Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Midttunet i Sandal



Med eit dusin hus på sin opphavlege plass, er Midttunet eit særmerkt kulturminne. Men det har ikkje vore lett å få dette anlegget fullt ut tilgjengeleg for publikum.

Midttunet i Sandal har 12 bygningar som er bygde i perioden mellom 1600 og 1850. Tunet er no freda, men er ikkje tilgjengeleg for publikum.

Midttunet i Sandal har 12 bygningar som er bygde i perioden mellom 1600 og 1850. Tunet er no freda, men er ikkje tilgjengeleg for publikum.

Eigar: Knut Aune Kunstforlag AS.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Østrem.

Tunet

Husa står på bruk 4 på Sandal i Jølster. Tunet ligg med utsyn over Jølstravatnet. Her finst i alt tolv hus av ulikt slag. Bygningane er sette opp gjennom ein periode på kring 200 år, frå tidleg på 1600-talet til kring 1850. Med inventar gir dette tunet eit godt bilete av byggjeskikk og levemåte i distriktet i desse hundreåra. Husa står på sin opphavlege plass.

Etter utskiftinga kring 1960, vart tunet registrert og opmålt, og det vart spørsmål om å verne hus og tun. Tunet vart freda i 1974. Etter at tunet gjekk ut av privat eige, vart det teke over av Jølster Heimyrkjelag, og seinare har Jølster kommune teke over eigedomsansvaret. Det har vore arrangert stemne og aktivitetsdagar i tunet. Tunet vart stengt for publikum i 1987, tilkomstveg og parkering var ikkje ordna, og kommunen og fylket vart ikkje samde om ny reguleringsplan. I det kommunale kulturengasjementet kom tunet i bakgrunnen for satsinga på Astruptunet og Eikåsgalleriet, og Midttunet har ikkje vore ope dei siste åra.

Bygningane

Husa i tunet er: 1) ei kjellarløe, kalla "Lisjeløa", 2) eldhus, 3) bualoft, 4) kårstove, også kalla "Gamlestova", 5) ein flor (fjøs), 6) ein do, "Lisjehuset", 7) løe, kalla "Storeløa", 8) smalefjøs, 9) stall, 10) bu, 11) eldstove, og 12) sperrestove.
Husa er sjølvsagt ikkje plasserte tilfeldig i tunet. Fjøsen står fram på bakkekanten, med gjødselsig til jorda nedanfor, ei mykje vanleg plassering av fjøs i gamle tun. Det er ein tømra fjøs. Ved sida av fjøsen står løa, med lagerrom for høy og korn. Stallen står lagleg til ved sida av løa. Ved enden av løa plasserte dei i si tid sauefjøsen, som er mura. Attom desse husa, eller ovanfor, står husa til folket på garden, kårstove og loft, som er rekna som dei eldste husa i tunet. Sperrestova (setestove) står ved sida av eldstova. Eit stykke unna står smia, eller tørkehuset. Kjellarløa kan vi rekne med vart bygd med kjellar til lagring for potetene, då den tok til å bli dyrka tidleg på 1800-talet. Det er store heller i tunet.

kjelder:

Myklebust, Sverre: Midttunet i Jølster. I Jul i Sunnfjord, 1984.

PERMANENT IDENTIFIKATOR