Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Postvegen over Steinsåsen og Seltåsen



"Den bortgløymde vegen" vart han kalla, ridevegen oppunder urane i Steinsåsen. I 1990-åra dukka han etter kvart opp att, etter år i historisk gløymsel. No er vegen rydda og merka, men enno lite kjent. Me veit ikkje når han vart bygd, men han var i bruk som postveg fram til 1790-åra, då kongevegen over Galdane vart bygd. Kongevegen var utsett for skred og iskjøv. Kaptein Finne bygde ny veg over Steinsåsen og Seltåsen i 1845-47.

"Gallerne En Farlig Vey under Filefjeld" er den originale teksten til denne illustrasjonen frå 1752. Pontoppidan skriv om berghammaren som heng utover og grovsteinura under. Teiknaren M. Blumenthal, eller den som teikna skissene, har sete på Gjerdegalden, på andre sida av elva og teikna hovudmotivet. Elva renn "inn" i biletet. Elles er fleire kjennelege motiv plassert tåleg bra geografisk i det gamle koparstikket.

"Gallerne En Farlig Vey under Filefjeld" er den originale teksten til denne illustrasjonen frå 1752. Pontoppidan skriv om berghammaren som heng utover og grovsteinura under. Teiknaren M. Blumenthal, eller den som teikna skissene, har sete på Gjerdegalden, på andre sida av elva og teikna hovudmotivet. Elva renn "inn" i biletet. Elles er fleire kjennelege motiv plassert tåleg bra geografisk i det gamle koparstikket.

Eigar: I Norges Naturlige Historie.

Datering: 1749-1752.

Fotograf: M. Blumenthal (kunstnar).

Biskop Erik Pontoppidan

Bergensbiskopen Erik Pontoppidan reiste gjennom Lærdal i 1749. Som den allsidige personen han var, laga han notatar og skisser av interessante ting under vegs. Difor har me både tekst og bilete til postvegen. I Norges Naturlige Historie skriv han om store steinskred:
"Fodspor af saadan Berg-Rap seer man blant andet allerkiendeligst ved Steene-Broe i Lærdalen, paa de saakaldede Gallere. Der sees, at det steile Field ved siden har tabt et løsreven Stykke, større end det største Slot i Verden. Dets Stykker, nogle saa store som Huse, andre minder, men alle saa kantede, som det kunde være sønderslagen Glas, ligge der i Millioners Tal, og give Elven en brusende Fart, i det den trænger sig igjennem disse ruinas horrendas, over hvilke meget møisommelig er practiseret en Vey saa vanskelig, som nogensteds i Verden".

Rodeinndeling

I rodepapir frå 1767 er opplista gardane som hadde pliktarbeid på postvegen: "Rode 6: Fra Seelte til Seeltaasen ere Opsiderne af Øye, Mielde, Schier, Hundøren og Hauge.
Rode 7: Fra Seeltaasen til Steene henhører Opsiderne af Seelte, Søre Biørchum, Honje, Moe, Raae, Richum og alle 3 Bøe Gaarderne.
Rode 8: Fra Steene og Øvre Ødegaarden arbeider Aardahls Skibsredes Almue".

Kaptein Jürgensen sitt kart

Kaptein Wilhelm Jürgensen laga kart over Lærdal og over den planlagde kongevegen over til Valdres. Han har òg teikna inn postvegen over Seltåsen og Steinsåsen. Kartet viser også at Sverrestigen var hovudveg på den tida. Dei to vegane er lagt på same måte i terrenget, der det var lettast å koma fram.

Anleggsveg 1845-47

Kaptein Henrik Christian Finne (1762-1870) bygde veg over same åsane 1845-47 "paa den Side af Elven hvor den har ligget tilforn", skriv han.
Kaptein Finne sin veg er best kjent som Gamle Seltåsvegen. Postvegen har mange merke etter anleggstida. Det skulle mykje stein til alle murane. Ein god del henta han frå fjellfoten og drog det fram på postvegen. Til tider var 300 mann i arbeid. Dei trong overnatting og ein del rydda seg plass i holer og hellerar. To "anleggsleirar" og ein del enkle hellerar er å finne i Steinsåsen.

Turvegar

Kaptein Finne sin veg, god kjerreveg, ligg grasgrodd og vakker på høge murar. Postvegen smyg seg fram i furuskogen med mange merker etter gammal historie. I sumarhalvåret står det skilt som fortel historia til vegane. Med utgangspunkt i rasteplassen i Koren, ca 1 km opp for Seltun, er det ein fin rundtur å gå opp til Steine på kaptein Finne sin veg og postvegen nedatt, ein passeleg ettermiddagstur.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Pontoppidan, Erik: Norges Naturlige Historie 1752-53, Nytrykk 1977.
Barstad, H.J.: Leirdølenes Saga. 1901.
Jansen, Halvard: Framvoksteren av tettstaden Lærdalsøyri 1801-1865. Hovudfagsoppgave i historie 1979.
Statens Vegvesen: Frå kongeveg til stamveg. Jubileumshefte 1993.
Vegkontoret i Sogn og Fjordane:
Dokument: Rodernes Indeling fra Leyrdalsøren til Maristuen. Baade Vejen og Broe Arbejde, 1767.

PERMANENT IDENTIFIKATOR