Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bergheim i Feios



Bergheim er fremste garden i Åfetdalen i Feios. På garden er det mange gamle hus, og kornbrotet har ein særmerkt byggjemåte.

Tunet på Bergheim. Tunet er plassert slik at det ikkje gjekk med produktiv eng. På Bergheim er det mange gamle hus, og kornbrotet som heilt til høgre har ein interessant byggjemåte.

Tunet på Bergheim. Tunet er plassert slik at det ikkje gjekk med produktiv eng. På Bergheim er det mange gamle hus, og kornbrotet som heilt til høgre har ein interessant byggjemåte.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-99139.0001

Datering: 1970-80.

Fotograf: Harald Bergum.

Om garden

Namnet Bergheim er samansett av orda berg og heim. Heim er ein vanleg etterlekk i stadnamn. Dei fleste heimgardane reknar ein er frå om lag Kristi fødsel til om lag år 1000 e. Kr.
Det er rimeleg å tru at Bergheim vart utskilt frå nabogarden Åfet, som tidleg vart delt i fleire bruk. I matrikkelen i 1667 er landskylda i Åfet sett til 5.5 laup. Dei hausta 50 tønner korn og fødde 63 naut og 5 hestar. For Bergheim er tala 1 laup, 10 tønner korn, 9 naut og 1 hest.

Tunplassering

Garden er sørvendt og var ein god korngard i si tid. Tunet på garden er plassert på eit bergsva som hallar mot aust. I samsvar med gamal byggeskikk der jordvern var viktig, var husa plasserte på uproduktiv mark. Våningshus, fjøs og nyløa er bygde i tidsrommet 1913-1920, dei andre gardshusa er svært gamle.

Kornbrotet

Mest spesielt er kornbrotet, med ein eigenarta byggjemåte. Kornbrotet er tømra, og tømmeret er til dels lauvtrestokkar som er stopla oppå kvarandre og haldne saman med doble opplengjer. Desse opplengjene er plasserte parvis ved opningar og fordelte over veggflata slik at dei held tømmerveggen saman. Opplengjene er tredd gjennom "samhaldsstykke" ovanfrå og pressa mot stokkane med trekilar. Opplengjene er for det meste av ask. Konstruksjonen har halde seg utruleg godt gjennom åra, men i 1996 måtte vestveggen vølast. Kornbrotet kan vera bygt så tidleg som på 1600-talet. Bygt innåt kornbrotet er sauehus og stall, der døra i stallen er svært låg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bøthun, Per H: Leikanger Bygdebok, bind I. Leikanger 1965.
Munnleg informasjon frå:
Hildur Bergum, f. 1930, Leikanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR