Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Den Trondhjemske postvei gjennom Sogn og Fjordane



Den Trondhjemske postvei gjennom Sogn og Fjordane vart bygd i åra 1780-1806. Til grunn låg ein kongeleg resolusjon av 13. mai 1785 om regelbunden og vekefast postføring mellom Bergen og Trondheim. Postvegen la løpet for ein stor del av det riksvegnettet vi i dag har i fylket, og fekk såleis mykje å seia for utviklinga i mange av kommunane langs vegen.

Vegbyggjinga i Noreg på slutten av 1700-talet var inspirert av dansk vegbyggjing, som bygde på det franske prinsippet med rette liner. Det var ikkje  så gunstig i Noreg og medførte ofte lange og bratte bakkar som var vanskeleg å komma opp med hest og kjerre. Postvegen over Utvikfjellet er eit godt døme på dette. Hovudvegar, som postvegen, skulle vera ca 5 m breie og ha grøfter og kantmerke, vegvisarar og milestolpar. Bygdevegane var berre 3,75 m. Men breidda  varierte sterkt grunna vanskeleg terreng mange stader.

Vegbyggjinga i Noreg på slutten av 1700-talet var inspirert av dansk vegbyggjing, som bygde på det franske prinsippet med rette liner. Det var ikkje så gunstig i Noreg og medførte ofte lange og bratte bakkar som var vanskeleg å komma opp med hest og kjerre. Postvegen over Utvikfjellet er eit godt døme på dette. Hovudvegar, som postvegen, skulle vera ca 5 m breie og ha grøfter og kantmerke, vegvisarar og milestolpar. Bygdevegane var berre 3,75 m. Men breidda varierte sterkt grunna vanskeleg terreng mange stader.

Eigar: Universitetsbiblioteket i Bergen

Datering: 1880-1883

Fotograf: Knud Knudsen

Postvegane var hovudvegar

Til saman var ruta mellom Bergen og Trondheim på litt over 60 mil. Ruta gjennom Sogn og Fjordane gjekk gjennom ni kommunar og er i alt 230 km. Av desse går 155 km over land. Postvegane var dei einaste hovudvegane i fylket og dei einaste opparbeidde vegane. Dei andre vegane var gang- og ridevegar. Postverket fekk difor mykje å seia for utviklinga av samferdsla i Noreg. Sogn og Fjordane hadde to postvegar. Den eine gjekk mellom Oslo og Bergen, over Filefjell og Lærdal, medan den andre gjekk mellom Bergen og Trondheim langs kysten. Stort sett vart vegmidlane brukte til desse vegane fram til 1870-åra.

Betre vegstandard med postvegane

Krav til betre og raskare postferdsle sette krav til vegane. Vegløytnant Christian Junghans og postkanselliråd Jens Schanche la i 1775 fram ein rapport, etter ei synfaring langs ruta Bergen-Trondheim. Rapporten fortel om elendig framkomst på stiar som knapt kunne kallast vegar. Mange av trebruene over elvene var ein fare. Det var usemje om linevalet for den nye postvegen, og først i 1785 vart den endelege ruta peika ut. Ruta kom til å følgja ei meir indre lei enn Junghans og Schanche føreslo. Årsaka var at den var kortare og hadde færre fjordkryssingar.

Organisering av postføringa

I byrjinga var det sju postopneri langs Den Trondhjemske postvei i Sogn og Fjordane (Nordre Bergenhus Amt). Seinare kom det fleire. Postopnarane var ofte prestar, militære, futar eller gjestgjevarar, ei teneste som dei var pålagt. I tillegg var det eit system med postgardar, med om lag ei mil mellom kvar gard. Her skulle det stå utkvilde hestar, og postbonden skulle føra postsekken vidare. Postopnarane skulle kontrollera at postbøndene heldt rutetidene. Frå 1853 vart det sett inn postførarar som skulle hindra overfall og få posten raskare fram. Postbøndene hadde fritak frå militærteneste, pliktarbeid på vegane og ei viss godtgjersle, men måtte binda seg for mange år.

Bøndene var vegbyggjarar

Den Trondhjemske postvei vart bygd mellom 1780-1806. Mykje arbeid vart og gjort seinare. Vegbyggjinga starta om lag samstundes i dei ulike kommunane og følgde stort sett gamle vegfar. Det var bønder og husmenn som var tidas vegarbeidarar. Dei hadde 12 dagars arbeidsplikt i året og kunne sendast langt unna der dei budde. Bøndene fann lita glede i vegane som dei sjeldan nytta. Dei nytta hest og kløv og var vel nøgde med dei gamle vegfara. Vegarbeidet var om sommaren, noko som var til hinder for gardsarbeidet. I 1882 oppheva Stortinget § 34 i veglova om yting av naturalarbeid på veganlegg, men det var framleis tillate ved byggjing av bygdevegar.

