Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. november 2001

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kringsjå Hotell



Kringsjå Hotell og Leirskule ligg på eit høgdedrag over Balestrand sentrum. Frå gammalt av var dette ein villa i drakestil. Det var ein amerikansk lege og kunstmålar som bygde huset i 1904. Seinare kom eigedommen over på lokale hender og vart nytta til pensjonat, hotell, leirskule og restaurant. Ei tid hadde lensmannen i bygda kontor her.

Slik såg huset til Kindleberger ut. Rundt eigedommen var det kvitt stakittgjerde. Bak i hagen til høgre ser me i lysthuset. Phillip Bishop mintest særleg godt det då han vitja Balestrand i 1970-åra.

Slik såg huset til Kindleberger ut. Rundt eigedommen var det kvitt stakittgjerde. Bak i hagen til høgre ser me i lysthuset. Phillip Bishop mintest særleg godt det då han vitja Balestrand i 1970-åra.

Eigar: Magnus Sande.

Datering: 1933.

Fotograf: Ukjend.

Marie Olivia Monsen

I 1903 kjøpte Marie Olivia Monsen frå Bergen opp ein del eigedommar i Balestrand slik at ho fekk ei stor hustomt med godt utsyn, samt nausttomt. Marie Olivia Monsen var fødd i Bergen. Faren var styrmann Ole Johan Monsen, og mora heitte Bertine Selseng. Dei var i slekt med folk på garden Torsnes i Balestrand. Marie Olivia vart utdanna sjukesyster, og i England trefte ho fyrste mannen sin. Han heitte Bishop og var frå ein rik engelsk overklassefamilie. Mannen var pasient på sjukehuset der Olivia arbeidde. Dette ekteskapet vart oppløyst etter motstand frå familien. Dei fekk sonen Phillip. Etter at ekteskapet tok slutt, budde Phillip hjå mora. Som vaksen busette han seg i Amerika. I ungdomstida var han mykje i Balestrand. Han vart mellom anna konfirmert i bygda. I 1970-åra var han i Balestrand og såg staden der han var så mykje i yngre år. Kring 1900 møtte Olivia Bishop den eldre velståande amerikanaren David Kindleberger. Det var han som betalte for tomtekjøpa. Han ville ha seg bustad i Balestrand.

David Kindleberger

David Kindleberger (1834-1921) var fødd i Smithville i Oregon, USA. Han utdanna seg til lege og gjorde karriere i den amerikanske marinen. Då han gjekk av, hadde han tittelen rear admiral. Han arbeidde fleire stader i verda, mellom anna i Afrika og Asia. Han tok òg del i den amerikanske borgarkrigen under admiral Farragut. Det vert fortalt at han møtte Olivia i samband med sjukdom. Dei gifte seg i 1906, same året som han gjekk av med pensjon. I 1904 bygde David sommarvillaen sin på denne eigedommen. Dette huset skal visstnok også vera frå Jacob Digre sin ferdighusfabrikk i Trondheim. Kindleberger budde på Balestrand Hotell i fire somrar før dei fekk bygt huset. Før dei gifte seg reiste Olivia med David som selskapsdame. Huset til David likna på dei andre kunstnarvillaene i Balestrand, men var kvitmåla. Huset vart bygt på svært solide gråsteinsmurar og desse er synlege i restauranten Kringsjåkjellaren i dag. Olivia vart ståande som eigar av tomta. Dette skuldast nok at ho var norsk statsborgar.

Kunstmålar

David er lite kjend som kunstmålar, men det heng mange bilete av han kring i Balestrand. Balestrand Sparebank har eit stort landskapsbilete.
Familien Kindleberger budde i Balestrand kvar sommar. Kindleberger var ein god ven av lærar og kyrkjesongar Anders P. Øvrebø og han har laga eit fint målarstykke av huslyden. I bygda vart David Kindleberger omtala som ein snill og omgjengeleg mann. Brita Bale arbeidde som tenestejente hjå dei i mange år. Utanom henne var det to andre jenter i teneste der. Kvar haust drog huslyden til Oslo og dei var ofte til Amerika. I 1904 var David og Olivia fadrar på ei dotter til Per og Teodora Mel. Det tyder at dei hadde kontaktar med folk i andre deler av bygda òg.
David Kindleberger døydde i 1921. Fru Kindleberger var i Balestrand om somrane etter at mannen døydde, men då budde ho mest på Skrenes hjå slektningar der. Fru Marie Olivia Kindleberger døydde i Amerika.

Kringsjå Hotell

I 1931 kjøpte Ola Midtnes og Bjørn Sande eigedommen. Tanken var at huset skulle verta dokterbustad. Dette vart ikkje aktuelt, og etter ei tid vart Bjørn Sande eineeigar. Sommaren 1932 starta han og kona Birgit med pensjonat. Fyrste sommaren hadde dei tre gjester, og den aller fyrste var kunstmålar. Pensjonatet gjekk bra, og i 1935 vart det utvida til 20 senger. Like før krigen hadde dei planar om å utvida meir, men dette vart ikkje realisert før i 1952. Etter krigen tok sonen Magnus og kona Åslaug over drifta. Magnus Sande utdanna seg i hotellfaget. I 1952 bygde dei matsal og fleire rom. 1950-åra og særleg 1960-åra var gode turistår i Balestrand. I 1964 hadde dei ferdig ein ny fløy med moderne rom. Etter at Magnus vart pensjonist har han drive mykje med treskurd. Han har laga vakre bilete med lokalhistoriske motiv.

Skanke og Solveig

I 1975 tok sonen, Bjørn Skanke Sande over drifta. Han vart gift med Solveig Berstad frå Sandane. I 1975 bygde dei om kjellaren på hotellet og opna restaurant som har vorte ein populær stad for turistar og bygdefolk. I 1980 byrja dei med leirskuledrift haust og vår. Til dette føremålet kjøpte dei ei Colin Archer seglskute. Leirskulen legg mykje vekt på natur, livet i sjøen og på friluftsliv. Bjørn og Solveig har drive hotellet vidare på same vis som tidlegare, men frå 1985 utvida dei drifta ved at hotellet òg fekk status som ungdomsherberge (vandrarheim). Der naustet til David Kindleberger låg har dei bygt opp Sognefjord Akvarium.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Melkild, Arne: Kunstnarliv Skald as, Leikanger 1993.
Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards - og ættesoge. Bind II. Balestrand, 1991.
Intervju med eldre folk i Balestrand.

Aktuelle nettstader:

PERMANENT IDENTIFIKATOR