Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 01. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Otterdalsnakken - oksehamn, seterdrift og utslått



Utmarksområdet Otterdalsnakken var frå uminnelege tider nytta til beite og utslåttemark. Her var seterdrift, og fram til 1945 vart området også nytta til beite for hestar og oksehamn for avlsoksar.

Otterdalsnakken sett frå sør. 1. Nakkebryggja. 2. Oksehamna/-beiteområdet. 3. Steingarden.

Otterdalsnakken sett frå sør. 1. Nakkebryggja. 2. Oksehamna/-beiteområdet. 3. Steingarden.

Eigar: I Historisk årsskrift. Nr.4

Datering: Datering:Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Godt beite

Med si naturlege avgrensing opp mot fjellet og ned mot Hornindalsvatnet var Otterdalsnakken eit godt eigna beiteområde. Stranda er bratt, men midt oppe på nakken er det eit svært godt beite. Størstedelen av dette området tilhøyrer bnr. 1 i Otterdal.

Seterdrift og slått

På 1800-talet vart det bygd seter like ovanfor der Firdkraft si 66 kV linje tek over vatnet. Det var Navelsaker Innigard som leigde beite- og seterrett av brukarane på bnr 1 i Otterdal.
Det vart óg drive utslått på nakken rundt århundreskiftet. Det vart sagt at Vellebakk-Nils åtte høylemmen over fjøset. Han og ein annan brukar på ytre Horne lagra høyet der til snøen kom, og drog det så på slode(*) ned til vatnet og rodde det til ytre Horne. Både seterdrift og utslått tok slutt nokre år etter århundreskiftet.
Merknad: slode - to tette bjørkegreiner lagde delvis over kvarandre, til å drage høy på.

Idèrik kar

I 1913 fekk Ole Rasmussen Otterdal skøyte på bnr. 1 i Otterdal. Han var ein idèrik kar, og såg at Nakken kunne brukast til noko. Han bygde Nakkebryggja og med noko hjelp bygde han rås herifrå og opp på Nakken. Ved dugnad sette han opp ein steingard lengst nord i beiteområdet mot seterdalen.

Mannevonde stamstutar

På denne tid nytta bøndene stamstutar i avlsarbeidet, og beiteområdet på Nakken vart nytta til beite for desse stamstutane. Ein kunne ikkje sleppe avlsoksar på beite der folk ferdast, dei var ofte mannevonde. Det vart fastsett og kunngjort ein sleppedag. Rutebåten "Dølen" frakta oksane i ein stor pram på slep både frå Sanden, Kjøs, Nor og Heggjabygda.

Bilete av Lars Hatledal med ein stut.

Turen opp

Turen opp til beiteområdet starta frå Nakkebryggja når alle dyra var komne på land. Dyra var i dårleg form etter ein lang vinter på bås, råsa var bratt og det var ikkje vatn å finne, så det var ei stor påkjenning for dyra. Det hende at det var dyr som stupte, og ein måtte då slakte dyret og få med seg kjøtet heim.

Kamp om leiarskapen

Det var alltid ein leiar blant oksane. Kampen om leiarskapen starta når oksane vart sleppte lause i beitet. Ein okse kunne ha leiarskapen i fleire år inntil han vart slegen ut av ein annan. Dei oksane som kom etter at hovudflokken var sleppt, vart jaga. Det er fortalt om ein okse frå Gudbrandsdalen, som kom eit par dagar etter dei andre, at han vart jaga utfor og slo seg i hel i stranda.

Redde seterjenter

Det hende at oksane kom seg over steingarden i nordenden av beitet og ned i seterdalen. Seterjentene vart redde når dei såg og høyrde oksane kome. Dei måtte då få beskjed heim slik at karane kunne kome å få stutane tilbake til Nakken. Dei måtte då ha med seg gevær og skyte skremeskot for å få stutane til å snu.

Beitinga tok slutt

Etter at oksebeitinga tok slutt, vart det nokre år sleppt hest på sommarbeite på Nakken. Etter dette var ei tradisjonsrik tid slutt. No beiter det sau på Nakken, og av og til ferdast der villdyr.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Otterdal, Rasmus: Stutehamna på Otterdalsnakken. I Historisk Årsskrift. Hornindal Historielag, 1988.
Opplysningar frå:
Samuel Lien, Hornindal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR