Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Flåmsbana - bygd 1923-1940



10. juli 1908 vedtok Stortinget å byggja ei jernbaneline mellom Myrdal og Flåm. Arbeidet starta ikkje opp før i 1923, og først i 1946 var bana heilt ferdig. Mange var med på det svært vanskelege arbeidet med å bygga Noregs brattaste jernbane - i eit svært vanskeleg terreng. På ei strekning på 20 km er det 20 tunnelar. Totalt vart det i perioden 1924-49 utført 6.165.350 timeverk. I nær 20 år var Flåmsdalen ein arbeidsplass for fleire hundre menneske.

Mellom Myrdal og Kårdal går jernbana i store svingar med mange tunnelar for å unngå rasparti. Her ser vi jernbanelina forbi Vatnahalsen stasjon og ned fjellsida mot Kårdal. Heilt til høgre ser vi transportvegen som vart bygd i 1894-96. Vegen er i dag ein del av Rallarvegen.

Mellom Myrdal og Kårdal går jernbana i store svingar med mange tunnelar for å unngå rasparti. Her ser vi jernbanelina forbi Vatnahalsen stasjon og ned fjellsida mot Kårdal. Heilt til høgre ser vi transportvegen som vart bygd i 1894-96. Vegen er i dag ein del av Rallarvegen.

Eigar: Flåm utvikling

Fotograf: Mittet

Bygdefolk vart jernbanearbeidarar

Jernbanebygginga i Flåm førte til at ei ny næringsgruppe vaks fram. Ein god del fastbuande vart tilsette på anlegget, anten som transportarbeidarar eller med bygginga av jernbana. Ein del av arbeidsstokken fann seg koner i dalen og vart verande. Mange stader jobba både far og søner på anlegget. Arbeidsstyrken var i byrjinga på rundt 120 mann. Under dei vanskelege økonomiske tidene etter første verdskrigen vart færre arbeidarar tilsette, og det medførte at tidsplanen ikkje heldt. Talet på arbeidarar auka til 280 i 1937. I krigsåra var det gjennomsnittleg 75 personar i arbeid. I tillegg til dei fast tilsette på anlegget kom alle dei som arbeidde med transportkøyring for jernbana, og dei som vart betalte av arbeidslaga som til dømes anleggskokkene eller andre som leverte ulike tenester.

Arbeidsbrakker

Sidan det var få gardar opp gjennom dalen, måtte dei byggja arbeidsbrakker. Til saman var det åtte brakker; tre på Myrdal, ei ved Kårdal, ei ved Berekvam og ei ved Høga i tillegg til to i Flatedalen mellom Høga og Flåm. Dei siste var bygde som familiebrakker. I kvar brakke delte 16 mann fire rom. Nokre av dei som hadde familiar med seg budde privat. Funksjonærane budde i eigne bustadar i Flåm og på Myrdal. På Myrdal vaks det fram eit lite samfunn med landhandel, brevhus, rikstelefonstasjon og ein skule (1899-1982), som til og med hadde symjebasseng. På Berekvam var det også skule, brevhus og landhandel, i tillegg til ein liten kafé ved skysstasjonen. Der måtte hestane kvila ein time før dei kunne ta fatt på vegen opp til Myrdal.

Anleggslivet

Det var hardt arbeid. Dei fleste hang i heile dagen, og det meste av arbeidet vart gjort for hand. Akkorden var kr. 1,60-1,70 for timen. I tillegg vart det utbetalt eit forsørgartillegg på fem øre for kvar person som vart forsørga i arbeidaren si hushaldning. Den ordninga varte til 1929. Frå 1930 vart det utbetalt høgfjellstillegg, ti øre timen, på det øvre partiet av Flåmsbana frå Myrdal til øvre innslag av Nålitunnelen. Laget måtte betala kokk og smed. Kokka fekk 18-25 øre i dagpengar frå kvar mann. Smeden kvesste borane og reparerte reiskapane som laget sjølv måtte halda. Laget betalte og for dynamitten dei brukte. Det var i byrjinga tre ulike fagforeiningslag på anlegget. Då kommunikasjonen etter kvart vart lettare, vart dei slegne saman.

