Kulturhistorisk leksikon

Foretak (4)

  • Fiskarkvinnelag i Sogn og Fjordane

    Etter den andre verdskrigen organiserte kvinnene på kysten seg i eigne lag med mål om å betre fiskarane sine kår. Dei første varige fiskarkvinnelaga i Sogn og Fjordane vart skipa i Bremanger og Holvik i 1959.

  • Myrmennene på Stadlandet

    Etter røysterettsreglane frå 1814 var røysteretten på landsbygda avgrensa til embetsmennene og jordeigarane. Lova sette ikkje krav til storleiken av eigedommane. Desse røysterettsreglane galdt heilt fram til 1884.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Bondevener i Selje og i Sogn og Fjordane

    Bondevenrørsla var ei politisk folkerørsle i store deler av landet i 1860-70-åra. Søren Jaabæk grunnla den fyrste bondevenforeininga i 1865 og gav ut bladet Folketidende,- eit opplysningsblad, agitasjonsorgan og langt på veg medlemsblad. Sogn og Fjordane hadde minst 31 bondevenforeiningar med nær 3000 medlemmer.

  • Tysklandsbrigadens Veteranforbund - Sogn og Fjordane

    I åra 1947-1953 var norske styrkar med i den allierte okkupasjonen av Tyskland. Norske soldatar skulle vera med på å tryggja og byggja freden. På 1980-talet vart det skipa lokale Tysklandsbrigade-foreiningar, og i 1988 landssamanslutninga Tysklandsbrigadenes Veteranforbund. Lokalavdelinga for Sogn og Fjordane vart skipa i 1991.