Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Storskreda på Nese i 1811



2. desember 1811 var det ei stor skredulukke på Nese i Arnafjorden. Skreda kravde 45 menneskeliv.

Oversiktsbilete over Nese i Arnafjorden der skreda i 1811 kravde 45 menneskeliv. Dette er den ulukka i Vik som har kravd flest menneskeliv.

Oversiktsbilete over Nese i Arnafjorden der skreda i 1811 kravde 45 menneskeliv. Dette er den ulukka i Vik som har kravd flest menneskeliv.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-91046.0014

Datering: 1917.

Fotograf: Per Engum.

Klyngetun

Husa låg den gongen samla i eit klyngetun, difor omkom så mange. Visstnok var det 16 menneske som overlevde, slik at det i 1811 må ha vore ca. 60 personar på Nese. Husa vart førte 600-700 meter ned til sjøen, og vrakrestar etter skreda vart funne heilt inn til Vangsnes.

Ofseleg uver

I november - desember 1811 hadde det striregna i dagevis, og folk var mange stader redde for skreder. Men ikkje på Nese, der det var rekna for å vera heilt trygt.
Ulukka fann stad i totida natt til måndag. Det starta med at det losna eit lite ras høgt oppe i fjellet over tunet. Skreda auka på etterkvart som ho seig nedover, og førte med seg stein, jord, snø og vatn. Husa vart krasa, nedøyrde av stein og jord, og førte til fjords. Berre eit par hus sto att. Kyrkja vart og berga.
Dagen etter flaut det tømmer og anna utetter heile Arnafjorden, og på Sognefjorden. Veggen av ein fjøs fann dei att på Vangsnes, og bjøllekua hang i veggen etter klaven.

Mange born overlevde

Det var nokre som overlevde etter å ha vorte førte av garde med skreda. Nokre vart dregne opp av gjørma og inn på fast mark. Dei fleste overlevande var born då desse som oftast hadde soveplass på loftet. På eit bruk var det att berre ein gut. Foreldra og to vaksne søner, som og hadde kone og barn, kom vekk alle saman.
Ei tenestjente redda seg ved å krypa ut ein glugge i veggen. Denne tenestjenta levde lenge sidan, og det folk visste om ulukka hadde dei etter det ho fortalde. Men kvar gong ho skulle fortelja om ulukkesnatta, tok gråten henne så sterkt at folk etterkvart let vera å nemna ulukka med henne.

Opprydding

Etter ulukka kom det folk frå grannebygdene og hjelpte til med gravearbeidet. Men dei fann ikkje att alle. Den 8. desember 1811 vart 11 menneske gravlagde, 34 vart ikkje funne att. Hendinga sette sjølvsagt støkk i folk. Lenge etter var det ein uhygge over staden der skreda hadde gått. Folk fortalde at dei i myrke haustkveldar høyrde jamring og naudrop framme i Skreda.
Då nye hus vart sette opp vart tuna flytta. Husa vart no bygde der det var tryggare. Av dei som overlevde, flytta fleire vekk, og det kom folk frå andre bygder og kjøpte bruka.

Uår i 1812

Året etter ulukka, 1812, er kjent som eit av dei verste uåra på Vestlandet. Det gjorde situasjonen endå verre for dei som hadde mista jord og alt dei eigde i skreda. Det var såleis ikkje lyse voner for dei som overlevde og som skulle byggja oppatt bruka.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Huslid, Olav: Skredulukka på Nese 2dre dec. 1811. I Pridlao, nr 3, 1986. Vik Lokalhistoriske Arkiv, Vik i Sogn.
Lundeland, Bjarne: Storskredet i Arnafjord. Bergens Tidende 1961. Trykt i Pridlao, nr. 1, 1985. Vik Lokalhistoriske Arkiv, Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR