Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fellastøylen



Fellastøylen ligg på fjellet i ei høgd på ca. 660 m o.h. Den er støl for bruk nr 2, 3 og 4 på Fella, gard nr. 89. Her ligg i dag to fine fjøsmurar. Vidare eit eldre og eit nokså nytt stort sel. Det nye selet vart oppført i 1981 på fjøstomta. I dag et einebuskene seg innover stølsvollen. Bruk nr 1 nytta Steffastøylen. Sjå eigen artikkel.

Feldestølen med dei to sela.

Feldestølen med dei to sela.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I dag blir riksvegen brukt for begge stølane. Til Fellastøylen er i tillegg ein liten halvtimes gange på rås. Tidlegare var det å gå frå tunet oppover stølsråsa om lag ein times tid.

Bruk av stølen

Dei flytta til støls kring jonsoktider og var der truleg fram til kring barsok. Stølane vart brukt på vanleg måte med dagleg å gå til støls, mjølke og overnatte, mjølke og så heim att for å hjelpe til. Mjølka vart sett til syrning i mjølkeaskar. Rømmen skumma av etter 3-4 dagar. Rømmen vart frakta heim ein eller to gonger i veka. Skjøret som regel bore heim dagleg. Stølsdrifta vart slutt kring 1945-50.

Nokre fakta

Fella, gard nr. 89, Breim sokn, hadde 4 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR