Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. oktober 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Vegsamband mellom Måløy og Raudeberg i 1924



Fredag 19. oktober 2007 var det vegfest i Vågsøy. Folk feira opninga av ny veg mellom Måløy og Raudeberg. Laurdag 1. mars 1924 var óg ein veghistorisk merkedag. Då køyrde vegarbeidar Kornelius Refvik som førstemann på veg mellom dei to bygdesentra. Signaturen "Meldar" skreiv begeistra om "opninga" i Fjordabladet.

Måløy (Skramsbygda) sett frå sør. Det er bratt lende mange stader nordover langs Ulvesundet. Gottebergshammaren i bakgrunnen går nesten loddrett i sjøen. Partiet Skåra ligg lenger nord i sundet, midt mellom Gottebergshammaren og Kapellneset.

Måløy (Skramsbygda) sett frå sør. Det er bratt lende mange stader nordover langs Ulvesundet. Gottebergshammaren i bakgrunnen går nesten loddrett i sjøen. Partiet Skåra ligg lenger nord i sundet, midt mellom Gottebergshammaren og Kapellneset.

Eigar: Sverre Skibenes

Datering: 1922

Tidlegare enn planlagt

I 1910 vart kyrkjesokna Sør Vågsøy og Nord Vågsøy i Selje prestegjeld/kommune skilde ut som eigne kommunar. Sæternes i Skramsbygda (seinare tettstaden Måløy) var sentrum i Sør Vågsøy, Raudeberg var sentrum i Nord Vågsøy. Etter fylkesvegplanen av 1907 skulle det ikkje byggjast veg mellom dei to kommunesentra før i åra 1927-1930, men takka vere forskottering frå kommunane og naudsmidlar vart vegen ferdig i 1924.

Skramsvegen

Noverande Måløy voks fram på den 3 kilometer lange strekninga mellom Sæternes i sør og Gotteberg i nord. I 1918 fekk dei veg gjennom bygda. Vegen vart nemnt Skramsvegen etter garden Skram midt i bygda. Skramsvegen var då den eine av to korte køyrevegar i Sør Vågsøy kommune. (Den andre gjekk frå Vågsvåg til Torskangerpoll.) I 1919 var folk misnøgde med vedlikehaldet. I eit brev til Fjordenes Tidende klaga signaturen "r.g." over at vegen hadde vorte ein "avskrekkende utgiftspost" for mange foreldre, til skoreparasjonar! Året før Skramsvegen var ferdig, i 1917, byrja dei å byggja vegen vidare mellom Skramsbygda (Måløy) og Raudeberg.

"Ein merkjedag"

Landet langs Ulvesundet mellom Måløy og Raudeberg er bratt mange stader, og då særleg ved partiet Skåra. Det var her det var "gjennomslag" i 1924. "Ein stor merkjedag", skreiv signaturen "meldar" til Fjordabladet på Nordfjordeid. Han fortel inngåande om storhendinga. Nedanfor fylgjer heile skildringa:

"Vågsøyna har atter hatt ein stor merkedag. Ho har fram gjennom åra hatt mange, med denne må ein vel tru får meir historisk verd, då han kjem inn under samferdsla og vert rissa inn i denne soga.

Jau, hendinga var, at vegstykket Sør Vågsøy [-] Nord Vågsøy vart på laurdag den 1. mars [1924] såpass farbar at ein kunne køyra "Skåra" med slede. Det var vegarbeidaren Kornelius Revik med hesten hans "Fyr-kristian" oppe i Revvikja som vart fyrstemannen. Dette var ei heil storhending (..) og gjetordet om mannen og hesten og køyregreiene gjekk som ei bodstikke frå mann til mann, frå huslyd til huslyd heile Vågsøyna over, kan henda til storbyane og pressa med.

At det var nordvågsøy-væringane som skulle vera fyrstemannen, arga mykje sørvågsøy-væringane - dei som har hestar då -. Og det var dei som tvila på om det hang rett saman. Men dei trong visst ikkje vera i tvil, for både vegoppsynsmannen hr. Kobberstad og Kr. J. Sunde kunne gje vitnemål om at både mannen og hesten høyrde heime på Nord Vågsøy, for dei var med eit stykke på vegen nordover.

Då den første køyredoningen var berre ein vanleg steinslede, ville dei sør på øyna prøva med ein annan og breiare slede. Og gardbrukar Lars Abrahamson Gotteberg drog så dagen etter den same vegen med ein annan type slede. Han bruka ein vanleg bygdamøkslede, han. (..) Lars Abrahamson let seg ikkje nøya med å køyra berre tome sleden han; nei, då, han tok med seg attende frå Raudeberg ein sekk mjøl på 100 kg. (..)

I dag var Aksel Gotteberg den fyrste som køyrde til Røysekyrkja [nord for Raudeberg], og elles var det i går og i dag vore stor valfarting både frå sør og nord på vegen. Nå, vegen er ikkje heilt ferdig endå, (..) men det vil ikkje ta mange dagar nå, før den er godt farbar. Som nemnt er dette eit stort tidars teikn og eit folkeynskje som frå eldgamal tid har brunne i bringa om veg mellom grannefolket på øyna som nå er vorte røyndom." (Så langt frå avisstykket.)

Auka trafikk

I juni melde Vågsøy si eiga avis Fjordenes Tidende om at den nyopna vegen hadde skapt auka trafikk Skramsbygda. Det var dagleg innrykk av køyrande frå Nord Vågsøy. Kvalheimarane kom med mjølk, hummar og hyse. Refvikarane i "karavaner med laks." Det er liv og røre over alt, skreiv avisa. Ein merkar at "stedet" har fått "moderne forbindelser med sit nærmeste opland".

Rutekøyring

Elles ser det ut til at det ved sida av hestetrafikk også kom i gang bilrutekøyring sommaren 1924. Kommunestyret i Sør Vågsøy gav nemleg på eit møte i mai "Maaløy Auto Co" løyve til "aa køyra bil paa Vaagsøyi."

Tunnell gjennom Skåra i 2007

Vegen mellom Måløy og Raudeberg, ferdig i 1924, var ein god og tenleg veg - i mange år framover. Men etter som tida gjekk vart det naudsynt å utvida for stadig større køyrety og aukande trafikk. Det drog ut med dei vanskelege partia forbi Gottebergshammaren og nordover. Her vart det for smalt, svingete og lite oversiktleg fleire stader, og i tillegg svært rasfarleg ved Skåra. Utbetringsarbeidet tok til hausten 2005 og var ferdig to år seinare. Det nye vegstykket er 3730 m medrekna Skåratunnelen på 680 meter. Dessutan er det bygd 2670 m gang- og sykkelsti og 400 m fortau. Det nye vegstykket vart offisielt opna 19. oktober 2007, og det var kommunepolitikaren Liv Henjum som hadde det ærefulle oppdraget å klyppa snora.

kjelder:

Fjordenes Tidende. 19.04.1923, 15.05, 26.05, 05.06,14.07, 1924.
Fjordabladet. 04.03, 27.05.1924.
Seip, H: Sogn og Fjordan fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. 1958.

PERMANENT IDENTIFIKATOR