Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. april 2010

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fylkespolitikar på to minnesteinar - H. U. Sverdrup



I boka" Sogn og Fjordane fylkekommune gjennom 150 år" står presten Harald Ulrik Sverdrup (1813-1891) omtalt som "den fremste fylkespolitikaren i ei årrekkje." To minnesteinar ber vitnemål om eit menneske som sette varige spor etter seg på eit breitt felt; - minnesteinen på grava hans og Fylkesbaatane-minnesteinen ved Kviknes Hotel i Balestrand.

Minnesteinen på grava til H.U. Sverdrup på kyrkjegarden ved Tjugum kyrkje.

Minnesteinen på grava til H.U. Sverdrup på kyrkjegarden ved Tjugum kyrkje.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Om gravferda

Harald Ulrik Sverdrup døydde 23. april 1891 og vart gravlagd 30. april. Avisa Sogns Tidende hadde omtale 13. mai med Bergensposten som kjelde. Stykket vitnar på sitt vis om ein framståande person. Det står:
 

”Forhenv. Sognepræst Ulrik Sverdrups begravelse foregik 30. april i Balestrand under almindelig [her: stor, brei] Deltagelse. Man samledes i Sørgehuset over paa Balestrandssiden, hvor den afdøde havde boet effter sin affsked. Foruden Afdødes Hustru var ogsaa 6 af hans Børn tilstede. Harald Sverdrup talte ved Kisten, som derefter bares hen af medlemmer af Herredsstyrelsen og roedes over Esefjorden til Præstegaarden.

Herfra bares den til Kirken, hvor Affdødes ældste Søn, Sognepræst til Bergens Korskirke, Jakob Sverdrup, talte. Jordfæstelsen udførtes af provst Christie fra Ladvig. Derefter bragte Herredsstyrelsens Ordfører, Gaardbruger Anders Ese, den Affdøde Herredets og Amtets Tak for hans lange og dygtige Arbeide (..) og Kirkesanger Øvrebø en Tak fra Lærerstanden for hans Virke i Skolevæsesenets Tjeneste.”
 

Minnesteinar

H.U. Sverdrup er heidra på to minnesteinar. Den eine står på grava hans ved Tjugum kyrkje, den andre står attmed Kviknes Hotel.

Minnesteinen på grava er obeliskforma med fotstykke der det er fire felt. På framsida står innskrift om Sverdrup, på tilstøytande venstre side står innskrift om fru Sverdrup, og på baksida innskrift om kven som reiste steinen. På framsida står:
 

Sogneprest
H.U. SVERDRUP
født 18 febr: 1813
død 23 April 1891
Rom 5.1.

I Romerbrevet 5.1 står: ”Då vi no er rettferdiggjorde av tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.”

Den andre Sverdrup-minnesteinen står attmed Kviknes Hotel. To namn er med: ”Amtmann Aubert” og ”sokneprest Sverdrup”. Steinen vart reist i 1911 for å heidra Aubert og Sverdrup for arbeidet deira med å skipa Nordre Bergenhus Amts Damspkibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) i 1858.

Biografi

I Finn B. Førsund si bok Sparebanken i Balestrand (1997) finn vi følgjande omtale av Harald Ulrik Sverdrup:
 

”Sverdrup og oberstløytnant Meidell (..) stod bak skipinga av sparebanken. Sverdrup nøgde seg ikkje med å få banken i gang. Han sat like godt som formann i bankstyret i 32 år!

Han vart residerande kapellan i Leikanger i 1845. Då Leikanger prestegjeld vart delt i 1849, valde Sverdrup det nye Balestrand prestegjeld, der han var sokneprest til 1883. Han budde i Balestrand livet ut og ligg gravlagd på Tjugum kyrkjegard. Han fekk ein brystsjukom som gjorde at han frå 1853 ikkje kunne preike i kyrkja. Difor kom det såkalla personlege kapellanar i tida etterpå, der den siste var sonen H.U. Sverdrup. Men sjukdomen hindra ikkje Sverdrup i å utfalde stor aktivitet på fleire felt.

Han fekk skipa Balestrand Lærarskule, som var i drift frå 1863 til 1880, som han og styrde ei tid. Mest kjend er han nok for sitt politiske arbeid, lokalt og på Stortinget. Han vart vald til ordførar i Leikanger i 1849, og deretter i Balestrand der han var ordførar til 1879. Over tretti år som ordførar er med det lengste nokon har site med eit slikt verv i Sogn og Fjordane.

Som sokneprest var han dessutan formann i fattigstyret og skulestyret og leia i lang tid arbeidet i forliksrådet. Laberg [bygdebokforfattar] skriv at Sverdrup var ”ein åndeleg høvding” i bygda.

Som ordførar var han og med i amtstinget [fylkestinget], og var ei av drivkreftene bak skipinga av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, og sat i styret i tjue år. Ein solid minnestein på Holmen i Balestrand vitnar om denne delen av det offentlege arbeidet hans.

Han representerte Sogn og Fjordane på Stortinget frå 1851 til 1876 unnateke perioden 1871-1873. Han var ivrig etter å fremja distriktet sine interesser, og det er sagt om han at han var ”ei distriktsutbyggings-avdeling” i seg sjølv.”
 

Stortinget

Boka Stortinget og statsraadet 1814-1914 (1914) har utførlege opplysningar om H.U. Sverdrup som stortingsrepresentant. Om Sverdrup sine verv i komitear, o.a. står det:
 

”Var i 1851 medlem av kirkekomiteen og og sekretær i adressekomiteen,
1854 medlem av valgkomiten og suppleant av den utdvalgte kroningsdeputation,
1857 medlem af valgkomiteen, kirkekomiteen og komiteen om repræsentantfordelingen, 1859-1860 medlem af valgkomiteen, kirkekomiteen og komiteen om statholdersaken. Medlem af krondingsdeputation til Stockholm 1860,
1862-63 medlem af valgkomiteen, kirkekomite nr. 2,
1864 valgkomiteen, komiteen om den dansk-tyske krig,
1865-66 medlem av valgkomiteen, kirkekomiteen nr. 2
1868-69 medlem av Lagtinget, valgkomiteen, kirkekomite nr. 2,
1874 og 1876 medlem av Lagtinget, valgkomiteen og kirkekomiteen samt 1874 av jernbanekomiteen.
 

Markering ved minnesteinane i 1958

I 1958 feira Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 100 år. Høgdepunktet var kongebesøk i fylket i dagane 2. – 4. desember. Kong Olav V reiste med MS ”Sunnfjord” frå Flåm til Høyanger, vidare med bil til Førde der det var jubileumsfest. Dagen etter reiste kongen til Sandane og derifrå med ”Sunnfjord” til Bergen med overnatting i Måløy.

I Balestrand høgtida dei sjølve jubileumsdagen, 2. desember, utanom det offisielle programmet. Det vart lagt ned blomar ved Sverdrup-steinen på kyrkjegarden og deretter skipa til markering ved Fylkesbaatane-steinen i Holmen. Eit stort antiklimaks var det at kongeskipet ikkje kom oppunder i Balestrand. Folk kunne berre så vidt skimta ”Sunnfjord” i snøtjukne langt utpå fjorden.


 

kjelder:

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. 1. bind. del 2, 1914.
Førsund, Finn Borgen: Sparebanken i Balestrand 1847-1997. 1997.
 

Munnlege opplysningar frå Jens K. Ese, Balestrand

PERMANENT IDENTIFIKATOR