Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 13. april 2019

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

To skipsanker på «utstilling» i Florø



Ei byvandring i Florø har mange spennande stoppestader. Ein har adresse Torggata, framfor hovudinngangen til Sparebanken Sogn og Fjordane. Her ligg to store skipsanker på eit felt laga av rullesteinar. Ei tekstplate på det eine fortel noko om kor dei kjem frå, og kvifor dei hamna akkurat her.

Skipsankera i Torggata i Florø, utafor hovudinngangen til Sparebanken Sogn og Fjordane. Kvart anker har legg (lengde) på 2,3 meter. Fundamentet er laga av rullesteinar frå Berle på Bremangerlandet.

Skipsankera i Torggata i Florø, utafor hovudinngangen til Sparebanken Sogn og Fjordane. Kvart anker har legg (lengde) på 2,3 meter. Fundamentet er laga av rullesteinar frå Berle på Bremangerlandet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2019

Fotograf: Hermund Kleppa

Russisk skonnert

Frå kneståande stilling kan ein å lesa:

«Skonnerten «IOHANN PREDTECH av Russland forliste 04/11 1886, søraust av Likkje [Litle] Batalden, vest av Florø. Sparebanken Flora Bremanger i samarbeid med Florø Dykkerklubb fann i 1985 2 stk stokkanker på forlisstaden. Ankera vart heva og sett opp i samband med opninga av nybygget til Sparebanken [1985].

Hm, interessant! Den som er nysgjerrig på meir om den russiske skonnerten og forliset hausten 1886, har fleire stader å gå, til aviser og bøker.

Lite å finna i aviser

Florø-avisa Nordre Bergenhus Amtstidene kom på denne tida ut ein gong i veka, Torsdag, 11. november stod følgjande notis om forliset:

En russisk Bark [sic], der var paa Reise fra Hammerfest til St. Petersburg, grundstøtte og sank forrige Uge ved Lille Batalden. Dens Ladning bestod af Fiskevarer. Besetningen blev reddet og indkom till Florø Lørdag Aften. For senere pr. Dampskib at reise til sine respektive Hjem.

Det var alt. Nokre andre aviser melde om forliset med NBA som kjelde. Dessutan hadde fleire bergen-aviser ei tid etter annonser om auksjon av vrakgods, «Inventariesager tilhørende den ved Batalden sunkne russiske Tremasterskonnert «Johann Peterscha»» Auksjonen vart halden i Bergen, måndag 29. november.

Mykje i bok om Batalden – Forlis og utvandring

Kva så med bøker? I Trond Strømgren si bok Forlis og utvandring, i serien Vestnorsk kystkultur – øysamfunnet Batalden (2008) kan interesserte få heile historia bak skipsankera ved Sparebanken. Det står utførleg om alt som skjedde hausten 1886, og om korleis det bar til at ankera blei tekne opp og sette på «utstilling» ved Sparebanken sitt bygg.

Namnet JOHANN PRETECH, i auksjonsannonsen (over) skrive JOHANN PETERSCHA, tyder Johannes Døyparen. Skonnerten var i ferd med å søkja naudhamn, men kom for nær land og grunnstøytte. Mannskapet berga seg i land, og etter eit par døgn sokk havaristen ned på djupare vatn. Det vart halde sjørett i Florø. Då Sjøretten var på synfaring, låg vraket såpass djupt at skip og last blei kondemnert.

Staden der skonnerten forliste gjekk ikkje i gløymeboka. Det hende lokale fiskarar fekk opp vrakgods, og med tida laga det seg nytt stadnamn – Skipet. Og det var ved Skipet at Prosjekt skipsanker ved Sparebanken starta våren 1985, med banksjef i dåverande Flora-Bremanger Sparebank, Norvald Nydal, og Florø froskemannsklubb som aktørar. Dei to ankera blei heiste opp av frakta til lands av ringnotbåten «Rindenes». Etter kraftig høgtrykkspyling og eit halvt år i ferskvatn inne i Haukåa for å vaska bort alt havsalt, fekk ankera plassen sin ved Sparebankbygget.

Stokkanker

Tekstplata nemner ankera som stokkanker. Anker har ulik utforming. Stokkankeret vert gjerne nemnt som tradisjonelt anker. Namnet kjem av at stokkankeret er utstyrt med ein stokk, av tre eller jern, festa på tvers av leggen. I enden av ankeret, ved stokken, er festa ein ring, ankerring, til feste for ankerkjetting. Armen, i røynda to armar, går ut frå enden av leggen, frå krysset eller hjartet. Armen går ut i ein spiss, nebb, og kvar arm har ei trekanta plate, flik. Ankera ved Sparebanken Sogn og Fjordane i Florø er typiske stokkanker.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nordre Bergenhus Amtstidende 11.11.1886


Bergens Tidende 24.11.1886


Strømgren, Trond: Forlis og utvandring. Vestnorsk kystkultur – øysamfunnet Batalden. Bind 2 B. 2008.


Kleppa, Hermund: Anker på Værlandet – minne om skipsforlis


Kleppa, Hermund: Skipsanker på «utstilling» i Kalvåg


Allkunne: Bankar og trygdelag i Flora kommune


Wikipedia: Anker

PERMANENT IDENTIFIKATOR