Tunnelbygging

Grunna rasfaren og det vanskelege terrenget har Flåmsbana i alt 20 tunnelar som samla er på 5692,6 m. Det er i underkant av 1/3 av lengda på heile strekninga. Den lengste tunnelen er 1341,5 m. I tillegg er det bygd fleire snøoverbygg mellom Myrdal og Bakli. Tunnelarbeidet var vanskeleg og tidkrevjande. Alle tunnelane, med unnatak av Nåli og Vatnahalsen, vart drivne for hand. Tunnelarbeidet var ikkje ufarleg. Ein mann mista armen og to menn døydde i 1925 og 1938. Dei som bora var særleg utsette for borestøvet, og mange døydde nok av silikose eller fekk andre plager for resten av livet. I 1937 var arbeidarane innkalla til Haukeland sjukehus i Bergen, der det vart påvist at fleire av arbeidarane hadde silikose, men ingen ting vart gjort.

Det rasa frå fjellet

Det gjekk fleire ras frå dei bratte fjella i Flåmsdalen i løpet av anleggsperioden. Hausten 1924 gjekk det eit stort ras ved Høga, som stengde den planlagde jerbanetraseen og bygdevegen. Raset vart raskt rydda, men grunna den dårlege bergarten vart det avgjort at det skulle byggjast tunnel forbi det rasfarlege området. Men denne løysinga vart for dyr. I staden flytta dei då lina lenger ut frå fjellskråninga og laga til ei stor grøft på innsida mot fjellet, der eventuelle ras kunne samlast opp. Vegen vart lagd om til den andre sida av dalen med to nye bruer.

I 1925 gjekk det eit snøskred ved Store Reppa, slik at forskjeringa til den planlagde tunnelen vart blokkert. Same året, i april, gjekk det eit stort steinras på 1000 kubikkmeter ovanfor Berekvam utan at det øydela jerbanelina. I 1928 gjekk det snøskred ved Nåli, Blomheller tunnel og ved Lille Reppa. Store steinblokker på opp til 6 m3 følgde med ved Lille Reppa og tok med seg vegbrua. Dei andre rasa var mindre alvorlege.

Transportkøyrarane

Mange av dei som køyrde materialtransport for jernbana var og skysskarar for turistar. Dei køyrde turistar om dagen og materialar om natta. Det var hardt for både mann og hest. Dei hadde eigentleg ikkje lov til å køyra meir enn tre vendingar i døgnet. Ei tid var det eit eige hestepoliti som såg etter at hestane var skodde og fekk godt tilsyn. Transporten til anlegget kunne vera matforsyningar, reidskapar eller anna materiale. Ned frå Myrdal måtte dei bruka kløv ned den bratte ura. Hestane vart og nytta til å trekka stein og jord i anleggssporet.

Mellombels opning

Flåmsbana møtte mykje motgang, mange ville stogga anlegget, men korkje naturkatastrofar og minkande løyvingar kunne stogga framdrifta - sjølv om det gjekk seint. I 1936 byrja arbeidet med skinnelegginga. Bana vart opna mellombels 1. august 1940, for godstrafikk, etter sterkt påtrykk frå tysk side. Årsaka var trong for å transportera materialar til aluminiumsanlegget dei var i ferd med å byggja i Årdal. Den 10. februar 1941 opna bana for persontrafikk. Køyretida frå Myrdal til Flåm var 1 time og 5 minutt, og køyretida oppover var eitt kvarter meir. I dag er køyretida 50 minutt.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Gubberud, Ivar J. og Sunde, Helge: Flåmsbana. Historien om en av verdens bratteste jernbaner. John Grieg Forlag 1992.
Indrelid, Svein: Aurland Bygdebok. Soga om Flåm. Bd I, Aurland Sogelag 2003.

PERMANENT IDENTIFIKATOR