Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 16. april 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Luster kommune - gamle Luster kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i dåverande Luster (Lyster) kommune.

Utsyn over fjorden frå Bolstadsida av Eidselva. På sørsida ser vi det store anlegget til A/S Sogn Iskompagni med transportrenna frå Eidsvatnet inn i ishuset. Vidare transportbana frå ishuset til kaien. Bana går under brua heilt ned mot elva.

Utsyn over fjorden frå Bolstadsida av Eidselva. På sørsida ser vi det store anlegget til A/S Sogn Iskompagni med transportrenna frå Eidsvatnet inn i ishuset. Vidare transportbana frå ishuset til kaien. Bana går under brua heilt ned mot elva.

Eigar: Torkjell Grimelid

Datering: 1900.

Luster kommune i 1905

Dåverande Luster kommune omfatta i 1905 kyrkjesokna Dale hovudsokn og anneksa Fortun, Nes og Gaupne. Kommunen var eige tinglag i Sogn fogderi og eige lensmannsdistrikt. I 1917 endra kommunen namn til Luster. Kommunen grensa i 1905 til fylgjande kommunar: Hafslo, Innvik, Stryn, Jostedal, Skjåk, Lom, Vang og Årdal. I følgje folketeljinga i 1900 budde det 3006 personar i Luster kommune.

Kommunen var delt i 15 skulekrinsar med 512 born i skulepliktig alder, ni lærarar og ei "lærarinne " (1895). Kommunen delte distriktslækjar med nabokommunane Jostedal og Hafslo. Det var og ein hagebruksskule i kommunen, Lærums hagebruksskule. På Harastølen i Luster låg også Luster Sanatorium, etablert i 1902, som var behandlingsinstitusjonen for tuberkuløse på Vestlandet.

Landbruk og hagebruk

Jordbruk var den viktigaste næringa, og det omfatta både tobakk, frukt- og bærdyrking. Fruktdyrkinga gav i gode år like mykje inntekt som dei andre greinene av jordbruket. Ein god apal kunne vere like lønsam som ei god kyr. Fruktdyrkinga skaut fart på slutten av hundreåret, og dyrking av hagebær kom også for fullt i denne perioden. Dette var ein konsekvens av den veksande konservesindustrien i kommunen. Det drivande klimaet langs fjorden gjorde også tilhøva optimale for tobakksdyrking. I Dalsdalen vart det drive to helle- og eit skiferbrot, sistnemnde vart drive som eit bygdeselskap. På Feigum var det mølle- og sagbruk og på nokre stader var der sirkelsagbruk.

Sogn Iskompagni

Sogns Iskompagni, på Eide i Fortun, handla med is og kunne i sesongen, omlag fem veker, sysselsetje opptil 22 menn med å skjere is. Det var bygt lange transportrenner for isen frå Eidsvatnet til ishuset og vidare renner ned til lastekaien. Anlegget vart fullført i 1898 og var det mest moderne i Norge på den tid. Mesteparten av isen vart eksportert, men ein del vart også seld til kysten i samband med eksport av ferskfisk.

Saft og syltetyproduksjon

Den fyrste saft- og syltetyfabrikken vart etablert i Skjolden av Ingeborg og Halvard Drægni i 1900, så kom Nils og Kari Lerum på Sørheim i 1907. Begge skulle etterkvart vise seg å bli store og leiande bedrifter innan konservesindustrien. Fabrikken til Drægni vaks raskt, og alt i 1905 fekk verksemda 1. premie på Vestlandsutstillinga i Bergen. I samband med kroninga i 1906, vart Drægni også kongeleg saftleverandør. I dag er Drægni sin fabrikk nedlagd, medan Lerum er leiande i landet på saft- og syltety.

Tenesteytande næringar

Ved utgangen av 1897 var det sju som dreiv landhandel i kommunen. Dei viktigaste handelsstadane var Rønneid i Gaupne, Fagernes og Døsen i Dale, Skjolden og Fortun. Ingen hadde skjenkerett. Kommunen hadde ein bank, Luster sparebank, skipa i 1865, og fire postopneri; Kroken, Høyheimsvik, Luster og Skjolden. Turistnæringa var i startfasen, men dei to hotella på Turtagrø var alt blitt ein viktig base for fjellsport og klatring i Jotunheimen. I Fortun låg Fortun hotell, i Skjolden dreiv Th. Sulheim skysstasjon. På garden og handelsstaden Røneid i Gaupne var det gjestgiveri, likeeins på Døsen, knytt til dampbåtkaien og butikken. Elles var det fleire skomakar, smedar, snikkarar, skreddarar og ein fargar i kommunen. Det var og fleire forsikringsagentar i kommunen.

Samferdsle og kommunikasjon

Hovudvegen gjekk frå Sogndalsfjøra - Hafslo - Gaupne og på vestsida framover Jostedalen til kommunegrensa og vidare inn i Jostedal kommune. Samla lengd var omlag 15,5 km. Vidare gjekk det 10,5 km hovudveg frå Luster mot Skjolden. Det var og ein del bygdevegar som kunne køyrast. Det var nær og god kontakt over Sognefjellet, og her var det køyreveg for mindre hestekjerrer frå Fortun til Røysheim. Sjølv med riding tok dette vanlegvis 18 timar.

Det var postopneri i Kroken, Skjolden, Luster, Høyheimsvik og Gaupne. Her var fem stoppestadar for dampbåtar: Høyheimsvik, Luster (Døsen) Sørheim, Kroken og Skjolden. Om vinteren var fjordisen eit problem for båttrafikken, som igjen fekk fylgjer for vare- og persontransporten i ei tid utan køyrevegar som knytte bygdene langs fjorden saman. Det hende at fjordisen låg heilt ut til Solvorn. Det raskaste kunne då vere å bruke isen som køyreveg.

Eit år med spaning og engasjement

I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser).

Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Norge og Sverige, om utviklinga i konsulatsaka utover våren, om unionsoppløysinga 7. juni, om folkerøystinga 13. august, forhandlingane i Karlstad, spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Engasjementet var stort, og det strøymde inn med opprop, eller adresser som det vart kalla, til stortinget.

Då folket hadde sagt til ja til unionsoppløysing, stod val av statsform for tur. Den 05.10.1905 vart det sendt telegram frå Sogns landhandlerforening v/ formann Døsen der dei sluttar seg til eit opprop frå ei samling næringsdrivande som utaler seg mot at " ...spørsmålet angaande Norges statsforfatning nu optages til behandling, og retter henvendelse til stortinget om at skride til kongevalg."

Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga

Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, og utvandringa til Amerika, likeeins. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging, og i 1905 køyrde det fyrste toget gjennom Gravhals-tunnelen.

Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Luster kommunestyre løyvde kr 8000 til " ...den elektriske taug- og sporbane fra Myrdalen til Fretheim paa betingelse af at de de øvrige herreder i Sogn bevilger i overenstemmelse med amtets og jernbanekomiteens forslag". Dette var ein svær sum, heile kr 432000 med dagens kroneverdi. Tanken var at det skulle byggjast ei kombinert tau- og jarnbane som skulle drivast med elektrisk kraft. Dei såg føre seg at den øvste delen og brattaste av strekninga skulle trafikkerast av taubane og resten med tog.

Luster tidleg ute med å bruke nynorsk i skulen, og dette skjedde utan nemnande strid. Framhaldskulen hadde teke nynorsk i bruk alt i 1903 og i 1906 vedtok kommunestyret at nynorsk skulle vere hovudmål i alle krinsane frå 1907.

Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. Sogn Tidene melde den 11.04.05 at på garden Talle i Luster vart det gjort eit oldfunn av stor verdi, to store sølvringar der den største var på 320 gram. Fjordenes Blad, 21.10, melder at saftfabrikken til Halvard Drægni har laga saft og vin av 100 000 kg bær denne sesongen, og at ein stor del av safta vart seld i byane på Austlandet.

Nokre nøkkelpersonar

Det var kommuneval i 1904, og bonde og venstrepolitikar Sjur T. Næss vart vald til ordførar. Det var skifte av sokneprest i Luster dette året. Anders Halvorsen vart utnemnd til sokneprest i Borgund på Sunnmøre, og sunnmøringen Hans Simon Viderø overtok kallet i Luster. Jens Landmark var lensmann, bank- og heradskasserar. I Skjolden budde Halvard Drægni, handelsmann, saft- og syltetyprodusent og venstrepolitikar, ein mann med mange jarn i elden. Han var framsynt, idealistisk, dristig og entusiastisk, ein samfunnsbyggjar av rang.

Lag og organisasjonar

Det religiøse organisasjonslivet var rikt i Luster. I kommunen var det i 1905 eit utal av kristelege lag/misjonsforeiningar. Her var elles fleire ungdomslag, m.a. Luster Ungdomslag, skipa i 1888, Sørheim ungdomslag, skipa ca 1900 og forløparen til Fortun ungdomslag (på Bjørk i Fortunsdalen). Skyttarlagsrørsla stod sterkt her som elles i landet, og det var tre skyttarlag i kommunen, i Luster, Gaupne og Fortun. Alt i 1884 vart her skipa venstrelag.

17. mai 1905

Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Den politiske situasjonen var spent og nasjonalkjensla blomstra. I Luster var det stor feiring med gudsteneste i alle fire kyrkjene og mykje folk hadde møtt fram i det strålande veret. Soknepresten heldt høgmesse i Nes, amerikaprest Fortun i Fortun kyrkje, kyrkjesongar Mo i Dale og Hans Næs i Gaupne kyrkje.

I Luster var det folketog og mange tilstellingar av barn og vaksne om ettermiddagen. Etter framlegg frå agronom Kr. Lærum vart det samrøystes vedteke å sende fylgjande telegram til Stortinget og regjeringa "Ungdom og eldre i Luster, samla til fest på fridomsdagen, helsar stortinget (riksstyret) og ber, at vaart fedrelands æra og fulle fridom heilt maa verta gjennomførd. Gud stend attaat". (Sogningen 24.05.1905.) I Skjolden heldt Johannes Urdahl ein "ypperlig" tale for dagen, i følgje Sogns Tidende.

7. juni 1905

7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare.

1. pinsedag vart det halde høgmesse i Dale kyrkje, og dagens tema var "Aandens gjerning". Presten skriv slik i dagsregisteret: " En gribende stund, da sognepresten meddelte menigheden kongens afsked og uniones oppløsning, og prest og menighed derefter samlede sig til bøn for fædrelandet".

Folkerøystingane - røysterett og valstyre

Det var to folkerøystingar i 1905:
Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni.
Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk.

Luster valsokn tilsvara dåverande Lyster kommune. Valstyret var samansett av fylgjande ni menn: lensmann Jens Landmark, (formann), ordførar S. T. Næss, Hans H. Prestgaard, H. T. Bringe, M. Kalhagen, lærar Per Urdahl, Ellef. K. Bjærk, John N. Nyhus og fargar M. A . Madsen.

Ved begge røystingane var det fire røystestader: Bedehuset på Dale for Dale hovudsokn, Bolstad skulehus for Fortun sokn, Nes skulehus for Nes sokn og Gaupne skulehus for Gaupne sokn. Etter at røystinga var avslutta, møttest dei ulike krinsformennene i Dale hovudkrins der dei talde opp stemmene. " De afgivne stemmesedler og forfaldsanmeldelser blev indlagte i 2 pakker, der forsegledes. Til slutning oplæste formanden det protokollerede, hvorpaa protokollen underskreves."

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga

Resultatet for Luster valsokn: 641 hadde røysterett. Det vart avgjeve 589 godkjende røyster der alle røysta ja, og frammøteprosenten var 91,9. Det var sjølvsagt høve til å stemme på førehand, men reglane var strenge. Ein av dei som truleg hadde røysta på førehand, var soknepresten. Han var på reise til København der han heldt føredrag på "Det nordiske fellesmøte for barnevenner", der han tala om "Barn og alkoholisme ". Trass i høg frammøteprosent låg Luster på den nedste delen av "frammøtetoppen" her i fylket og under landssnittet, som var på 92,5 prosent.

Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei.
Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster; 368 208 ja, 184 nei.

13. august i Luster kommune

Avisa Sogningen, 18.08, melde at i Luster gjekk folkerøystinga føre seg på ein "..meget fiin og ærefuld maade. Her var ingen agitation angaande stemmegivningen; thi det var selvsagt aldeles overflødigt. Det gjaldt bare om at faa folk til at møde frem; men aldrig har dette gaaet saa let som denne gang, og aldrig har fremmødet tidligere været saa stort."

Unionsoppløysinga vekte merksemd også i utlandet, og det var ikkje berre det norske folk som tykte 13. august var ein heilt spesiell dag for landet. Sogns Tidende, datert 18.08, kunne melde at i Skjolden vart den 13. august helsa med 21 skot. Dei melde vidare at 18 engelske kvinner og menn, m.a. fleire lordar, var tilstades under avrøystinga i Skjolden denne dagen. Dei hadde utsett reisa " .. under samhug og interesse for avrøystingi". Johannes Urdahl og Halvard Drægni heldt talar før røystinga, og både fedrelandssalmen og fedrelandssongen var sungne. Deretter heldt Urdahl tale på engelsk for turistane " ..som hadde synt dei samhug". Og ungdomslaget spanderte kaffi og brød både på veljarar og andre, står det i avisa.

Privat kvinneunderskriftsaksjon

Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget.

Gjennom opprop og omtale i avisene, m.a. Sogn Tidende, vart kvinnene oppmoda om å skrive seg på listene. Jungeltelegrafen var flittig i bruk, og målfolk og venstrefolk var truleg sentrale. Innsamlinga av underskrifter vart ordna på ulike måtar. På Leikanger skjedde det i kyrkja, kvinnene fekk høve til å skriva namna sine på utlagde lister i sakristiet på sjølve røystedagen, 13. august. Andre stader vart det halde møte, folk gjekk på dørene osv. Vi har ikkje funne slike lister frå gamle Luster kommune, berre frå Solvorn, men det er all grunn til å tru at det sirkulerte slike lister kring i kommunen. Her var både venstrelag og ungdomslag, og dette miljøet var truleg mottakarar av slike lister.

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk

Resultatet av folkerøystinga i november for Luster valsokn: 644 hadde røysterett og 479 røysta. 352 røysta ja (for kongedømme), medan 120 røysta nei (for republikk). Sju stemmer vart forkasta denne gongen. Ei av desse kom frå ein komande brudgom som hadde røysta på førehand av di han hadde det så travelt med bryllaupsførebuingar. Men det var ikkje gyldig grunn for valstyret.

Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for republikk.
Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk.

Den nye kongefamilien

Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta. Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet, og mange stader vart det feira og saluttert denne dagen. Gleda over at den nye kongefamilien no var på plass, var stor hos dei mange kongevennlege. Og i Luster var det mange rojalistar, heile 73,4 prosent stemde for kongedømme.

Takkegudsteneste 7. desember

Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905. Og den 7.12 var det takkegudstenester over heile landet. Presten i Luster skriv slik i dagsregisteret: " Efter departementets forordning takkegudsteneste i anledning af halvårsdagen efter 7. juni. Trods uveir var der fuld kirke. Kirken var vakkert pyntet med flag og alle lys var tændt. ("Lad os takke ved at erobre vort vaart land.")". Presten hadde det travelt denne dagen. Om kvelden heldt han takkegudsteneste på Sanatoriet "Gudsteneste kl.6. Et sangkor hadde for anledningen indøvet fædrelandssalmen."

kjelder:

Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus amt. Del 2. Kristiania 1901.
Avisa Sogningen 04.08.1905, Sogns Tidene 09.08.1905, 18.07, 1905. Fjordenes Blad 03.05. 1905.
Heiberg. J.V: Unionens Opløsing 1905. Kristiania 1906.
Laberg, Jon. Luster. Bygd og ætter. Bergen 1926.
Norges Handelskalender. Nordre Bergenhus Amt. 1904-1906.
Lothe, Anders. Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.1950.
Sogn Ungdomslag 1947. Sogn Ungdomslag 50 år, 1896-1946.
Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane, grensendringar gjennom tidene. I Kjelda. nr. 3. 2002.
Statsarkivet i Bergen: Dagsregistra til sokneprestane i Sogn og Fjordane.
Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og 12. og 13. november 1905.
Stortingsarkivet: Telegram datert 05.10 frå Sogn Handelsstandsforening. Uttale vedkomande statsforma.
Drægni, Halvard: Mi livssoge.

PERMANENT IDENTIFIKATOR