Faste vedlikehaldsroder

Di betre vegane vart, di meir vedlikehaldsarbeid vart det kravd av bøndene. Ei vegstrekning vart inndelt i faste vedlikehaldsroder. Som døme kan nemnast at den 15 km lange strekninga på postvegen mellom Reed og Utvik, med 3,80 m brei veg, hadde 19 rodar. På dei 13 rodane på Breimsida jobba det 124 gardbrukarar og 50 hestar. På Utviksida måtte det til 56 gardbrukarar, 11 husmenn og 20 hestar på 6 rodar. På vegen mellom Førde i Breim og til Møre og Romsdal grense trong dei til saman 714 mann til vedlikehaldet. Ikkje berre bøndene som budde nær vegen hadde vedlikehaldsplikt, men og dei som budde milevis unna. Systemet var likevel i endring, mellom anna vart det vanleg for dei som budde langt unna å betala vegarbeidspengar i staden for å yta naturalarbeid. Fylket tok etter kvart på seg ansvaret for vedlikehald av hovudvegane, og etter kvart vart det ei kommunal oppgåve å syta for vedlikehaldet av bygdevegane. Men pliktarbeidet når det gjaldt vedlikehald heldt seg til 1930-åra.

Postvegen gav betre vegstandard

Eit krav til postvegane var at dei helst skulle unngå å kryssa fjordar og vatn, og vegen måtte vera godt ridande. No var ikkje dette så enkelt i den vestlandske naturen, men takka vere generalvegmeister C. J. Hammer sine instruksar til veg- og brubygging vart vegstandarden ein heilt annan enn før. Vinters tid var det ikkje like enkelt med djup snø over alle fjell, sjølv om det fanst eit visst vedlikehald med snøplogar nede i dalane. På vatna kunne det liggja meinis, og dei reisande måtte gå lange omvegar over og langs bratte fjell. Sorenskrivar Arentz i Sunnfjord seier i 1785; "Dog en Karl med Brevskræppe paa Ryggen, og Tryg paa Foden, kan man sagtens lade gaae hvor man vil; thi Postrytter maa man ikke her Vinterstid tænke paa, endog med de bedste Veye." Den nybygde postvegen endra nok dette biletet, men mange stader var også postvegen vanskeleg å ferdast, sjølv etter den storstilte vegutbygginga.

Postvegruta vart riksvegrute

Den Trondhjemske postvei hadde ikkje lang levetid som postveg etter at dampbåtane kom i fart midt på 1800-talet. Ved kongeleg resolusjon av 23. mars 1868 vart postvegen nedlagd som hovudpostrute mellom Bergen-Ålesund-Trondheim. Men postvegen, levde vidare som ei viktig samferdselsåre mellom bygdelaga og vart ein særs viktig sambandsveg i og ut av fylket. Den Trondhjemske postvei la løpet for ein stor del av det riksvegnettet vi i dag har i fylket. Riksveg 57 gjennom Gulen, Hyllestad og Fjaler har om lag same trasé som postruta. E-39 går same rute som postvegen Vadheim-Førde-Byrkjelo. Riksveg 60, frå Byrkjelo, går delvis langs den same traséen til Hellesylt.

Postvegen blir turveg

I samband medFriluftslivets åri 1993 vart Den Trondhjemske postvei gjennom Sogn og Fjordane peika ut som eit viktig satsingsområde. Sjølv om vegen stadvis er nedbygd av seinare vegar, ligg samanhengjande strekningar av postvegen framleis godt synlege i terrenget. Men vegen var prega av forfall, og mange stader var den lite framkommeleg. I 1993 vart det difor etablert eit fylkesprosjekt for å få ei heilskapleg registrering og vurdering av traséen og kulturmiljøet langs postvegen. Store delar av postvegen er i dag farbar for syklande og turgåarar takka vera lokal innsats og store løyvingar frå det offentlege (fylkeskommunen, fylkesmannen og Statens vegvesen).

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
Nordstrand, Ingemar: Postvegen Bergen-Trondheim. Det Norske Samlaget 1996.
Johannessen, Finn Erhard: Tid underveis. Postverkets historie gjennom 350 år. 1647-1920. Bd. 1, Elanders Forlag 1997.
Nordstrand, Ingemar: Postvegen - Noregs lengste kulturminne. I Årbok for Nordfjord, 1997.
Nordstrand, Ingemar: Hans H. Holck kaptein og lokalpatriot. I Sogeskrift for Hyllestad, 2004.
Den Trondhjemske Postvei. Hovudplan for restaurering og forvaltning av postvegen. Fylkesprosjekt Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR