Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Tysklandsbrigadens Veteranforbund - Sogn og Fjordane



I åra 1947-1953 var norske styrkar med i den allierte okkupasjonen av Tyskland. Norske soldatar skulle vera med på å tryggja og byggja freden. På 1980-talet vart det skipa lokale Tysklandsbrigade-foreiningar, og i 1988 landssamanslutninga Tysklandsbrigadenes Veteranforbund. Lokalavdelinga for Sogn og Fjordane vart skipa i 1991.

Frå årsmøtet i Tysklandsbrigaden - Sogn og Fjordane 2007. Møtet vart halde på Skei Hotell, den 13. oktober.

Frå årsmøtet i Tysklandsbrigaden - Sogn og Fjordane 2007. Møtet vart halde på Skei Hotell, den 13. oktober.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

Tysklandsbrigaden
Den første kontingenten i Tysklandsbrigaden hadde namnet Brig 471 (47 står for årstalet 1947, 1 for første kontingenten, eller brigaden) og kom til Tyskland i januar 1947. Den siste, 532, reiste heim i 1953. I alt var kring 50 000 norske soldatar i Tyskland, fordelt på 12 kontingentar (brigadar), kvar på om lag 4000 mann. Frå Sogn og Fjordane var kring 1500 med. Den norske Tysklands-brigaden var elles ein del av oppbyggjinga av Hæren i det norske forsvaret, med 6 mnd rekruttskule i Noreg og 6 mnd øvingsteneste i Tyskland. Etter 1953 heldt brigadetenesten fram i Nord-Noreg, kjend som Brig N.

Tysklandsbrigadenes Veteranforbund - Sogn og Fjordane
I Sogn og Fjordane skipa Tysklandsbrigade-veteranane eiga avdeling i 1991. Avdelinga har skipa til årlege samlingar med variert program, medverka på markeringar av fredsdagen 8. mai og skipa til turar. I 1998 var det Sogn og Fjordane-avdelinga sin tur til å vera vertskap for landsmøtet i landsforbundet. Anders K. Førde og Odd Oldeide gjorde ein kjempejobb og fekk velfortent ros for innsatsen.

Historisk dokumentasjon
Tysklandsbrigaden er eit spesielt innslag i det norske forsvaret mellom anna ved at den var forløparen til den norske FN-beredskapsstyrken som kom like etter 1960. Generalmajor Dahl gjorde teneste i Tysklandsbrigaden og Tysklandskommandoen. Han hadde syn og sans for å ta vare på historia til brigaden, til å sikra historisk kjeldetilfang. I eit dokument datert 23. november 1953 skreiv han mellom anna:

«1) De norske troppers tjeneste i Tyskland betegner noe helt nytt i Norges krigshistorie. Det må derfor antas av særlig interesse å skaffe seg de minner fra denne tjeneste som historisk sett måtte ha av interesse, og det er formentlig ingen nærmere institusjon for dette enn Hærmuseet.

2) Undertegnede som nettopp har avsluttet sin tjeneste som sjef for Tysklandskommandoen etter 14 måneders opphold i Tyskland, tillater seg å foreslå at Hærmuseet begynner et systematisk arbeid for innsamling av materiale for belysning av den tid og de forhold under hvilke de norske tropper deltok i okkupasjonen av Tyskland.

Først og fremst bør dette skje i form av billedmateriale etter et skjønsomt utvalg. Dernest bør selvsagt faner og flagg som avdelingene har brukt i Tyskland, senere oppbevares ved Hærmuseet. Tegninger som soldater måtte ha utført for dekorasjon av kantiner o.l, vil muligens ha interesse straks, likeså de leiraviser som er utkommet. Uten at et systematisk arbeid igangsettes straks, vil verdifullt materiale senere gå tapt.»

Lokal innsats
Noko vart gjort, men truleg i mykje mindre omfang enn generalen ynskte seg. Eit nytt løft kom med lokale veteranforeningar frå 1980-åra. Det var kring 30 på det meste, alt frå fylkesomfattande foreiningar til foreiningar som dekka regionar eller og berre einskilde kommunar. Mesteparten av kjeldetilfanget som finst i dag, er kome til, takka vere veteranforeiningar og eldsjeler sin innsats rundt om kring i landet.

Mykje på Internett
Søk på Tysklandsbrigaden i Google i juni 2008 gav kring 13 000 treff. Utanom korte fakta på Wikipedia er det berre å gje seg tid på nettstaden www.tysklandsbrigaden.no der det både er peikarar til sider for landsforbundet og lokalforeiningar. For Sogn og Fjordane er det mykje å henta hjå avdelinga i nabofylket, Voss og omland, - om verksemda i lokalforeiningar, artiklar, bøker, bilete med meir.

Det er kome ut fleire bøker med innhald om Tysklandsbrigaden. Eit temahefte til bruk i grunnskulen kom ut i 1999. Boka Vestlendingar i Tysklandsbrigaden inneheld minnestykke av mange forfattarar frå fleire av kontingentane/brigadane. Sogn og Fjordane er med ved Alfred Espe, Odd Standal, Magne Bale og Hans Lavoll.

Avvikling
"Tappenstrek for veteraner" var tittelen på ei nyhendemelding på avd. Trøndelag si heimeside hausten 2007. (Tappenstrek er eit militært uttrykk for kveldssignal). "Lørdag 22. september [2007] ble Tysklandsbrigadenes Veteranforening avd. Nord-Trøndelag nedlagt". I avviklingsvedtaket står det noko om å sikra minnematerialet foreininga hadde samla: "Veteranforeningen for Brigaden Nord-Norge skal overta foreningens museum med inventar, fane og arkiv. Foreningen har lovet at vi skal ha mulighet til å besøke museet."

Tysklandsbrigadenes Veteranforening - Avdeling Sogn og Fjordane har vedteke å avlevera historisk interessant materiale til oppbevaring i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Materialet omfattar:

1) arkivet til veteranforeninga - møteprotokollar, korrespondanse/sakstilfang, årsmeldingar, rekneskap, medlemsliste og meldingsblad.
2) fotomateriale, lydmateriale, fane og eventuelt anna dokumentasjonstilfang.
3) noko privat materiale, t.d. dagboksnoteringar, brev og foto.

kjelder:

Tysklandsbrigadene. Temahefte om den norske deltakelsen i okkupasjonen og forsvaret av Vest-Tyskland i årene 1947-1953. 1999.
www.tysklandsbrigaden.no

PERMANENT IDENTIFIKATOR