Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. desember 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sogn og Fjordane på frimerke - 1914 Grunnlovsjubileum



Posten har opp gjennom åra gjeve ut kring 20 frimerke med motiv knytta til Sogn og Fjordane. I 1914 gav Posten ut tre særfrimerke til minne om riksforsamlinga på Eidsvoll og Grunnlova. Frimerket har ei kopling til Sogn og Fjordane.

Jubileumsfrimerka Posten gav ut i høve grunnlovsjubileet i 1914.

Jubileumsfrimerka Posten gav ut i høve grunnlovsjubileet i 1914.

Om frimerket

Særfrimerka Postverket gav ut til grunnlovsjubileet i 1914 hadde tre verdiar, 5 øre grøn, 10 øre raud og 20 øre blå. Porto for vanleg brev var den gongen 10 øre, og for postkort det halve. Gravør var professor Schirnböck, Wien. Frimerka vart trykte hjå Noregs Bank på papir frå Alvøen i Bergen.

Godt kjent motiv

Motivet er Oscar Wergelands bilete ''Eidsvold 1814'' som er plassert bak presidentplassen og talarstolen i plenumssalen i Stortinget. Dette biletet er kan henda det best kjende historiskemåleriet i norsk kunst. Det har opp gjennom tidene vore med i dei fleste historiebøkene, på pengesetlar og - på frimerke. Særleg godt kjent har det vorte dei siste ti-åra gjennom TV-overføringar frå Stortinget.

Gåve frå korpslege

Stortinget fekk biletet som gåve i 1885. Den 16. mai vart det i eit kort møte referert eit brev frå korpslege Lorentz Ring. Han bad Stortinget om å motta eit målarstykke ''forestillende Rigsforsamlingen paa Eidsvold''. Stortinget takka ja. Saka vart handsama i same møtet med fylgjande samrøystes vedtak:

''Idet Storthinget modtager Billedet af Rigsforsamlingen paa Eidsvold 1814, udtaler det sin Tak for den smukke og værdifulde Gave, der som et Minde om Fædrenes Storværk gjennom Slægterne skal mane Folket og dets Kaarne til at værne om den Forfatning, de grundlagde.''

Utval

Måleriet er eit typisk representasjonsbilete med ein klar komposisjon der det er lagt vekt på rett klesdrakt og på at ansikta skal stemma med tilgjengelege portrett. Wergeland kopierte godt og vel 60 portrett for å få resultatet så truverdig som mogeleg. 67 av i alt 112 representantar er med på maleriet. Situasjonen er teken frå møtet 16. mai 1814 då grunnlova vart ferdigskriven.

Ingen frå Sogn og Fjordane

Frå Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke) møtte fem Eidsvoll-menn: Niels Nielsen, P.S. Hjermann, Johannes Irgens, Elias Holck og Nils Loftesnes. Dei to siste var valde innanfor militærstellet. Ingen av Sogn og Fjordane-representantane er med på måleriet. Den næraste tilknytinga til Sogn og Fjordane er mannen i døropninga, presten Nikolai Wergeland (1780-1848). Han ætta frå garden Verkland i Gulen. Far hans, Halvor Lassesen (fødd 1755), klokkar i Hosanger, kom frå Verkland.

Oscar Wergeland
 

Kunstnaren har slektsrøter til Sogn og Fjordane. Oscar Arnold Wergeland (1844-1910) var fødd i Kristiania. Han var elev hos Eckersberg, og tok sidan utdanning i København og Munchen. Wergeland måla mest historiske motiv, mellom anna ”Kristian II ved liket av Dyveke” (1879) og ”Nordmennene går i land på Island 872”. Han er best kjend for Eidsvold 1814”. Oscar Wergeland var brorson til eidsvollsmannen Nicolai Wergeland.

Brev til Stortinget

Korpslege L. Ring sitt brev til Stortinget, datert 14. mai 1885, om at han ønskte å gje maleriet ”Eidsvold 1814” til Stortinget og svaret:

”Til Stortinget. Et Billede, der fremstiller Rigsforsamlingen på Eidsvold 1814, har jeg troet ogsaa vilde være et Værn om den Forfatning Konstituenterne grundlagde. Ed Minde om de Mænd, hvis Fædrelandssind frelste vort Land, da dets Undergang syntes nær, maatte mane til Efterligning, hvis farefulde Tider atter skulde komme.

Jeg har derfor formaaet en Kunstner, der erkjendte et saadant Arbeides Betydning, til at lægge sit Talent deri, og jeg tror det vil siges, at han har løst Opgaven.

Da Grundloven tilhører os alle, skulde jeg at ønske at Eidsvold 1814 - det af Hr. Oscar Wergeland udførte Maleri, hvilket vil være Storthingets Medlemmer bekjendt, maatte blive Nationaleiendom, og jeg tillader mig derfor i ærbødighed at anholde om, at Storthinget vil modtage det og give det Plads.
Kristiania, 14de Mai 1885
L. Ring.”

Stortinget sitt svar:

”Idet Storthinget modtager Billedet af Rigsforsamlingen paa Eidsvold 1814, udtaler det sin Tak for den smukke og værdifulde Gave, der som et Minde om Fædrenes Storværk gjennem Slægterne skal mane Folket, og dets Kaarne til at værne om den Forfatning de grundlagde.”

kjelder:

Stortingets skole- og opplysningstjeneste:
Et historisk bilde - Oscar Wergeland: Eidsvold 1814 (1885).
Prenta stortingsforhandlingar. 1885.
Norsk Allkunnebok. band X, Oslo 1964.

PERMANENT IDENTIFIKATOR