Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. september 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Uteløe på Mollandsmarki



"Den gamle utslåttløa står i dag til nedfalls bort i marka, avleggs og bortgløymd av vår siviliserte tid, står der som ei falleferdig monument over kvardagsstrevet til forfedrene våre. Men ho står der og til noko meir: - eit talande symbol om den gamle tida." Uteløene eller restene etter dei, møter me over alt i utmarkene. Ei står på Stigen på Mollandsmarki.

Uteløa på Stegen er kring 3 x 2 meter og tømra med god lufting. Det er ein god del brattare og lenger opp til innmarka på Eikeberg enn biletet gjev inntrykk av.

Uteløa på Stegen er kring 3 x 2 meter og tømra med god lufting. Det er ein god del brattare og lenger opp til innmarka på Eikeberg enn biletet gjev inntrykk av.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2005

Fotograf: Hermund Kleppa

Utslåtten i lokalhistorisk litteratur

Orda om den gamle slåtteløa i innleiinga er henta frå Rolv Tvinnreim sin artikkel i Årbok for Nordfjord 1965. Han fortel om ei utslåttløe på garden han voks opp, og om minne frå tida då løa var i bruk, om då utmarksslåtten var ein viktig del av gardsdrifta.

"Berre i mi grend [i Stryn]", skriv han, " hadde kvart bruk fire utslåttløer, og alle måtte helst vera fulle når hausten kom. Eg vil tru at kvart bruk for over ein 40-45 mål berre i utmarka. Det seier seg sjølv at vart mykje arbeid, og hadde det ikkje vore så mange folk på gardane den tida, ville dei aldri nådd over så mykje."

I Hafslo Sogelag sitt skrift Segn og Soga 1983 høyrer me om utslått som ein fast del av høyonna:

"Dao me va ferdige me enjeslaotten, so va da utmarkedn. Me hadde faste slaottetaiga so hadde vore brukt slek frao eldgamle daga.

Dalarstaig, Halldalarstaig, Markaslette (4 mark, 2 mark osv.) Taigadn hadde sine serskilde namn: Øvste Øyadn, neste Øyadn, Gruvle, Vetlestødl, Rindadn å Gjere. Me vart sette pao forsakt, so dei kadla da: Ain viss taig pao visst mange daga. Me draiv oss hart, for me vilde vinna oss fri."

Uteløa på Stigen på Eikeberg

Garden Eikeberg (Eikjaberg) er ein av dei inste på Mollandsmarki, og han ligg heilt ut mot stupbratte berget ned i Lustrafjorden. Frå Undeteigen, eit stykke av innmarka som ligg nedanom gardstunet, går det sti ned til utmarksslåtteteigen Stegen. Her står det ei tømra uteløe med bølgeblikktak.

Leif Eikeberg, fødd 1938 og bonde på Eikeberg, fortalde 16.10.2005 at dei nytta utmarksteigen på Stegen til like etter krigen. Dei slo der når dei var ferdige med slåtten på innmarka. Det tok gjerne eit par dagar, og dei turka graset på flat mark eller i hes, alt etter veret. Høyet i uteløa på Stegen låg til ut på våren.

Til vanleg låg uteløene på gardane slik at folk kunne køyra høyet heim på slede, og/eller i kombinasjon med å trilta utmarkhøyet i rodder (ballar) ned bakkar eller senda det på rennestreng. På Stegen var det motsett. Her måtte deioppmed høyet, ein strekning på fleire hundre meter nesten rett til vers. Dei løyste utfordringa med ein førestreng (løypestreng, taubane), ein streng festa nede på Stegen som gjekk opp til bruni. Ein stad var førestrengen festa i ein bukk for å få tilstrekkeleg frihøgd.

Vogna var ein plankestubb med to bøygde jarn med trinsehjul, to krokar under og ei kjenge framme festa til dragkabelen (ein noko tynnare streng). Når høybørene var hekta på, og klar til å heisast opp, klakka dei på strengen som signal til folka oppe på bruni.

Dei ordna seg med trekk-kraft på to måtar. Den ein måten var ved handemakt. To karar veiva ein trommel med sveiv i kvar ende. Den andre måten var å bruka hest. Det kunne dei berre gjera når marka var tøya. Dei spende føre hesten og "køyrde" i bein strekning i høve til førestrengen. Ved eit bestemt merke, 3 - 400 meter lenger framme, visste køyrekaren at høybørene var oppkomne.

Frå Undeteigen køyrde dei Stega-høyet heim på slede. Dei hausta to lass frå denne utmarksslåtteteigen.

kjelder:

Tvinnereim, Rolv: Den gamle utslåttløa. I Årbok for Nordfjord. 1965.
Høyonn. I Segn og Soga. Hafslo Sogelag, 1983.
Opplysningar frå:
Leif Eikeberg og Olav Eikeberg, Luster.

PERMANENT IDENTIFIKATOR