Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 23. mars 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Skipsanker på «utstilling» i Kalvåg



«Du må vera meir enn vanleg interessert i detta ankeret, du -» Orda kom frå ein mann i Kalvåg. Han kom framom då me heldt på å ta mål. «Ja, eg har lurt på kva det er for slags anker, og spurt meg litt føre.»

Skipsankeret i Buvikja i Kalvåg.

Skipsankeret i Buvikja i Kalvåg.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2015

Fotograf: Hermund Kleppa

Maritime ting på stas

 I Kalvåg går det ei gate frå Amtskaia ytst i vågen til Buvikja lengst inne. På begge sider står det tett i tett med fleire slags hus. Attmed eit bustadhus litt innafor Amtskaia ser du glaskuler til flåen på fiskegarn. Lenger inne står eit hektoliter-mål med blomster oppi. Og heilt inne, i Buvikja, attmed den opne plassen ved dei nye bustadhusa der, legg du merke til eit stort anker, eit «kjempestort» anker, vil ungar seia.

 

Stokkanker

Anker har ulik utforming. Stokkankeret vert gjerne nemnt som tradisjonelt anker. Namnet kjem av at stokkankeret er utstyrt med ein stokk, av tre eller jern, festa på tvers av leggen. I enden av ankeret, ved stokken, er festa ein ring, ankerring, til feste for ankerkjetting. Armen, i røynda to armar, går ut frå enden av leggen, frå krysset eller hjartet. Armen går ut i ein spiss, nebb, og kvar arm har ei trekanta plate, flik. Ankeret i Buvikja er eit typisk stokkanker.
 Teikning av anker

Kalvåg-ankeret

 - viser godt i «landskapet». Leggen er halden oppe av eit 3-4 meter langt trestykke, som ser ut til å vera frå eldgammalt skipsmaterial, men ikkje frå den originale stokken, det er trestykket for langt til. Ankeret er rusta og rustbrunt. Somme stader, særleg ved ankerringen, ser ein restar etter avleiring på sjøbotn; skjell, sand/leire, og ein taustump. Det «fortel» at ankeret må ha lenge lenge på havsens botn, og at det ikkje har blitt finpussa etter at det kom på land. Ankeret er staffert med kjetting av nyare dato og blomsterplanting.

 Leggen har tilnærma kvadratisk tverrsnitt med sider ca 12 cm, og er vel 3 meter lang. Ankerringen har ein diameter på ca 60 cm. Armen, eller i røynda to armar, går i bøygd form ut frå krysset eller hjartet. Avstandet frå endane på armen, frå nebb til nebb, er ca 2 meter, og kvar trekant-forma flik har grunnline ca 40 cm og høgd ca 60 cm.

 

Frå Nederland

«Her låg ei stor jekt i mange år, her inne i Buvikja. Kan det vera frå den?». Det kom ein mann bortil oss då me heldt på å ta mål. Me kom i snakk om kvar ankeret kjem frå.

Nei, Kalvåg-ankeret er nok meir langreist enn som så, og må ha tilhøyrt ein monaleg større farkost. Det kjem frå Nederland. Svein Inge Fosse på Knutholmen fekk for fleire år sidan kjennskap til ankeret. Ein nederlender fortalde om eit gammalt skipsanker. Viss Fosse var interessert i å kjøpa det, kunne han ordna det. Svein Inge Fosse var interessert. Han ga 10.000 kroner, og fekk det transportert til Kalvåg som «leileghets-frakt» med eit vogntog (vogntog fraktar fiskeprodukt frå Kalvåg til Kontinentet). Nå er Fosse i gang med å finna ut meir om historia til ankeret.


Anker ved ferjekaia på Værlandet

Eit stykke lenger sør på Sogn og Fjordane-kysten ligg eit anna anker på «utstilling»; nemleg ved ferjekaia på Værlandet. Det er eit mykje mindre anker enn ankeret i Kalvåg. Det høyrde i si tid til Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab sin lastebåt ds «Orm jarl» som forliste i farvatnet like ved. Værlandet-ankeret er sett inn med svart maling, og det er festa ei lita plate med informasjon mynta på folk som lurer på kva slags anker det er:

Ankeret til DS «ORM JARL» som grunnstøtte og forliste ved Alden i 1919

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munnleg informasjon frå: Svein Inge Fosse, Bremanger.


Wikipedia: anker

PERMANENT IDENTIFIKATOR