Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. juni 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Garden Hemri



Garden Hemri ligg på vestsida av Nærøydalen kring 4 km frå Nærøyfjorden, men tunet og husa ligg på austsida av elva. Garden ligg fint til mellom fjellfoten og elva, men fjellsida mot vest er heller bratt og ulend. Det var tradisjonell drift på garden fram til 1970-åra. Etter den tid har brukaren drive med utleige av fiskerett og campinghytter.

Gardstunet Hemri i 1929, då på vestsida av elva

Gardstunet Hemri i 1929, då på vestsida av elva

Eigar: Aurland kommune

Datering: 1929

Fotograf: Ivar Hermundsen Ramsøy

Dei eldste tidene

Gardsnamnet er truleg ei samandraging av lekkane hammar og vin. I gamalnorsk betydde vin ei grasslette. Lekken vin er då forkorta og endra til e. Garden vart truleg rydda kring Kristi fødsel eller noko seinare.

I høgmellomalderen har det truleg butt ein familie på garden. Etter Svartedauden i 1349/50 låg garden mykje truleg aude like fram til kring 1550. Det har alltid vore ein brukar, men midt på 1800-talet var det til vanleg ein husmann på garden. Frå kring 1700 og framover har brukaren sjølv vore eigar av garden. Dette var ikkje vanleg på gardane på 1700 og tidlegare.

Produksjonen

I 1723 var avlinga 7 tønner havre, og dei hadde 6 storfe og 8 sauer og geiter. I 1845 budde det to familiar, i alt 13 personar på garden. Dei avla 30 tønner bygg og 48 tønner poteter, og dei hadde 19 storfe, 52 sauer, men berre 2 geiter. Potetdyrking vart vanleg tidleg på 1800-talet, og denne veksten var særleg viktig for husmannsfamiliane. Bygg var det vanlege kornslaget på 1800-talet, men i eldre tider, særleg i periodar med fuktig klima dyrka bøndene havre eller blandakorn, ei blanding av bygg og havre.

Kornet vart nytta til koking av graut og baking av flatbrød. Den typen brød som me har i dag vart ikkje vanleg på gardane før godt ut på 1900-talet.

Innmark, utmark og stølar

I 1860-åra var innmarka på garden på kring 60 mål. Kring ¾ vart nytta til eng, og resten til åker. Arealet til korndyrking var 5-6 gonger større enn arealet til potetdyrking. Sjølv om det meste av innmarka var eng, så henta dei nesten halvparten av fôret frå utmarkene, frå lauvskogen og utslåttar.

Utmarkene vest for innmarka er heller bratte og ulende, og det var arbeidssamt å slå og lauva og frakta fôret heim til garden. Mykje av fôret vart lagra i små løer, og det vart bore til gards på ettervinteren og om våren. Frå kring 1870 og utover vart det sett opp løypestrenger, kraftige stålstrenger, som ein kunne bruka til å senda store ved- og høybører på.

Etter 1900

I 1934 gjekk det eit stort ras på garden like inn i tunet. Eit par hus vart øydelagde, men ingen menneske miste livet. I gamal tid, på 1700-talet og tidlegare, hadde dei her på garden gjeve ei lita gåve til kyrkja i Feios for å motverka rasfaren.

Etter 1900 fall korndyrkinga bort, og potetdyrkinga gjekk mykje tilbake. Smørproduksjonen gjekk også mykje tilbake på grunn av at plantemargarinen kom på marknaden. Her på garden, til liks med dei fleste andre gardane i dalen, vart det satsa meir på geiter og geitostproduksjon.

Nye og viktige inntektskjelder var skyssing av turistar og utleige av fiskretten og campinghytter. I seinare år har fiskebestanden i norske elvar gått mykje tilbake, men i Nærøydalselva har den halde seg nokolunde bra oppe.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR