Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. november 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Om Bøyabreen



Jostedalsbreen har vel tjue brearmar som strekkjer seg nedover i dalføre. Bøyabreen i Fjærland er den flest folk ser; frå bilvindauga i full fart på veg mot Fjærlands-tunellen eller som attraksjon og reisemål. Breen er delt i to; ein liten del ligg heilt nede i dalbotn. Det står litt om Bøyabreen fleire stader; i bøker og aviser, i arkiv og på nett. Denne artikkelen presenterer noko om Bøyabreen frå fleire kjelder.

<p>Utsyn mot B&oslash;yabreen fr&aring; vegen mot Fj&aelig;rlandstunellen. Brearmen kjem ned mellom Almenipa p&aring; vestsida (venstre) og Skeidesnipa p&aring; austsida. B&oslash;yabreen gjekk tidlegare samanhengande ned i dalen, delte seg s&aring; i to, med ein s&aring;kalla sekund&aelig;rbre nede under fjellet ved enden av prim&aelig;rbreen. I 2014 er det lite att av breen nede i dalbotnen. </p>

Utsyn mot Bøyabreen frå vegen mot Fjærlandstunellen. Brearmen kjem ned mellom Almenipa på vestsida (venstre) og Skeidesnipa på austsida. Bøyabreen gjekk tidlegare samanhengande ned i dalen, delte seg så i to, med ein såkalla sekundærbre nede under fjellet ved enden av primærbreen. I 2014 er det lite att av breen nede i dalbotnen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2014

Fotograf: Hermund Kleppa

Endrar seg

Isbreane «lever» på den måten at ismengda ikkje er konstant. Dei legg på seg og minkar, går fram og trekkjer seg tilbake i høve til vêr og klima; nedbør som snø om vinteren og avsmelting i sommarhalvåret. Midt på 1800-talet låg Bøyabreen over ein kilometer nedover i dalen. Norsk Bremuseum har faktiske opplysningar om Bøyabreen etter sommaren 2014. Målingane på Bøyabreen vart gjort på den «regenererte breen», det vil seia breen nede i dalbotnen som er danna av isras og snøskred frå breen og fjellet over.

«Dei regenererte breane kan (…) variere ein del alt etter kor rasa legg seg. I år [2014] har det vore observert liten rasaktivitet slik at dei regenererte breane ikkje har lagt på seg noko særleg. I tillegg har smeltesesongen vore varmare enn normalt og dei [Bøyabreen og Supphellebreen] ligg ikkje særleg høgt over havet; Bøyabreen 150 m.o.h. og Store Supphellebreen 60 m.o.h. Resultatet er at dei minkar, særleg Bøyabreen med 65 m (…).»
(innrykk slutt)
 

«som eit brebarometer»

Nettsida Sognefjord legg vekt på å observera reisemål Bøyabreen med eigne auge: «Bøyabreen snakkar til deg heile tida.»

«Han fortel korleis breen har det. Veks han eller minkar han? Her er det lett å følgje med fordi signala er så lette å få auga på. Bøyabreen er som eit brebarometer for gud og kvarmann som reiser forbi. Tek du deg tid til å lære om breen på Bremuseet før du dreg opp dit, vil du forstå meir og sjå fleire av signala som breen sender når han talar til deg.»

«har det laga seg eit nytt vatn»

Korleis var det før, for mange år sidan, kring 1935? Det står det noko om i Sogns Avis, 21. august 1947. «Bøyabreden (…) har slept sitt tak i dalbotnen», står som overskrift, og at isbreen «let etter seg eit stort vatn», og at «skogen veks kraftig der breden låg.» Her følgjer meir frå avisartikkelen:

«Det er ein kjennsgjerning at isbredane minkar i heile landet. Denne prosessen tok til for nokså mange år sidan [kring 1880], men det er fyrst dei siste 10-12 åri [1935-1947] det har skote serleg god fart.

Jostedalsbreden med sine vidkjende armar, Bøyabreden og Supphellebreden ned i Fjærlandsdalen gjer ikkje noko undantak i denne forsvinningsprosessen. Bøyabreden som for 10-12 år sidan låg tjukk og mektig ned i dalbotnen er no so å seia vekke. Det vesle som ligg attklemt inn til fjellsida i trongaste botnen, kan ikkje lenger kallast brede, det er berre ein isklump. Det heng att noko av storebreden nedover fjellsida framleis, men hist og her stikk bergnabbabe fram og med den farten det har gått siste åri, kan det ikkje vara so lenge før alt er vekke heilt opp til breden.

På den staden som Bøyabreden fyrr låg i dalbotnen har det no laga seg eit heller stort vatn – eit nytt bilete i landets topografi. Og etter heile dalbotnen rundt vatnet ligg store grusflater med morenehaugar strødd utover (…)

Det er med undring og vyrdnad for naturen sitt skaparverk me står her ein kveld ved solnedgang og ser på korleis nytt landskap vert til. Det er på denne måten mykje av landet vårt er skapt gjenom tidene. Og midt inne i skogen ligg det eit blenkjande vatn. Om ikkje so mange år vert det tjukk skog her som breden låg. (…)»

«besteget» første gang i 1908

Å ta seg fram på isbre er ein krevjande aktivitet. Særleg utfordrande er det å gå brearmane. Dei er fulle med bresprekker. Di brattare brelandskapet er, di verre er det å ta seg fram. I si tid, når breen låg samanhengjande ned i dalbotn, vart Bøyabreen rekna som ein av «Jostedalsbræens vildeste eg mest sønderskaarne Jøkler [brearmar].» Den 28. juli 1908 melde Sogningen at «Bøiumsbræen var besteget for første Gang.» Det var ei bragd. Bøyabreen hadde tidlegare vore «anseet som Ubestigelig» Tre menn hadde nådd målet på vel 1700 moh; den kjende reiselivsmannen Kristian Bing frå Bergen, «dr.» Hoffmann frå Leipzig og den lokale breføraren Rasmus Aabrække frå Loen. Dei brukte 19 ½ time, men då var medrekna ein pause på 4 ½ time «høit oppe i Isen».

Fleire morener nedover dalen

Når breane veks, skuvar dei føre seg lausmasse; grus og stein. Når isbreane trekkjer seg tilbake, vert massane liggjande som morenar; sidemorenar, midtmorenar og endemorenar. Topografisk – statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt, frå år 1901, har mange opplysningar om «Bøjabræen». Forfattaren, Amund Helland, reknar opp sju endemorenar nedover dalen;den siste «2600 m.» frå «bræenden» ned i «Bøjadalen.»

Breporten: «Stopp - Fare» - Danger»

Brevasshytta med servering og suvenirar har godt utsyn til Bøyabreen. Sommaren 2014 hadde Sogn Avis oppslag om turistar som gjekk heilt fram til breporten, opninga der smeltevatnet renn ut. Det fell ofte isstykke ned frå breportane. «– Det er heilt forferdeleg, vi berre ventar på den dagen det går skikkeleg gale. Vi ser dagleg at det er folk som tek seg heilt inn i området under breen, seier Gerd Bøyum, dagleg leiar ved Brevasshytta.» Dagen før hadde ein tysk familie fare heilt fram til breopninga, fordi dei ikkje såg varselskilt.

Sommaren 1879 var kong Oscar II ved breporten. Då kunne det ha gått verkeleg gale, om ikkje «Gamle Vårstølen» (Aamund Vårstølen) hadde gripe inn. Gudrun Dahle har fortalt om korleis det bar til:

«Kongsfylgjet gjekk til fots frå Skeids-(heime)stølen, so dei kom fram til breen på Skeids-sida. Då kongen ville gå inn i hilleren (grotta) der breelvi kom ut, rykte Gamle Vårstølen han attende, for han visste kor fårleg det var å gå inn under isen. Litt etter kom eit stort stykke av isen dettande der kongen hadde stade. "Dette skulde vel jeg havt," sa kongen då.»

På frimerke

År 2013 gav Posten ut fem turistfrimerke. «Aktiv ferie» stod som stikkord for motiva, «fra breklatring for de tøff» til tur opp på Gaustatoppen for «vanlige mosjonister.» Bøyabreen er motiv på isbre-frimerket, men frimerket fristar med ein meir «spennande» sekundærbre enn breen år 2014. Det er berre så vidt brren har delt seg i to, og det flyt svære isfjell i det grunne brevatnet.

Sjå etter krossmerke!

I 1899 tok Bergens Museum til med å måla opp og merka brefrontar. Ved Bøyabreen hogg John Bernhard Rekstad inn krossar i store steinar ved enden. Det har vore uråd å påvisa krossane, sjølv om folk frå Norsk Bremuseum har saumfare fleire steinar. Bremuseet trur forklaringa er at steinane framfor brefronten i 1899 ikkje ligg i same posisjon år 2014. I åra 1899 – 1904 trekte breen seg tilbake, men gjekk deretter fram til år 1910 og nådde då lenger fram enn 1899. Mykje truleg skuva breen kross-steinane føre seg og snudde og vende på dei. Men det ligg mange store steinblokker i 1899-1910-området i Bøyadalen, og museet oppfordrar interesserte til å gå på «skattejakt».

 

kjelder:

Helland, Amund: Topografisk – statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus amt, del 1, 1901.
Sogns Avis, 21.08.1947
Sogningen, 28.07.1908
 

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-87001 Mundal Hotell
Opplysningar i epost frå Norsk Bremuseum 2014

PERMANENT IDENTIFIKATOR