Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fjølestadstøylen



Fjølestadstøylen (Solheimsstøylen) ligg i lia ovanfor tuna opp mot beitefjellet ca. 603 m o.h. Den er for brukarane på Fjølestad, gard nr. 70 og Solheim, gard nr. 71. Stølskvia er innegjerda med netting, og i dag ligg det berre hus frå Fjølestad der. Fire sel og to fjøs er i god stand. Men på kvia er det tufter etter både sel og fjøs frå Solheim. Solheim har 2 sel (hytter) som ligg utanfor kvia (av nyare dato).

Stølen med fjøsane i øvre kviegard, sela i nedre.

Stølen med fjøsane i øvre kviegard, sela i nedre.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1999.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Stølsråsa går på skrå oppover lia frå Solheim. Høgdeskilnad kring 250 m og rimeleg grei å bruke. Her går det og no ca 3 km skogstraktorveg oppover. I dag kan ein og reise med bil via Engeset og Fjellvegen til Bergestølen (fellesfjøs) og så kort rås til stølen.

Bruk av stølen

På Kulturnett Sogn og Fjordane (Internett), er innlagt ei stølsliste frå 1930-åra. Der står det om denne stølen at den ikkje hadde vore i jamt bruk dei siste åra.
Dette er lenge sidan og det er i dag vanskeleg å få opplysningar om stølsbruken. Vi må gå ut frå at her var vanleg stølsdrift som for mjølkestølar: Å gå på stølen fram mot kvelden for å mjølke og deretter heim att etter morgonmjølkinga. Mjølka vart truleg sett til syrning på stølen og rømmen heimboren dagleg av stølsjentene.
Den kvia som er innegjerda i dag, er så pass lita at det måtte bli lite å slå på for kvar. Men alt tilgjengeleg fór vart alltid utnytta best mogeleg. Grasveksten på kvia viser at her har husdyrgjødsla vore brukt og graset heilt sikkert hausta.

Gamlestøylen skal ligge noko nærare tuna og var truleg ein vårstøl.

Nokre fakta

Fjølestad, gard nr. 70, hadde 3 bruk i 1890. Solheim, gard nr. 71, hadde same året 2 bruk. Det budde i alt 24 menneske på Fjellestad i 1865, mot 23 i 1900. På Solheim finn vi 16 personar i 1865, same talet finn vi og i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 490, 503. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR