Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. februar 2001

Sist oppdatert 02. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Dyrnesliøyri



Dyrnesliøyri er danna av stein og grus frå Ullebøelva og er den einaste flate flekken i Dyrneslia. I ei veglaus tid, då mest all ferdsle gjekk føre seg i båt, var dette ein sentral plass i bygda.

Dyrnesliøyri våren 1906,  før utbygginga, teikna 1996 av Sverre Søgnen på grunnlag av gamle, utydelege foto. Frå venstre: Jekta Lydia, stova til Ryke-Hans Frivik, naust, sjøbua til Shoddyfabrikken, kalla Kvitebua. Så kjem to-tre husmannsstover, uthus og naust. Bak ligg Shoddyfabrikken øvst. Nedanfor fabrikken ligg huset og uthuset til fabrikkeigar Peder Larsen. Ved elva ligg kverna til Veimsgarden der også Dyrneslia mol.<br /> 
Lenger nede ligg vadmålstampa til skreddar Peder Larsen. På andre sida av elva:  Vassrenna til sagbruket og husmannsplassen Saga.

Dyrnesliøyri våren 1906, før utbygginga, teikna 1996 av Sverre Søgnen på grunnlag av gamle, utydelege foto. Frå venstre: Jekta Lydia, stova til Ryke-Hans Frivik, naust, sjøbua til Shoddyfabrikken, kalla Kvitebua. Så kjem to-tre husmannsstover, uthus og naust. Bak ligg Shoddyfabrikken øvst. Nedanfor fabrikken ligg huset og uthuset til fabrikkeigar Peder Larsen. Ved elva ligg kverna til Veimsgarden der også Dyrneslia mol.
Lenger nede ligg vadmålstampa til skreddar Peder Larsen. På andre sida av elva: Vassrenna til sagbruket og husmannsplassen Saga.

Eigar: Sverre Søgnen, Gol.

Datering: Fotogrunnlag, 1906.

Fotograf: Teikning: Sverre Søgnen.

Stad for båtbygging, naust, fangst, fiske og jakt

Frå eldgamal tid hadde gardane Skitnevik, Birkaas, Rørvik, Ullebø og Dyrnesli nausta sine på Dyrnesøyri. To-tre strandsitjarar fekk seg også opp nokre små stover og prøvde å livberge seg med båtbygging, sagbruk, skomakararbeid, bøkring og anna handverk. Kvern og vadmelsstampe var der også i elva. Dyrneslibonden let dei onna såpass med gras og lauv at det rakk til fire-fem geiter for kvar huslyd, mot arbeidsplikt på garden. Ellers fora dei med tang, kvist, borkeskav og fiskeslo. Dei dreiv fiske og skyssing, og når folk vart liggjande verfast for uver, hyste dei reisande i flatseng på golvet.
Å ferdast etter landet i Veim var mest uråd. Fire fossande elvar utan bru måtte kryssast, og langs med fjorden er det bratte flog overalt. Difor vart Dyrnesliøyra med alle båtar og naust ein sentral stad med god hamn der det stadig låg jekter oppankra. Jekta Lydia, den siste i Vadheim, eigd av Chr. Vik og Andreas Iversen, låg for anker der når ho ikkje var ute på tokt.

Bilete av ein flaum i Dyrneslielva i 1906.

Ein eldgamal ferdsleveg

Den gamle stigen frå Sygna til Steinset i Guddalen vart mykje brukt av sunnfjordingane når dei skulle til Vadheim. Då slapp dei den tunge og fårlege vegen frå Årebergsdalen og til sjøs. Guddølingane kom oftast mange i fylgje ned lia frå Ullebø. Serleg var det mange frå garden Skitnevik. "Vikaskreia" vart flokken kalla av bygdefolket. Ved Huarsteinen stogga dei og huja. Då visste strandsitjarane at det trongst skyss. Folk sa Liaøyra den gongen, men helst berre "nede mæ sjyden."

"Larkemølla"

Ein dag i 1870 steig det iland ein velkledd mann frå dampen og slo seg til i Vadheim med kone og barn. Peder Larsen var namnet (1829-1917). Han hadde før vore nestleiar ved Arna fabrikker. Larsen leigde seg vassrett av Ivar Arneson Dyrnesli og bygde ein shoddyfabrikk som gjorde gamle filler om til den finaste ull. Bygdefolket døypte anlegget for Larkemølla. Det var ein stor trebygning med rivemaskin og kardemaskin, båe drivne med vasskraft. Ein kall frå bygda reiste rundt og kjøpte opp filler til bedrifta. Han vart kalla Larke-Anders. Konene i grenda fekk seg arbeid med å spretta av hekter, knappar og bøter. For at det ikkje skulle gå møll i ulla, måtte det vera kaldt i lokalet. Det var syndeleg kor dei stakkars konene fraus. Sjuke var dei mest støtt. Støvføyka stod rundt maskinene, og insektmiddel og lusepulver reiv i nase og hals. Det førde til astma og pustevanskar. Dei var redde for at all slags smitte fylgde med fillene. Mest var dei redde for tuberklar og difteri. Elleve timars arbeidsdag og seksti-sytti øre dagen var vilkåra.

Bilete av eigendommen til Peder Larsen med to hus i syne.

Ein halden mann

Svenskane oppheva mellomrikslova i 1890-åra, og det øydela vilkåra for eksport til Sverike. Mange tekstilbedrifter gjekk konkurs, og lønsemda for Larkemølla vart dårlegare. I 1894 selde Larsen fabrikk og vassrettar til kontorsjef J. Jørgensen og kjøpte hus med butikk i Vaskerelven i Bergen som ein halden mann. Ungane kom seg godt i gang. To vart skipsførarar, og ein vart reiar. Men nestyngste sonen, Peter August, krigsforliste og kom bort under 1. verdskrigen, og to av døtrene døydde unge.

Ein framsynt kar

Kontorsjef Jørgensen såg mogelegheitene i det brusande vassdraget. Han sikra seg rettane hos bøndene like frå Helldalsvatnet og til sjøen og selde dei seinare til engelskmannen Edgar A. Ashcroft for ein tidobbel sum. Jørgensen reiste frå Vadheim som ein grunnrik mann. Arbeidsfolka ved shoddyfabrikken derimot, var fattige både då han kom og då han drog. Fabrikken vart nedlagd omkring århundreskiftet, og no blei dei arbeidslause i tillegg: både ho Anna på Verpe, ho Anna på Tråa, ho Hansina i Dyrneslia og ho Soffi frå Teigen, som alle no kviler i umerka graver ved kyrkja på Kyrkjebø.

Bilete av frukthagen som blir rasert.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Adolf : Ættebok for Kyrkjebø. Band I. Oppdatert med tillegg, Stavanger 1995.
Førsund, Adolf og Førsund, Sigurd: Bygdebok for Kyrkjebø. Band II og III. 1963.
Informasjon frå:
Anna Mjelleli Søgnen, mor til forfattaren.
Eva Johanne Throndsen, Bergen, barnebarn av Peder Larsen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR