Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Island - Landnåmsenteret på Borgarnes og Egil Skallagrimsson



På vidaregåande skule lærde du om Egil Skallagrimsson og de las gjerne Egil-soga. Kva hugsar du att av dette? At Egil reknast som den største skalden i heidensk tid med meisterstykke som Hofuðlausn og Sonatorrek (Sonetapet)? At han var den første til å nytta enderim i eit norrønt kvad? At Egil Skallagrimsson var ein stor skald (diktar) men elles eit råskinn? At vikingane drap kvarandre, drakk for mykje øl og spydde både ute og inne?

Utsyn frå knausen over garden Borg på Mýrar mot mot Borgarnes med tettstad. På Borg blei Egil Skallagrimsson fødd i om lag år 910. I dag ligg det eit gardshus, ei kyrkje og ein kyrkjegard her. Kristendomen kom til Island og Borg kring år 1000, om lag ti år etter at Egil var død. Egil Skallagrimsson  var heidning heile livet. Likevel har han truleg grava si her på kyrkjegarden.

Utsyn frå knausen over garden Borg på Mýrar mot mot Borgarnes med tettstad. På Borg blei Egil Skallagrimsson fødd i om lag år 910. I dag ligg det eit gardshus, ei kyrkje og ein kyrkjegard her. Kristendomen kom til Island og Borg kring år 1000, om lag ti år etter at Egil var død. Egil Skallagrimsson var heidning heile livet. Likevel har han truleg grava si her på kyrkjegarden.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Randi Melvær.

Oppleving og motivasjon?
På Fylkesarkivet sin studietur til Island hausten 2007 vitja vi Landnåmsenteret på Borgarnes. Dette ligg ein times køyring med buss nordvest for Reykjavik. Senteret er ein heilt ny institusjon, opna i 2006. Føremålet for institusjonen er å formidla historie til dei som ikkje er spesielt opptekne av det. Senteret skal gje eit tilbod både til den vanlege turisten og til skuleelevar. Så du treng ikkje å vera historikar eller ha førebudd deg spesielt for å vitja senteret, men det kan vera moro å ha friska oppatt Egil-soga. Då får du fleire knaggar å henga kunnskapen på. Men det er heller ikkje usannsynleg at du som uførebudd gjest vil lesa soga om Egil Skallagrimsson etter besøket. (Soga finst óg som lydbok.)

To utstillingar med audioguide
Leiaren av Landnåmsenteret er teaterregissør, og det merkast i utstillingane. Her skal gjestene oppleva historia, oppleva Egil-soga og landnámstida, gjennom gjenstandar, audioguide (mp3-spelar på øyra), lysarrangement, lyd og foto. Personane er framstilte på eit kunstnarleg vis, gjennom skulpturar (sjå illustrasjonen.) Den eine utstillinga dreier seg om livet til Egil Skallagrimsson både ved Borgarfjörður i Island og på vikingferdene hans. Den andre utstillinga tek føre seg landnåmstida i Island.

Senteret på Borgarnes - eit reint formidlingssenter
På Borgarnes forskar ikkje dei tilsette, men samarbeider med Reykholt som ligg nokre kilometer unna. Her driv dei med forsking. Slik blir formidlinga på Landnåmsenteret rett i høve til forskingsresultata. Senteret samarbeider og med skuleverket om formidling av soga til skuleborn. På loftet i formidlingsbygningen er det lagt til rette for den personlege, munnlege historieforteljinga. Det skal óg setjast opp teaterførestillingar av soger, m.a. Soga om Gunnlaug Ormstunge.

Kjende stadnamn frå soga
Noko av det første landnåmsmennene gjorde i det nye landet, var å gi stadene (lokalitetane) i landskapet namn, slik av dei kunne forstå og kommunisera med kvarandre. Dette viser kor viktige stadnamn er i eit samfunn. Sidan senteret ligg i området der far til Egil, Skallagrim frå Firdafylke (området Nordfjord og Sunnfjord) gjorde landnåm, så kjenner ein att stadnamna i området frå Egil-soga. Du finn dei att på kartet og på skilt. Viktige hendingar frå Egil-soga er markerte i landskapet med einsarta vardar.

Borgarnes
I eldre tider vart Borgarnes kalla Digranes. Det er eit svært langt og stort nes. I sentrum av tettstaden på Borgarnes ligg det ein liten park. Her er gravhaugen over Skallagrim. Egil jordfeste først faren sin her, og seinare sonen Bodvar som drukna, i den same haugen.

Brákarsund og Brákarey
Rett utom senteret, ute på neset, finn vi eit minnesmerke over Torgerd Brák. Ho drukna i sundet som er oppkalla etter henne. Det heiter Brákarsund. No går det bru over sundet og ut til Brákarey, som og ber hennar namn. Torgerd blei den første kvinnehelten i Island.

Soga fortel at Egil hadde ein god ven som heitte Tordur. Ein dag spela dei eit ballspel i Sandvik ved Granastaðir. (Staden der Graní budde.) Ballspelet vart kalla "knattleik" og var truleg ein slags ishockey eller bandy. Dei to venene spela på lag mot Skallagrim. Gutane vann, og Skallagrim vart så rasande at han drap Tordur. Så ville han drepa Egil - sin eigen son! Men, då protesterte trælkvinna som hadde stelt Egil gjennom oppveksten. Skallagrim sleppte så sonen og la på sprang etter trælkvinna Torgerd Brák. Ho prøvde å berga livet med å springa ut på Borgarnes og symja over eit sund til ei lita øy. Skallagrim kasta ein stor stein etter henne. Steinen trefte henne i ryggen, og ho drukna. Dette er hendinga som gav sundet og øya namn.

Borg på Mýrar
Ein halv km lenger inne på landet ligg Borg på Mýrar. Der stod Egils barndomsheim. Då bestefaren hans, Kveldulf frå Firdafylket, skjønte at han kom til å døy på overfarten mellom Noreg og Island, bestemte han at sonen Skallagrim skulle byggja seg gard der kista hans flaut i land. Ho kom til lands i ei vik nedom Borg på Mýrar.

Egil Skallagrimsson blei gravlagd på Borg. Han fekk først ei heiden gravferd, men då kristendomen kom til staden (om lag år 1000) og både kyrkje og kyrkjegard blei lagt til Borg, sytte dotter hans for kristen grav, først under kyrkjegolvet og så ute på kyrkjegarden. Garden Borg gav etterkvart namn til stader i heile området, - Borgarfjörður, Borgarvogur, Borgarnes.

Rauðanes
Skallagrim var ein dugande smed. Han bygde smie på Rauðanes. Her bearbeidde han myrmalm kvar vinter, og smidde dei reiskapane og våpna han trengde.

Ánabrekka
Ein av dei ni landnåmsmennene som var med Skallagrim over havet frå Noreg, på flukt frå Harald Hårfagre, heitte Áni. Han bygde seg ein gard ikkje langt frå Borg og kalla garden Ánabrekka. Barnebarnet til Áni, Steinar, måtte sidan reisa frå området fordi han prøvde å pressa vekk folket på Borg.

Álftanes
Her dreiv Skallagrim jakt og fiske. Dyr og fuglar var ikkje vande med menneskje og var ikkje så redd dei. Dette gjorde jakt lettare i Island enn i Noreg. Her var det og mykje sel og kval. Alt dette var viktig for å overleva på Borg. I tillegg fann dei mykje drivtømmer her. Sidan, då svigerfar åt Skallagrim kom til Island, overlét Skallagrim Álftanes til han.

Tre år gamal ville Egil vera med far sin i gjestebod hjå bestefaren på Álftanes, men Skallagrim ville ikkje ha han med, fordi han var så ustyrleg. Då tok treåringen ein hest og rei av garde på eiga hand. Slik fekk han vera med på gjestebodet likevel.

Krumskelda
Her grov Skallagrim ned ei stor kiste og ein stor kjele. Begge var fulle av sølv. Dette skal han ha gjort natta før han døydde. Han dekka det til med ei stor steinhelle. Han ville ikkje at sonen Egil skulle få sølvet. I dag kan ein sjå ei grop i Krumskelda som folk kallar Skallagrims grop. Dette er eit nyare stadnamn som ikkje førekjem i soga. Egil fann aldri att sølvet etter faren. Det har heller ingen annan gjort.

Hvítavellir
Kvar sommar var det ein stor marknad her. Då kom folk heilt frå Noreg for å handla med landnåmsmennene. Ein gong Bodvar, sonen til Egil, skulle ta varer med seg heim frå marknaden, sokk skipet deira, og Bodvar drukna. Han blei berre 14 år. I stor sorg skreiv Egil kvadet Sonetapet, som reknast som eit av dei beste kvada hans.

Frå stad til stad
Borgarnes, Brákarsund, Brákarey, Borg, Rauðanes, Ánabrekka, Álftanes, Krumskelda og Hvítarvellir er alle stadnamn frå soga som og blir brukte framleis. Det går an å tinge seg ein rundtur der ein vitjar alle desse stadane som var viktige i Egil Skallagrimsson sitt liv ved Borgarfjörður. Har du lese Egil-soga eller andre soger som har handling frå dette området, vil du og kjenna att stadnamn langs vegen frå Borgarnes til Reykholt, der Snorri Sturluson heldt til. Det er ganske utruleg å kjenna at ein "bilar seg gjennom soga!"

Bakgrunnsopplysningar

Egil Skallagrimsson (ca 910- ca 990), islandsk høvding og skald, fødd på Borg i Island, ætta frå Firdafylket både på fars- og morssida. Egil stamma m.a. frå Berle-Kåre, ein mektig hovding frå Berle i Bremanger. Dei mest kjende kvada hans er Hovuðlausn og Sonatorrek (Sonetapet). Hovuðlausn er eit barskt hyllingsdikt (dråpa) skrive til Eirik Blodøks i håp om at kongen ville la skalden få behalda hovudet sitt. Det fekk han. Dette er det eldste skaldekvadet med enderim. Sonetapet er eit kjenslevart kvad skrive i stor sorg over dei døde medlemmene i ætta, spesielt den fjortenårige sonen Bodvar som drukna på veg heim frå ein marknad.

Landnåmstida på Island, om lag år 870-930. Dette var den viktigaste tida for innvandring og busetjing på Island. Landnámábók fortel om landnåmet. Her blir det fortalt om 430 landnåmsmenn, dei fleste stormenn frå Noreg, som flykta frå Harald Hårfagre (Harald Luva). Stormennene hadde med seg vener, slektningar og mange trælar. Buskap hadde dei óg med seg.

kjelder:

Aschehoug og Gyldendal store norske leksikon.
Norsk biografisk leksikon. 1926.
Egil-soga.
Ingólfr: norsk-islandsk hopehav 870-1536. Selja forlag.

PERMANENT IDENTIFIKATOR