i Sogn og Fjordane, og det er grunn til å tru at dei også i Gulen sette eit fokus på Noregs "krav for vor ret og sælvstendighæd" ved 17. mai feiringa i 1905.

7. juni 1905

7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare.

Pinsedag var det i Gulen kyrkje halde bøn for fedrelandet. I eit rundskriv frå det Kongelege kirke- og undervisningedepartement vart prestane oppmoda til å lese ei spesiell bøn for å takke for alle hendingane i året 1905.

Hold, o Gud og Fader, fremdeles din velsigndende haand over vort dyre fædreland. Vi beder om fred fra dig, kraft og lys ved din aand over vor kjære konge. Gjør ham til en velsignelse for vort folk og bind hans og vort hjerte sammen i gjensidig tillid og kjærlighed. Lad din naade og velsignelse hvile over vor droning og vor kronprins. Og giv det kongelige hus alltid at finde glede og styrke i dig.

Folkerøystingane - røysterett og valstyre

Det var to folkerøystingar i 1905: i august og i november. 
Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle kåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk.

Gulen valsokn tilsvara dåverande Gulen kommune. Valstyret var samansett av: lensmann A. Bredvik (formann), A. Hantveit, Otto J. Midtun, Henrik H. Tveit, Hans K. Rutledal, John J. Kjellevold og Jetmund O. Grimen. (For folkerøystinga i november møtte Mons J. Dale som varamann for John J. Kjellevold.)

Brekke kommune var ein del av Lavik valsokn som omfatta dåverande Lavik, Kyrkjebø og Brekke kommunar. Valstyret var samansett av: ordførar Lasse Trædal (formann), konstituert lensmann Bjørnethun, L. Aven, Johannes B. Mølmesdal, Ramsli, Berge Instefjord (august), Gunnar Mjelsvik (august), Johs. Vergeland, Johan Kirkebø, I. P. Haugland, Ivar O. Asheim, Ole Føsund (august), Sjur Dale, J. Breivik, L. Austrheim (november), A.O. Hovland (november) og Isak Tynning (november).

I folkerøystinga i november var det for Gulen valsokn 2 røystestader:
a) i Gulen kyrkje og b) i Mjømna kyrkje. I folkerøystinga i august var det berre røystestad i Gulen kyrkje. Oppteljinga ved begge røystingane føregjekk i Gulen kyrkje.
I begge røystingane var det for Lavik valsokn 3 røystestader: a) i Lavik kyrkje, b) i Brekke kyrkje og c) i Kykjebø kyrkje. Oppteljinga føregjekk i Lavik.

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga

Resultatet i Gulen valsokn: Av 667 som hadde røysterett, røysta 575 (86,2%). Alle røysta ja.
Resultatet i Lavik valsokn: Av 806 som hadde røysterett, røysta 745 (92,43%). Alle røysta ja.
Resultatet i Brekke sokn: Av 200 som hadde røysterett, røysta 189 (94,5%). Alle røysta ja.
I Sogn og Fjordane fylke var det ein frammøteprosent på 88,7 og berre tre røysta nei.

Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei.
Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster, 368 208 ja, 184 nei.

Avisene i fylket kunne fortelje om at 13. august 1905 var ein festdag. Sogns Tidene trykte 22. august eit brev underskrive av O. W. Han kunne fortelje at "Kirken i Eivindvik var for anledningen pyntet med flag og grønt, hvilket bidrog meget til øgning af feststemningen." Vidare kunne han opplyse om at oppmøtet var svært godt. Etter gudstenesta tala presten frå kordøra. Han understreka "at om her skulde være nordmænd som svared nei til 7 junibeslutningen, saa skulde man undskylde dem, fordi de ikke forstod hvad de gjorde".

Den høge valdeltakinga ved folkerøystinga var mellom anna eit resultat av at reiarlag sette opp ekstraruter for å frakte folk til røystestadene. Frå Gulen skriv O.W. i Sogns Tidende 22. august: " Lig saa en tak til N. B. Amts dampskipskontor og specielt til S/S "Sogns" fører hr. Slætten for hans imødekommenhed ved at tage en hel del baader og folk udover til Skjergehavn og Mjømen."

Privat kvinneunderskriftsaksjon

Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, til liks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget.

I Sogns Tidende vart det 9. august trykt ei oppmoding frå "Fru statsminster Qvam" til kvinner om å skrive seg på lister. Avisene var sentrale for å få ut informasjon om aksjonen, og sjølv om vi ikkje har opplysningar om kvinneaksjonen i Gulen er det ikkje usannsynleg at også kvinner frå Gulen skreiv under på desse listene.

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk

Resultatet av folkerøystinga i november for Gulen valsokn: Av 669 med røysterett, røysta 494 (73,24%). 4 røyster vart forkasta. 426 røysta ja (for kongedømme), 64 røysta nei (for republikk).
Resultatet av folkerøystinga i november for Lavik valsokn: Av 809 med røysterett, røysta 495 (60,19%). 8 røyster vart forkasta. 290 røysta ja (for kongedømme), 197 røysta nei (for republikk).
(For denne folkerøystinga har vi ikkje eigne tal for Brekke.)

Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for republikk.
Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk.

Den nye kongefamilien

Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Noregs konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta.

Sjømannen Karl Gåta frå Byrknesøy i Gulen var i Bergen den dagen kongefamilien kom til landet og han skreiv dette i dagboka si denne dagen: "25/11: Bergen (Kongedagen). Hele dagen var byen og dampskibsflaaden klædt i et ypperligt festskrud med flag i alle muelige størrelser hvor man kunde se.

Ordene: "Alt for Noreg" (Kong Haakon den 7des valgsprog) var illuminered på Triangelen og trykt i alle vinduer, ligesom store og smaa billeder av Kongefamilien og Statsminister Michelsen var smukt dekoreret med nationale farber og grønt. Folkemassen i gaderne var stor udover kvelden. Kl. 10 kom fakkeltoget (det 1ste jeg har set) som et lysende ildhav fra fæstningen ud Øvregade og ned langs Sporvognslinjen over torvet til Holberg- og Christiestøtten."

"Fest i anledning ... tilendebringelse av frigjørelsesværket"

Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905. 7. desember vart det i Gulen kyrkje halde takkegudsteneste for landet si politiske frigjering. Vi veit ikkje noko nærare om innhaldet i gudstenesta, men etter Kyrkjedepartementet sitt rundskriv skulle dagens tekst vera Salmane 118, vers 23-26 og det vart rådd til å bruka Blix si fedrelandssalme.

kjelder:

Engesæter, Ludvig: Brekke herred, ei bygdebok, 1. band. Bergen 1944


Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene. I Kjelda nr. 3 2002.


Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 1. Kristiania 1901.


Glimt frå Gulen, Gulen kultursogenemnd 1992


Glimt frå Gulen, Gulen kultursogenemnd 1994


Glimt frå Gulen, Gulen kultursogenemnd 1998


Nordre Bergenhus Amtsthings Forhandlinger i Aaret 1906. 1906.


Avisa Sogns Tidende 12.02.1905, 23.05.1905, 26.05.1905 og 22.08.1905.


Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og folkerøystinga 12. og 13. november.


Statsarkivet i Bergen: Gulen prestearkiv, dagsregister 1905.


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Karl Gåta, dagbok 1905.

PERMANENT IDENTIFIKATOR